Queen

Queen er eit britisk rockeband som vart skipa i London i 1970.

Den klassiske besetninga deira var Freddie Mercury (solovokal, piano), Brian May (sologitar, vokal), Roger Taylor (trommer, vokal) og John Deacon (bassgitar). Dei tidlegaste verka til Queen var inspirert av progressiv rock, hardrock og heavy metal, men bandet glei gradvis meir mot konvensjonell og radiovennleg musikk utover i karrieren med til dømes arenarock og poprock.

Queen
Queen
Øvst: Brian May, Freddie Mercury
Nedst: John Deacon, Roger Taylor
OpphavLondon i England
Aktiv1970 til i dag
SjangerRock
Tilknytte artistar
  • Smile
  • The Cross
  • Queen + Paul Rodgers
  • Queen + Adam Lambert
Plateselskap
MedlemmerBrian May
Roger Taylor
Tidlegare medlemmerFreddie Mercury
John Deacon
PrisarRock and Roll Hall of Fame, Songwriters Hall of Fame, Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Før dei danna Queen, spelte Brian May og Roger Taylor i lag i eit band kalla Smile. Freddie Mercury (då kjend under fødenamnet Farrokh «Freddie» Bulsara) var fan av Smile og oppfordra dei til å eksperimentere meir på scenen og i studio. Mercury vart med i bandet i 1970 og føreslo Queen som nytt namn på bandet, og byrja å bruke det kjende scenenamnet sitt. John Deacon vart med i bandet før innspelinga av debutalbumet Queen i 1973. Queen gjekk først inn på albumlista i Storbritannia med det andre albumet sitt, Queen II, i 1974, men det var utgjevinga av Sheer Heart Attack året etter og A Night at the Opera i 1975 som gav dei internasjonal suksess. Det sistnemnde albumet inneheld «Bohemian Rhapsody», som låg på toppen av singellista i Storbritannia i ni veker og populariserte musikkvideoen. Albumet News of the World inneheld «We Will Rock You» og «We Are the Champions», som har blitt mykje nytta under idrettsarrangement. Tidleg i 1980-åra var Queen blitt eit av dei største stadionrockbanda i verda. Konserten deira i 1985 under Live Aid vert rekna som ein av dei største augneblikka i rockehistoria av fleire musikkmagasin, og ei kåring blant musikkjournalistar i 2005 . I 1991 døydde Mercury av bronkopneumoni som følgje av AIDS, og Deacon trekte seg frå bandet i 1997. Sidan den gong har May og Taylor stundom spelt i lag, mellom anna med Paul Rodgers (2004–09) og med Adam Lambert (sidan 2011). I november 2014 gav Queen ut eit nytt album, Queen Forever, med vokal frå den avdøde Mercury.

Det er estimert at det samla platesalet deira er ein stad mellom 150 og 300 millionar plater, noko som gjer dei til ein av dei bestseljande artistane nokon gong. Queen vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001.

Historie

1968–74: Tidlege dagar

I 1968 starta gitaristen Brian May, som då studerte ved Imperial College i London, og bassisten Tim Staffell eit band. May sette opp ei annonse på ei tavle på skulen etter ein «Mitch Mitchell/Ginger Baker-aktig» trommeslagar. Roger Taylor, ein ung tannlegestudent, prøvespelte og fekk jobben. Gruppa kalla seg Smile.

Tim Staffell gjekk på Ealing Art College og vart der vener med Farrokh Bulsara, som hadde byrja å bruke det engelske namnet Freddie. Bulsara følte at han og bandet hadde same smak og han vart raskt ein stor fan av Smile. I 1970, då Staffell slutta for å bli med i bandet Humpy Bong, endra dei attverande medlemmane i Smile namnet til Queen, etter oppfordring frå Bulsara, og spelte den første konserten sin den 18. juli. Bandet hadde fleire bassistar i denne tida, men ingen av dei hadde god kjemi med resten av bandet. Det var først i februar 1971 dei slo seg til ro med John Deacon og byrja å øve til det første albumet sitt. Dei spelte inn fire av sine eigne songar, «Liar», «Keep Yourself Alive», «The Night Comes Down» og «Jesus», for eit demolydband, men ingen plateselskap var interesserte. Det var òg på denne tida at Freddie endra etternamnet sitt til «Mercury», inspirert av linja «Mother Mercury, look what they've done to me» i songen «My Fairy King». Den 2. juli 1971 spelte Queen den første konserten sin med den klassiske besetninga med Mercury, May, Taylor og Deacon ved Surrey college utafor London.

Mercury hadde gått på kunstskule og designa logoen til Queen, kalla Queen-våpenskjoldet, kort tid før dei gav ut det første albumet. Logoen kombinerer stjerneteikna til dei fire medlemmane: to løver (Deacon og Taylor), ein kreps (May), og to alvar (etter jomfrua) (Mercury). Løvene tar kring ein stilisert Q-bokstav, krepsen kviler på toppen av bokstaven med flammer like over, og alvane skjuler seg under løvene. Det ligg òg ei krone inne i Q-en og heile logoen ligg i skuggen av ein enorm føniks. Heile symbolet minnar om det britiske riksvåpenet. Den originale logoen, som finst på baksida av omslaget til den første plata, var ei enkel strekteikning, men meir intrikate fargeversjonar vart nytta på seinare omslag.

Queen 
Roy Thomas Baker produserte dei fire første albuma til Queen og Jazz.

I 1972 gjekk Queen inn i diskusjonar med Trident Studios etter å ha blitt sett ved De La Lane Studios av John Anthony og etter forhandlingar fekk dei ein managementavtale med Norman Sheffield under Neptune Productions, ei avdeling under Trident som var manager for bandet og hjelpte dei til å bruke anlegga i Trident til å spele inn nytt materiale, medan managementet kunne leite etter ein platekontrakt for Queen. Dette passa bra for begge partar, sidan Trident ønskte å gå inn i managerverksemd og Queen fekk høve til å bruke det høgteknologiske studioet, som dei delte med band som the Beatles og Elton John. Trident hadde derimot vanskar med å finne eit selskap for eit band som hadde eit namn med slike konnotasjonar tidleg i 1970-åra.

I juli 1973 gav Queen omsider ut debutalbumet med same namn som bandet med ein avtale med Trident/EMI. Albumet var inspirert av heavy metal- og den progressive rocken på den tida. Albumet fekk god kritikk. Gordon Fletcher frå Rolling Stone sa «debutalbumet deira er supert», og Daily Herald i Chicago kalla det «ein over middels debut». Det fekk lite merksemd hos ålmenta, og den første singelen, «Keep Yourself Alive», skriven av Brian May, selde dårleg. Seinare er «Keep Yourself Alive» trekt fram som høgdepunktet på albumet, og i 2008 rangerte magasinet Rolling Stone songen på 31. plassen på lista si over dei 100 beste gitarlåtane gjennom tidene og skreiv «riff nok til eit heilt album pressa inn i ein enkel song». Albumet selde til gullplate i Storbritannia og USA.

Det andre albumet til gruppa, Queen II, kom ut i 1974 og på omslaget er det ikonisk bilete av bandet teken av rockefotografen Mick Rock. Biletet vart nytta som grunnlaget for musikkvideoen til «Bohemian Rhapsody» i 1975. Albumet nådde femteplassen på den britiske albumlsita og vart det første Queen-albumet som gjekk inn på denne lista. Freddie Mercury-songen «Seven Seas of Rhye» vart den første singelen frå albumet, og nådde tiandeplassen på den britiske singellista, og bandet fekk den første hitten sin. Albumet er det første verkeleg testamentet på det særeigne lagdelte lydbiletet til bandet, med lange, komplekse instrumentalparti, tekstar med fantasy-tema og virtuos framføring. Utanom den einaste singelen inneheld albumet òg songen «The March of the Black Queen», ein seks minuttar episk song utan refreng. Daily Vault skildra denne songen som «truande». Kritikarane var usamde. Winnipeg Free Press, som hadde hylla debutalbumet, skreiv at Queen II var «eit overprodusert monstrum». Allmusic har skildra albumet som ein favoritt blant den harde kjernen av Queen-fansen, og det er det første av tre Queen-album som er oppført i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, 1001 album du må høyre før du døyr.

1974–76: Sheer Heart Attack til A Night at the Opera

Etter bandet hadde spelt seks konsertar i Uris Theatre i New York i mai 1974, kollapsa Brian May og vart diagnostisert med hepatitt. Medan May kom til hektene att, byrja bandet å arbeide på det tredje albumet, utan May, men han kom attende midtvegs i innspelingsprosessen. Sheer Heart Attack kom ut i 1974 og nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia, selde godt i heile Europa og selde til gullplate i USA. Det gav bandet den første smaken på verkeleg internasjonal suksess, og vart ein hit på begge sider av Atlanteren. Albumet eksperimenterte med fleire musikksjangrar, som britisk varieté, heavy metal, balladar, ragtime og karibisk musikk. Queen byrja no å flytte seg bort frå dei progressive tendensane frå dei to første albuma til ein meir radiovennleg, song-orientert stil. Sheer Heart Attack introduserte ein ny stil og melodimønster som kom til å bli omdefinert på det neste albumet deira, A Night at the Opera.

Singelen «Killer Queen» frå Sheer Heart Attack nådde andreplassen på den britiske singellista, og vart den første hitten deira i USA, med ein 12. plass på Billboard Hot 100. Han kombinerer det sære, vaudeville og britisk varieté med gitarvirtuositeten til May. Den andre singelen frå albumet, «Now I'm Here», ein meir tradisjonell hardrocksong, nådde 11. plassen i Storbritannia, medan den raske rockelåten «Stone Cold Crazy» med dei kjappe riffa til May var ein føregangar til speed metal. I nyare år har albumet blitt hylla i mange musikkmagasin: I 2006 rangerte Classic Rock albumet på 28. plassen på lista si over dei 100 beste britiske rockealbuma gjennom tidene, og i 2007 rangerte Mojo songen på 88. plassen på lista si over 100 plater som endra verda. Albumet er også det andre av tre Queen-album som er oppført i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

I 1975 drog bandet ut på ein verdsturné med kostyme skapt av Zandra Rhodes og store mengder lys og effektar. Dei turnerte som hovudband i USA og spelte i Canada for første gongen. I september, etter eit bittert brot med Trident, forhandla bandet seg ut av kontrakten med Trident Studios og søkte etter eit nytt management. Eit av tilboda dei vurderte kom frå manageren til Led Zeppelin, Peter Grant. Grant ønskte å signere dei til Led Zeppelin sitt eige produksjonsselskap, Swan Song Records. Bandet meinte kontrakten var uakseptabel og kontakta i staden manageren til Elton John, John Reid, som aksepterte stillinga.

Seint i 1975 spelte Queen inn og gav ut A Night at the Opera, og henta namnet frå ein populær film av Marx Brothers. På den tida var dette det dyraste albumet som nokon gong var produsert. Som føregangaren, bestod musikken på albumet av fleire forskjellige stilartar og eksperimentering med stereolyd. På «The Prophet's Song», ein åtte minuttar lang episk song, er den midtre delen ein kanon, med enkle frasar lagt oppå kvarandre til dei skapar ein full kor-lyd. Mercury-balladen «Love of My Life» vart spelt inn med harpe og fleire lag med vokalharmoniar. Albumet vart ein særs stor suksess i Storbritannia, og selde til tredobbelt platina i USA. Britane stemnde albumet fram til det 13. beste albumet gjennom tidene i ei undersøking på Channel 4 i 2004. Det har òg blitt rangert høgt i internasjonale undersøkingar. I ei verdsomfattande undersøking av Guinness, vart det stemnt fram til det 19. beste gjennom tidene, medan det i ei undersøking på ABC i Australia hamna på 28. plass. A Night at the Opera er ofte å sjå på lister over beste album, mellom anna hamna det på 16. plass på lista til magasinet Q over dei 50 beste britiske albuma gjennom tidene i 2004, og 11. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma gjennom tidene. I 2003 hamna det på 230. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. A Night at the Opera er det tredje og siste Queen-albumet som er oppført i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Albumet inneheld hitsingelen «Bohemian Rhapsody», som låg på toppen av den britiske singellista i ni veker. Den nære venen og rådgjevaren til Mercury, radioprogramleiaren Kenny Everett i Capital London, spelte ei viktig rolle i å få singelen ut til folket. Det er den tredje mestselde singelen i Storbritannia gjennom tidene, berre forbigått av Band Aid sin «Do They Know It's Christmas?» og Elton John sin «Candle in the Wind 1997». Singelen nådde niandeplassen på singellista i USA då han kom ut, men etter ei nyutgjeving i 1992 klatra han heilt til andreplassen på Billboard Hot 100. Han er den einaste singelen som har seld ein million eksemplar ved to forskjellige høve, og låg på førsteplass i Storbritannia i juleveka to forskjellige år, den einaste singelen som har klart det. «Bohemian Rhapsody» har fleire gonger blitt kåra til den beste songen gjennom tidene. Bandet valde å lage ein video for å marknadsføre singelen, og hyrte inn Trilion, eit underselskap av det tidlegare management-selskapet deira Trident Studios, som nytta ny teknologi for å skape videoen. Resultatet vert generelt rekna for å vere den første «verkelege» musikkvideoen som nokon gong er laga, og var med på å popularisere mediet. Det er sagt at Mercury skreiv den første songen på albumet, «Death on Two Legs», om Norman Sheffield og det tidlegare managementet i Trident som var med på å gjere videoen så populær. Sjølv om andre band, som the Beatles, hadde laga korte marknadsføringsfilmar eller videoar av songar før dette, vart desse laga for å sendast på eit spesifikt TV-show. Om innverknaden til «Bohemian Rhapsody» skriv Rolling Stone: «Ein kan ikkje overdrive påverknaden der dei praktisk talt fann opp musikkvideoen sju år før MTV kom på lufta.» Den andre singelen frå albumet, «You're My Best Friend», den andre songen skriven av John Deacon, og den første singelen hans, nådde sekstandeplassen i USA og nådde topp ti i mange land i verda. A Night at the Opera-turneen byrja i november 1975 med konsertar i Europa, USA, Japan og Australia.

1976–79: A Day at the Races til Live Killers

I 1976 var Queen attende i studio for å spele inn A Day at the Races, som ofte vert rekna som ein oppfølgjar til A Night at the Opera. Igjen er tittelen henta frå ein film av Marx Brothers, og omslaget liknar på omslaget til A Night at the Opera, ein variasjon av det same Queen-våpenskjoldet. Den mest framtredande av Marx-brørne, Groucho Marx, inviterte Queen heim til seg i Los Angeles i mars 1977. Der takka bandet han personleg og framførte «'39» acappella. Musikalsk var A Day at the Races eit sterkt album, både hos fansen og kritikarane, og det nådde toppen av albumlistene i Storbritannia og Japan, og femteplassen i USA. Den største hitten på albumet var «Somebody to Love», ein gospel-inspirert song der Mercury, May og Taylor sine stemmer er lagt lag på lag for skape eit 100 stemmer stort gospelkor. Songen nådde andreplassen i Storbritannia, og 13. plassen i USA. Albumet inneheld òg ein av dei tyngste songane til bandet, May sin «Tie Your Mother Down», som vart spelt fast på konsertane deira.

I 1976 spelte Queen ein av dei mest kjende konsertane sine, ein gratiskonsert i Hyde Park i London. Konserten vart organisert av entrepenøren Richard Branson og sette publikumsrekord med 150 000 menneske i publikum. Den 1. desember 1976 skulle Queen vere gjester på det tidlege kveldsshowet Today, men dei trekte seg i siste liten, og dei vart erstatta av Sex Pistols, som gav det første intervjuet sitt på TV. Under A Day at the Races-turneen i 1977, heldt Queen utselde konsertar i Madison Square Garden i New York, i februar, og Earls Court i London, i juni.

Det sjette studioalbumet til bandet, News of the World, kom ut i 1977, og selde til fire gonger platina i USA, og to gonger platina i Storbritannia. Albumet inneheld fleire songar som var skreddarsydde for konsertane deira, mellom anna to av dei mest kjende rockesongane, «We Will Rock You» og rockeballaden «We Are the Champions», som begge framleis blir brukt internasjonalt under idrettsarrangement. Sistnemnde nådde fjerdeplassen på singellista i USA. Queen la ut på News of the World-turneen i oktober 1977, og Robert Hilburn frå Los Angeles Times kalla denne konsertturneen «det mest spektakulære bandet hadde hatt til då».

Queen 
Queen i New Haven i Connecticut i november 1977.

I 1978 gav bandet ut Jazz, som nådde andreplassen i Storbritannia og sjetteplassen på Billboard 200 i USA. Albumet inneheld hitsinglane «Fat Bottomed Girls» og «Bicycle Race». Queen leigde Wimbledon Stadium ein dag for å filmen videoen, der 65 nakne, kvinnelege modellar syklar eit sykkelløp.. Albumet blir betre omtalt i nyare år enn då det kom ut. Ein annan kjend song frå Jazz er «Don't Stop Me Now», som er eit anna døme på dei fyldige vokalharmoniane til bandet.

I 1978 turnerte Queen USA og Canada, og det meste av 1979 spelte dei i Europa og Japan. Dei gav ut det første konsertalbumet sitt, Live Killers, i 1979. Det selde til dobbel platinaplate i USA. Queen gav òg ut den særs populære singelen «Crazy Little Thing Called Love», ein rockabilly-inspirert song gjort i same stil som Elvis Presley. Songen nådde topp 10 i mange land, og låg på toppen av den australske singellista i sju veker på rad. Det var den første singelen deira som nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA, der han låg i fire veker. Mercury hadde skrive songen på gitar, og spelte rytmegitar på plata, og framførte òg songen med gitar på scenen, den einaste songen han gjorde dette på. I desember 1979 spelte Queen på opningskvelden ved Concert for the People of Kampuchea i London, etter å ha blitt invitert av Paul McCartney, som organiserte hendinga.

1980–84: The Game til The Works

Queen 
Queen i Drammen under Hot Space-turneen i april 1982.

Queen byrja 80-talskarrieren sin med The Game. Det inneheld singlane «Crazy Little Thing Called Love» og «Another One Bites the Dust», begge nådde toppen av singellista i USA. Etter å ha sett ein Queen-konsert i Los Angeles, føreslo Michael Jackson bak scenen for Mercury at dei burde gje ut «Another One Bites the Dust» som singel, og i oktober 1980 låg han tre veker på toppen av lista. Albumet toppa Billboard 200 i fem veker, og selde over fire millionar eksemplar i USA. Det var første gongen Queen brukte synthesizer på eit album. Fram til no så var alle albuma deira merka med «No Synthesisers!». Dette vart trudd å kome av at bandet var mot synthesizer og eit «pro-hardrock-band», men det vart seinare avslørt av produsenten Roy Thomas Baker at dette var eit forsøk på å avklare at soloane med lag på lag av lyd var skapt av gitarar, og ikkje synthar, sidan dette var noko platesjefar hadde lurt på. I september 1980 heldt Queen tre utselde konsertar i Madison Square Garden. I 1980 gav Queen òg ut filmmusikken dei hadde spelt inn for Flash Gordon. Under American Music Awards i januar 1981, vann «Another One Bites the Dust» prisen for beste pop/rock-singel, og Queen var nominert for beste pop/rock-band, duo eller gruppe.

I februar 1981 reiste Queen til Sør-Amerika som ein del av The Game-turneen, og vart det første store rockebandet som spelte på stadion i Latin-Amerika. Turneen omfatta fem konsertar i Argentina, mellom anna den største enkeltkonserten som var halde i Argentina med eit publikum på 300 000 i Buenos Aires og to konsertar på Morumbi stadion i São Paulo i Brasil, der dei spelte for meir enn 131 000 menneske den første kvelden (det då største betalande publikum for eit enkelt band i verda) og meir enn 120 000 menneske kvelden etter. I oktober same året spelte Queen for meir enn 150 000 menneske den 9. oktober i Monterrey (Estadio Universitario) og 17. og 18. oktober i Puebla (Estadio Zaragoza) i Mexico. Den 24. og 25. november heldt Queen to utselde konsertar på Montreal Forum i Quebec i Canada. Ein av dei mest kjende framføringane til Mercury frå The Game var det siste sporet, «Save Me», i Montreal, og konserten vart spelet inn som konsertalbumet Queen Rock Montreal.

«[Livsstilen] vår var veldig overdriven. Eg trur utsvevinga lak ut frå musikken og inn i livet vårt og vart ei trong. Queen var eit vedunderleg fartøy og ein vedunderleg, magisk kombinasjon, men eg trur det var nær på å øydeleggje oss alle. Me var på eit tidspunkt det største i verda og alt som følgjer av det kan verkeleg rote til hovudet ditt. Me leid alle saman. Freddie forsvann heilt, som er slik han fekk den fryktelege sjukdommen. Han var heilt ute av kontroll ei stund. På sett og vis var me alle ute av kontroll [...] det øydela for oss.»

—Brian May om den mest turbulente tida til bandet tidleg i 1980-åra.

Queen arbeidde med David Bowie på singelen «Under Pressure». Det var første gongen dei arbeidde med ein annan artist og det skjedde heilt spontant, då Bowie vitja studioet der Queen arbeidde. Då songen kom ut vart han ein stor suksess og nådde toppen av singellista i Storbritannia og låg på 31. plassen på VH1 si liste over dei 100 beste songane frå 1980-åra.

I oktober det året gav Queen ut det første samlealbumet sitt, Greatest Hits, med høgdepunkt frå karrieren til gruppa frå 1974 til 1981. Det er eit av dei bestseljande albuma i britisk musikkhistorie og låg 450 veker (over åtte år) inne på albumlista. Albumet har seld til åtte gonger platina i USA og over 25 milionar verda over. Taylor vart den første bandmedlemmen som gav ut sitt eige soloalbum i 1981, kalla Fun in Space.

I 1982 gav bandet ut albumet Hot Space, som skilde seg frå 70-talsstilen deira. Denne gongen var det ei blanding av rock, poprock, dance, funk og R&B. Det meste av albumet vart spelt inn i München under den mest turbulente perioden i bandhistoria, og Taylor og May klaga over den nye stilen, og begge var særs kritiske til innverknaden den personlege manageren til Mercury, Paul Brenter, hadde over han. May var òg særs kritisk til Prentner, som var manager for Mercury frå tidleg i 1980-åra til 1984, over at han ikkje forstod kor viktig radiostasjonane var og den vitale koplinga mellom artisten og samfunnet, og for at han ikkje let dei få kontakt med Mercury. Bandet slutta å turnere i Nord-Amerika etter Hot Space-turneen, sidan suksessen deira der var dalande, men dei spelte på Saturday Night Live i USA. Queen forlet Elektra Records, som var selskapet deira i USA, Canada, Japan, Australia og New Zealand, og signerte kontrakt med EMI/Capitol Records.

Etter å ha arbeidd jamt og fast i over ti år, valde Queen å ta ein pause frå turnélivet i 1983. På denne tida spelte dei inn eit nytt album i Record Plant Studios i Los Angeles og Musicland Studios i München, og fleire av medlemmane byrja å utforske sideprosjekt og soloarbeid. Taylor gav ut det andre soloalbumet sitt, Strange Frontier. May gav ut minialbumet Star Fleet Project, i eit samarbeid med Eddie Van Halen.

Queen 
Queen på scenen i Frankfurt den 26. september 1984. Mercury kunne spele mange instrument.

I februar 1984 gav Queen ut det 11. studioalbumet sitt, The Works, med hitsinglane «Radio Ga Ga», «Hammer to Fall» og «I Want to Break Free». Trass i desse hitsinglane, mislukkast albumet i USA, medan det i Storbritannia selde til tre gonger platina og låg inne på albumlista i to år.

Same året la Queen ut på The Works-turneen, den første turneen med klaverspelaren Spike Edney som ekstra musikar. Turneen bestod mellom anna av ni utselde konsertar i Bophuthatswana i Sør-Afrika i oktober det året, på ein arena i Sun City. Då dei kom attende til England fekk dei særs skarp kritikk då dei hadde spelt i Sør-Afrika på høgda av apartheid og braut ein verdsomfattande investeringsavvikling og Dei sameinte nasjonane sin kulturboikott. Bandet svarte kritikarane med å sei at dei spelte musikk for fans i Sør-Afrika og la vekt på at konsertane vart spelt for eit blanda publikum. Queen donerte inntekter til ein skule for døve og blinde, men fekk ei bot av den britiske musikarforeininga og sett på svartelista til SN over musikarar.

1985–88: Live Aid og åra etter

I januar 1985 stod bandet øvst på plakaten dei to første kveldane av festivalen Rock in Rio i Rio de Janeiro i Brasil, og spelte for over 300 000 menneske kvar kveld. Boston Globe skildra det som ein «trollbindande konsert». Eit utval frå begge kveldane vart gjeve ut på VHS som Queen: Live in Rio, og seinare sendt på MTV i USA. I april og mai 1985 fullførte Queen the Works-turneen med utselde konsertar i Australia og Japan..

«Queen var absolutt det beste bandet den dagen... dei berre gjekk ut der og spelte den eine enorme hitten etter den andre... det var den perfekte scenen for Freddie: heile verda»

Bob Geldof, om Queen si framføring under Live Aid.

Under Live Aid på Wembley den 13. juli 1985, føre det største TV-publikummet gjennom tidene med 1,9 milliardar sjåarar, framførte Queen somme av dei største hittane sine, føre eit utseld stadion på 72 000 menneske som klappa, song og svaia i takt. Organisatorane for showet, Bob Geldof og Midge Ure, og andre musikarar som Elton John, Cliff Richard og Dave Grohl, i tillegg til musikkjournalistar frå BBC, CNN, Rolling Stone, MTV, The Telegraph blant fleire, var alle samde om at Queen stal showet. Ei rundspørjing i musikkindustrien i 2005 kåra framføringa til Queen til den største rockekonserten gjennom tidene. Den mektige, lange tonen til Mercury under acappella-delen vart kjend som «The Note Heard Round the World», «Tonen som vart høyrt verda rundt».

Då bandet vart intervjua av Mojo sa dei at det mest fantastiske synet under Live Aid var å sjå publikum klappa til «Radio Ga Ga». Brian May sa: «Eg har aldri sett noko slikt før og det var ikkje planlagt heller. Me forstod publikummet vårt og spelte til dei, men dette var ein av dei rare tilfeldigheitene på grunn av musikkvideoen. Eg hugsar eg tenkte 'åh, fantastisk, dei hugsa det' og eg tenkte så 'dette er ikkje eit Queen-publikum'. Dette var eit generelt publikum som hadde kjøpt billett før dei til og med visste at me kom til å spele. Og dei var alle med. Korleis visste dei det? Ingen bad dei om å gjere det.»

Bandet fekk ny giv etter responsen under Live Aid - Roger Taylor kalla det «ei sprøyte i armen», — og platesalet auka. Det enda med at dei i 1985 gav ut singelen «One Vision», som var tredje gongen etter «Stone Cold Crazy» og «Under Pressure (med David Bowie)» at alle fire bandmedlemmane vart tilskriven som låtskrivarar på same songen. Ein avgrensa plateboks med alle Queen-albuma til då vart gjeven ut som The Complete Works. Utgjevinga inneheld songar som ikkje før var utgjeven, mellom anna julesingelen deira frå 1984, «Thank God It's Christmas».

Queen 
Queen spelte inn seks studioalbum i Mountain Studios i Montreux i Sveits frå 1978 til 1995. I desember 2013 vart studioet opna for fansen. The Queen Studio Experience er gratis, og fansen vert beden om å gje ein donasjon til Mercury Phoenix Trust.

Tidleg i 1986 spelte Queen inn albumet A Kind of Magic, med fleire omarbeidde songar som var skriven for fantasy-actionfilmen Highlander. Albumet vart ein stor suksess og gav ei rekkje hittar, som tittelsporet, «A Kind of Magic». Andre hitsinglar frå albumet var «Friends Will Be Friends», «Who Wants to Live Forever» (med ekstra orkester dirigert av Michael Kamen), og det eigentlege temaet frå Highlander, «Princes of the Universe».

Sommaren 1986 la Queen ut på den siste turneen sin med Freddie Mercury. Heile turneen var utseld og denne gongen var òg Spike Edney med på klaverinstrument, som eit uoffisiellt femte medlem. Høgdepunkt under The Magic-turneen var Wembley Stadium i London, som resulterte i det doble konsertalbumet Queen at Wembley, gjeve ut på CD og DVS. Det har seld til fem gonger platina i USA og fire gonger platina i Storbritannia. Queen kunne ikkje reservere Wembley ein tredje kveld, men dei spelte i Knebworth Park i staden. Konserten var utseld på to timar og over 120 000 fans møtte opp i parken for det som art den siste konserten nokon gong med Mercury. Queen byrja turneen på Råsunda stadion i Stockholm, og spelte under turneen ein konsert ved Slane Castle i Irland føre 95 000 fans, som var ny rekord for konsertstaden. Bandet spelte òg bak Jernteppet då dei spelte føre 80 000 menneske på Népstadion i Budapest, i det som då var den største rockekonserten nokon gong i Aust-Europa. Meir enn 1 million menneske såg Queen på denne turneen, 400 000 i Storbritannia aleine, noko som var rekord på denne tida.

Etter å ha arbeidd på forskjellige soloprosjekt i 1988 (mellom anna samarbeidet til Mercury med Montserrat Caballé, Barcelona), gav bandet ut The Miracle i 1989. Albumet fortsette retninga frå A Kind of Magic, med ein poprockstil blanda med eit par tyngre nummer. Det inneheld dei europeiske hittane «I Want It All», «Breakthru», «The Invisible Man», «Scandal» og «The Miracle». The Miracle starta òg ei endring i låtskrivingsfilosofien til Queen. Sidan byrjinga av bandet, var nesten alle songane dei hadde skrive tilskriven eit enkelt medlem, medan dei andre medlemmane bidrog minimalt. Med The Miracle vart låtskrivinga meir eit samarbeid, og dei lovde kvarandre å tilskrive det endeleg produktet berre til Queen som ei gruppe.

1988–92: Mercury: sjukdom, død og hyllest

«Det var heile den tida då me visste Freddie var på veg ut, me berre fortsette å arbeide»

—Brian May

Fansen merka seg et at Mercury stadig såg tynnare ut i 1988, og rykta byrja å spreie seg om at han hadde fått AIDS. Mercury nekta for dette, og insisterte på at han berre var «utmatta» og for travel til å gje intervju. Bandet valde å fortsette å lage album, med The Miracle i 1989 og Innuendo i 1991. Trass i stadig dårlegare helse, fortsette songaren å bidra. For dei to siste albuma medan Mercury framleis var i live, vart alle songane deira tilskriven til Queen, i staden for kvart enkelt bandmedlem, og dette hindra krangling i bandet. I 1990 enda Queen kontrakten sin med Capitol og signerte for Disney sitt Hollywood Records, som sidan har eigd heile katalogen deira i USA og Canada. Same året gjorde Mercury den siste offentlege framferda si då han i lag med resten av bandet tok i mot ein Brit Award for «eineståande bidrag til britisk musikk».

Innuendo kom ut tidleg i 1991 og songen «Innuendo» gjekk til topps i Storbritannia. Andre hitsinglar var «The Show Must Go On». Mercury vart stadig sjukare og kunne nesten ikkje gå då bandet spelte inn «The Show Must Go On» i 1990. På grunn av dette var May uroa om han var i fysisk stand til å synge songen. May minnast den mektige framføringa til Mercury: «han gjekk inn og tok heilt fyr, fullstendig reiv i stykke den vokalen». Resten av bandet var klare til å spele inn musikk då Mercury følte for å kome i studio, ein time og to om gongen. May sa om Mercury: «Han sa alltid. 'Skreiv meir. Skriv ting til meg. Eg ønskjer berre å syngje dette og gjere det, og når eg er borte, så kan de gjere det ferdig.’ Han viste verkeleg ingen frykt.» Den andre samleplata til bandet, Greatest Hits II, kom ut i oktober 1991, som vart det åttande bestseljande albumet gjennom tidene i Storbritannia og har seld 16 millionar eksemplar verda over.

Den 23. november 1991, i ei førebudd melding frå dødsleiet sitt, stadfesta Mercury at han hadde AIDS. 24 timar seinare døydde han av lungebetennelse som følgje av ein komplikasjon av AIDS. Gravferda hans den 27. november i Kensal Green i Vest-London var privat og halde i høve til den zoroastriske trua til familien. «Bohemian Rhapsody» vart gjeve ut på ny som singel kort tid etter Mercury døydde, med «These Are the Days of Our Lives» som ei dobbel A-side. These Are the Days of Our Lives#Musikkvideoen for «These Are the Days of Our Lives» inneheld dei siste scenane til Mercury føre kamera. Singelen gjekk til topps på salslista i Storbritannia, og låg der i fem veker. Dermed vart songen den einaste nokon gong som har lagt på toppen av den britiske singellista i juleveka i to forskjellige år, og den einaste som har lege på toppen av lista i fire forskjellige år (1975, 1976, 1991 og 1992). Inntektene frå singelen - kring ein million pund - vart donert til Terrence Higgins Trust.

Populariteten til Queen i Nord-Amerika auka att då «Bohemian Rhapsody» vart nytta i komedien Wayne's World i 1992. Dette var med på å ta songen til andreplassen på Billboard Hot 100 i fem veker på rad i 1992 (han låg på Hot 100 i over 40 veker), og vann bandet ein MTV Award under MTV Video Music Awards i 1992. Samlealbumet Classic Queen gjekk til fjerdeplassen på Billboard 200, og selde til tre gonger platina i USA. Klipp frå Wayne's World vart nytta i ein ny musikkvideo for «Bohemian Rhapsody».

Den 20. april 1992 vart The Freddie Mercury Tribute Concert halde på Wembley Stadium føre 72 000 menneske. Artistane som spelte var mellom andre Def Leppard, Robert Plant, Guns N' Roses, Elton John, David Bowie, George Michael, Annie Lennox, Seal, Extreme og Metallica, som framførte forskjellige Queensongar i lag med dei attverande medlemmane av Queen (og Spike Edney.) Konserten vart oppført i Guinness rekordbok som «den største veldedige konserten for ei rockestjerne», og han vart sendt på fjernsyn til 1,2 milliardar sjåarar verda over, og fekk inn 20 millionar pund til forsking på AIDS.

1995–03: Made in Heaven til 46664-konserten

Queen 
Statue av Mercury ved Genfersjøen i Montreux i Sveits.

Det siste albumet til Queen med Mercury, kalla Made in Heaven, kom til slutt ut i 1995, fire år etter han døydde. Med songar som «Too Much Love Will Kill You» og «Heaven for Everyone», vart songen bygde på dei siste innspelingane til Mercury i 1991, materiale som var til overs etter tidlegare studioalbum og omarbeidde songar frå soloalbuma til May, Taylor og Mercury. På albumet var òg songen «Mother Love», den siste vokalen som Mercury spelte inn før han døydde. Han song det inn med berre ein trommemaskin, og May, Taylor og Deacon la seinare til instrument. Etter det nest siste verset var sungen inn, sa Mercury til bandet at han ikkje kjende seg så bra og sa «Eg skal gjere det ferdig når eg kjem tilbake neste gong», men han kom aldri attende til studio, så May song seinare inn det siste verset av songen. Begge innspelingsprosessane, før og etter Mercury døydde, vart gjort i studioet til bandet i Montreux i Sveits. Albumet gjekk til topps i Storbritannia like etter det kom ut og har seld 20 millionar eksemplar verda over. Den 25. november 1996 vart det avdekt ein statue av Mercury i Montreux med utsyn over Genfersjøen, nesten fem år på dagen etter han døydde.

«De burde gå ut og spele igjen. Det må vere som å ha ein Ferrari i garasjen og vente på ein sjåfør»

Elton John, om Queen etter Freddie Mercury døydde.

I 1997 drog Queen i studio att for å spele inn «No-One but You (Only the Good Die Young)», ein song dedisert til Mercury og alle som hadde døydd for tidleg. Han vart gjeven ut som bonusspor på samleplata Queen Rocks seinare det året. I januar 1997 framførte Queen «The Show Must Go On» med Elton John og Béjart Ballet i Paris på ein konsert til minne om Mercury. Dette var siste gongen John Deacon spelte med Queen. Han valde å gje seg etter dette. Paris-konserten var berre den andre gongen Queen hadde spelt i lag live sidan Mercury døydde, og Elton John oppfordra dei til å dra ut og spele igjen.

Brian May og Roger Taylor spelte i lag under fleire prisutdelinga og veldige konsertar, og delte vokal med forskjellige gjesteartistar. Når dei gjorde dette stod dei oppført som Queen + namnet på gjestesongaren. I 1998 spelte duoen på ein veldedig konsert med Luciano Pavarotti, der May spelte «Too Much Love Will Kill You» med Pavarotti, og seinare «Radio Ga Ga», «We Will Rock You» og «We Are the Champions» med Zucchero. Dei spelte igjen ved den veldedige konserten til Pavarotti i Modena i Italia i mai 2003. FLeire av gjestesongarane spelte inn nye versjonar av hittane til Queen, som Robbie Williams på «We Are the Champions» for filmen A Knight's Tale (2001).

Queen 
Queen si stjerne på Hollywood Walk of Fame ved 6358 Hollywood Boulevard.

I 1999 vart Greatest Hits III gjeve ut. Det inneheld mellom anna «Queen + Wyclef Jean» på ein rap-versjon av «Another One Bites the Dust». Eit konsertopptak av «Somebody to Love» av George Michael og eit konsertopptak av «The Show Must Go On» med Elton John var òg med på albumet. No var det enorme platesalet til Queen gjort dei til det nest mestseljande bandet i Storbritannia gjennom tidene, berre bak the Beatles. I 2002 fekk Queen ei stjerne på Hollywood Walk of Fame, ved 6358 Hollywood Blvd. Den 29. november 2003 spelte May og Taylo på 46664-konserten arrangert av Nelson Mandela ved Green Point Stadium i Cape Town, for å auke kunna om spreiinga av HIV/AIDS i Sør-Afrika. May og Taylor var heime hos Mandela og diskuterte korleis ein kunne løyse problemet i Afrika, og to år seinare vart bandet ambassadørar for 46664-saka.

2004–09: Queen + Paul Rodgers

Queen 
Queen spelar med Paul Rodgers under turneen deira i 2005.

Mot slutten av 2004 annonserte May og Taylor at dei kom til å dra ut på turne som Queen i 2005 med Paul Rodgers (som var frontmann i Free og Bad Company). Dei spelte i lag som «Queen + Paul Rodgers», og det vart understreka at Rodgers ikkje skulle erstatte Mercury. John Deacon var ikkje med på turneen. I november 2004 vart Queen innlemma i UK Music Hall of Fame, og under seremonien spelte Rodgers i lag med May og Taylor for første gong.

Mellom 2005 og 2006 la Queen + Paul Rodgers ut på ein verdsturné. Det var første gongen Queen turnerte sidan den siste turneen med Freddie Mercury i 1986. Trommeslagaren Roger Taylor sa «Me trudde me aldri kom til å turnere igjen, men så kom tilfeldigvis Paul [Rodgers] og me verka å ha ein god kjemi. Paul er berre ein så bra songar. Han prøver ikkje å vere Freddie.» Den første delen av turneen var i Europa, den andre i Japan og den tredje i USA i 2006. Queen tok i mot VH1 Rock Honors ved Mandalay Bay Events Center i Las Vegas i Nevada den 25. mai 2006. Foo Fighters hylla bandet ved å spele «Tie Your Mother Down» under opninga av seremonien, før dei fekk med seg May, Taylor og Paul Rodgers på scenen, som spelte eit utval av hittane til Queen.

Queen 
Queen + Paul Rodgers-konsert på Fridomsplassen i Kharkiv i Ukraina, 12. september 2008.

Den 15. august 2006 stadfesta Brian May gjennom nettsida si at Queen + Paul Rodgers skulle spele inn eit studioalbum i lag og innspelinga skulle byrja i oktober, på ein hemmeleg stad. Queen + Paul Rodgers spelte ved Nelson Mandela 90th Birthday Tribute i Hyde Park i London den 27. juni 2008, i feiringa av 90-årsdagen til Mandela, og igjen for å fremje kunne om HIV/AIDS. Det første Queen + Paul Rodgers-albumet, kalla The Cosmos Rocks, kom ut i Europa den 12. september 2008 i USA og 28. oktober 2008 elles. Etter albumet kom ut, la bandet igjen ut på turné i Europa og opna på Fridomsplassen i Kharkiv i Ukraina føre 350 000 fans. Kharkiv-konserten vart sidan gjeve ut på DVD. Turneen vitja Russland, der bandet spelte to utselde konsertar på Moscow Arena. Etter den første delen av den omfattande Europaturneen deira var over, der bandet spelte 15 utselde konsertar i ni forskjellige land, vart den britiske delen av turneen utseld på 90 minuttar og omfatta tre konsertar i London, der den første var på The O2 den 13. oktober. Den siste delen av turneen fann stad i Sør-Amerika, mellom anna med ein utseld konsert ved Estadio José Amalfitani i Buenos Aires.

Queen og Paul Rodgers gjekk offisielt kvart til sitt den 12. mai 2009. Rodgers sa: «Avtalen min med [Queen] var liknande avtalen med Jimmy [Page] i The Firm med at det aldri var meint å vere permanent». Rodgers utelukka ikkje at han kom til å arbeide med Queen igjen.

2009–11: Brot med EMI, 40-årsjubileum

Den 20. mai 2009 framførte May og Taylor «We Are the Champions» under sesongfinalen av American Idol med vinnaren Kris Allen og andreplassen Adam Lambert i ein duett. I midten av 2009 annonsert Queen eit nytt samlealbum, Absolute Greatest. Albumet kom ut 16. november og nådde tredjeplassen på den britiske albumlista. Albumet inneheld 20 av dei største hittane til Queen frå heile karrieren og kom ut i fire forskjellige format: som enkel plate, dobbelplate (med kommentarar) dobbelplate med bok, og ei vinylplate. Før utgjevinga vart det halde ein konkurranse på nettsida til Queen om kva innhald albumet kom til å ha.

Den 15. november 2009 framførte May og Taylor «Bohemian Rhapsody» på det britiske TV-showet The X Factor i lag med finalistane.

Den 7. mai 2010 annonserte May og Taylor at dei avslutta samarbeidet med EMI etter nesten 40 år. Nokre månader seinare hadde bandet fått ny kontrakt med Universal Music.

Den 14. mars 2011, som markerte 40-årsjubileet til bandet, vart dei fem første Queen-albuma gjeve ut som nymastra luksusutgåver. Dei neste fem albuma til Queen kom ut 27. juni. Dei siste fem albuma kom ut 5. september.

Under MTV Europe Music Awards den 6. november 2011, fekk Queen Global Icon Aaward, som Katy Perry presenterte til Brian May. Queen avslutta prisutdelinga med Adam Lambert på vokal. Dei framførte «The Show Must Go On», «We Will Rock You» og «We Are the Champions».

2011 til i dag: Queen + Adam Lambert, Queen Forever

Queen 
Queen + Adam Lambert i TD Garden i Boston i juli 2014.

Den 25. og 26. april spelte May og Taylor i sesong 11 av American Idol i Los Angeles, og spelte ein Queen-medley med seks av finalistane, og dagen etter «Somebody to Love» med 'Queen Extravaganza'. Den 30. juli 2012 spelte Queen + Lambert i Kiev i Ukraina i ein felleskonsert med Elton John for Elena Pinchuk ANTIAIDS Foundation. 3. juli spelte Queen og Lambert på Olympiastadion i Moskva, og 7. juli på Stadion Miejski i Wroclaw i Polen. 11. og 12. juli 2012 spelte Queen + Adam Lambert to konsertar i Hammersmith Apollo i London.

Den 12. august 2012 spelte Queen under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London. Konserten på Olympic Stadium i London opna med ein spesialvideo av Mercury på scenen som gjer kall- og svar-rutinen sin under konserten sin i 1986 på Wembley Stadium. Etter dette framførte May delar av «Brighton Rock»-soloen før han, Taylor og soloartisten Jessie J framførte «We Will Rock You».

Sommaren 2014 turnerte Queen + Adam Lambert i Nord-Amerika. og i august-september i Australia og New Zealand.

I november 2014 gav Queen ut albumet Queen Forever. Albumet er hovudsakleg ei samling av tidlegare Queen-songar, men med tre nye Queen-songar med vokal frå Mercury akkomapgnert av dei attverande medlemmane. Ein ny song, «There Must Be More To Life Than This», er ein duett mellom Mercury og den avdøde Michael Jackson.

Musikkstil

Queen var påverka av britiske rockeband frå 1960- og tidleg 1970-åra, som the Beatles, the Kinks, Cream, Led Zeppelin, Pink Floyd, the Who, Black Sabbath, Slade, Deep Purple, David Bowie, Genesis og Yes, i tillegg til den amerikanske gitaristen Jimi Hendrix, og Mercury var òg inspirert av gospelsongaren Aretha Franklin. May kalla the Beatles «bibelen vår når det gjaldt korleis dei brukte studio og dei målte bilete og denne vedunderlege instinktive bruken av harmoniar.» I starten tidleg i 1970-åra vart musikken til Queen skildra som «Led Zeppelin møter Yes» på grunn av kombinasjonen av «akustisk/elektrisk gitar-ekstremar og fantasy-inspirerte songar med mange parti».

Queen skreiv musikk som var inspirert av mange forskjellige musikksjangrar, ofte med ein rappkjefta haldning. Sjangrane dei er blitt assosiert med er progressiv rock, symfonisk rock, kunstrock, glamrock, hardrock, heavy metal, poprock, og psykedelisk rock. Queen skreiv òg songar som var inspirerte av forskjellige musikkstilar som ikkje vanlegvis er assosiert med rockegrupper, som opera, varieté, folkemusikk, gospel, ragtime, og dance/disco. Fleire Queen-songar vart skrivne med tanke på at publikum skulle delta, som «We Will Rock You» og «We Are the Champions». På liknande vis vart «Radio Ga Ga» ein konsertfavoritt fordi han hadde «publikum som klappa som om dei var på Rikspartidagane i Nürnberg».

I 1963 bygde tenåringen Brian May og faren signaturgitaren hans Red Special, som vart bygd for å gje feedback. Lydmessig eksperimentering har vore ein stor del av songane til Queen. Ein særpreg ved musikken til Queen er vokalharmoniane som vanlegvis bestod av stemmene til May, Mercury og Taylor med beste døme på studioalbuma A Night at the Opera og A Day at the Races. Noko av grunnlaget for utviklinga av denne stilen vart lagt av den tidlegare produsenten deira, Roy Thomas Baker og lydteknikaren Mike Stone. Utanom vokalharmoniar var Queen òg kjende for å legge lag på lag med stemmer for å imitere store kor. Til dømes er det i følgje Brian May over 180 vokalopptak på «Bohemian Rhapsody». Vokalstrukturane til bandet er blitt samanlikna med the Beach Boys, men May har sagt at dei «ikkje var ei særleg stor inspirasjonskjelde».

Påverknad

Queen 
10 år gammal prøvde Thom Yorke frå Radiohead å lage ein heimelaga gitar for å etterlikne Brian May.

Queen har blitt rekna for å ha bidratt særleg til sjangrar som hardrock, og heavy metal, blant fleire. Bandet er derfor omtalt som ei inspirasjonskjelde av mange andre musikarar. På same måte som musikken deira, er banda og artistane som har omtalt Queen som ei inspirasjonskjelde, like mangfaldige og varierte og spenner fleire generasjonar, land og sjangrar, som heavy metal: Judas Priest, Iron Maiden, Metallica, Dream Theater, Trivium, Megadeth, Anthrax, Slipknot og Rage Against the Machine; hardrock: Guns N' Roses, Def Leppard, Van Halen, Mötley Crüe, Steve Vai, the Cult, the Darkness, Manic Street Preachers, Kid Rock og Foo Fighters; alternativ rock: Nirvana, Radiohead, Trent Reznor, Muse, Franz Ferdinand, Red Hot Chili Peppers, Jane's Addiction, Faith No More, Melvins, the Flaming Lips, Yeah Yeah Yeahs og The Smashing Pumpkins; poprock: Meat Loaf, The Killers, My Chemical Romance, Fall Out Boy og Panic! At the Disco; og pop: Michael Jackson, George Michael, Robbie Williams, Adele, Lady Gaga og Katy Perry.

Tidleg i 1970-åra var Queen med på å utviklinga av heavy metal som sjanger med å kaste bort mykje av bluespåverknaden. Queen-songen «Stone Cold Crazy» frå 1974 er blitt omtalt som ein føregangar til speed metal. Metallica spelte inn ein versjon av «Stone Cold Crazy», som først kom ut på Rubáiyát: Elektra's 40th Anniversary i 1990, og det vann gruppa ein Grammy for beste metalsong i 1991.

Thom Yorke frå Radiohead fekk den første gitaren sin då han var sju år gammal, inspirert etter å ha sett Brain May under ein Queen-konsert. 10 år gammal, laga Yorke sin eigen heimelaga gitar, og prøvde å etterlikne det May hadde gjort med sin Red Special, men vart ikkje nøgd med resultatet. Queen var slik ein av dei første inspirasjonskjeldene til Radiohead.

Ettermæle

I 2002 vart Queen-songen «Bohemian Rhapsody» kåra til den britiske favorittlåten gjennom tidene i ei rundspørjing utført av Guinness World Records British Hit Singles Book. I 2004 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame. Mange musikkvitarar reknar musikkvideoen til «Bohemian Rhapsody» som banebrytande og han har fått æra for å ha popularisert mediet. Rockehistorikaren Paul Fowles skreiv at songen er «breitt rekna som den første globale hitsingelen der ein tilhøyrande video var sentral i marknadsføringsstrategien». Han har blitt sagt å ha lansert MTV-alderen. Bandet er hylla for stadionrocken sin og i ei rundspørjing i musikkindustrien i 2005 vart framføringa til Queen på Live Aid i 1985 kåra til den beste konsertframføringa i historia. I 2007 vart dei kåra til det største britiske bandet i historia av lyttarane til BBC Radio 2.

«Om du kan dra attende og berre sjå ein konsert, så må det bli Queen. Det var ikkje berre eit karrieredefinerande augneblikk… rock ’n’ roll kan ha nådd høgdepunktet sitt akkurat der. Freddie Mercury på scenen under Live Aid er toppen av rock ’n’ roll. For eit band som enkelte meinte var over middagshøgda, det var berre den mest makelause, plettfrie, mektige og triumferande framføringa som tok pusten frå ein. Det var alt du ønskjer i rock ’n’ roll.»

—1980s MTV VJ Martha Quinn speaking in July 2015 on the 30th anniversary of Live Aid.

Fram til 2005 hadde i følgje Guinness rekordbok albuma til Queen lege i alt 1 322 veker (26 år) inne på UK Album Charts, meir enn noko anna band eller artist. Med utgjevinga av eit konsertalbum med Paul Rodgers i 2005, rykka Queen opp på tredjeplassen over artistar som har lege lengst på britiske platelsiter samla sett.

I 2006 vart Greatest Hits det bestseljande albumet i britisk musikkhistorie med eit sal på 5 407 587 eksemplar, over 604 295 meir enn den nærmaste konkurrenten, the Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. Greatest Hits II er det sjuande mestseljande gjennom tidene i Storbritannia, med eit sal på 3 746 404.

Bandet har gjeve ut i alt 18 album som har nådd toppen av lista, 18 singlar som har nådd toppen av lista, og ti DVD-ar som har nådd toppen av lista, noko som gjer dei til eit av dei bestseljande banda i verda gjennom tidene. Queen har seld over 150 millionar plater, og somme estimat går heilt opp til 300 millionar plater verda over, inkludert 34,5 million album i USA aleine fram til 2004. Bandet vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001, og bandet er den einaste gruppa der kvart medlem har skrive meir enn ein listetoppar, og alle dei fire medlemmane vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 2003. I 2009 vart «We Will Rock You» og «We Are the Champions» innlemma i Grammy Hall of Fame, og sistnemnde vart kåra til verdas favorittsong i ei global musikkrundspørjing.

Queen er eit av dei mest piratkopierte banda nokon gong, i følgje Nick Weymouth, som styrer den offisielle nettsida til bandet. Ei undersøking i 2001 synte at det fanst 12 225 nettsider for piratkopiplater av Queen, det høgaste talet for alle band. Piratkopiplater har medverka til populariteten til bandet i visse land der vestleg musikk har vore sensurert, som i Iran. I eit prosjekt kalla Queen: The Top 100 Bootlegs, er mange av desse blitt gjevne ut offisielt som nedlasting for ein liten slant på nettsida til Queen, og overskotet går til Mercury Phoenix Trust. Rolling Stone rangerte Queen på 52. plassen på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene, medan Mercury vart rangert som den 18. beste songaren, og May den 26. beste gitaristen. Queen vart kåra til det 13. beste hardrockbandet av VH1, og i 2010 vart bandet rangert på 17. plass på lista til VH1 over dei 100 beste artistane gjennom tidene. I 2012 kåra lesarane av Gigwise Queen til det beste bandet dei siste 60 åra.

I andre media

Musikal

I mai 2002 vart ein musikal eller «rocketeater» basert på songane til Queen, kalla We Will Rock You, sett opp på Dominion Theatre på West End i London. Musikalen var skriven av den britiske komikaren og forfattaren Ben Elton i samarbeid med Brian May og Roger Taylor, og produsert av Robert De Niro. Han har sidan blitt sett opp i mange byar verda over. Etter premieren i Las Vegas den 8. september 2004, vart Queen innlemma på Hollywood RockWalk på Sunset Boulevard i Los Angeles.

Den originale London-produksjonen skulle avsluttast 7. oktober 2006, men på grunn av stor etterspurnad gjekk showet heilt fram til mai 2014. We Will Rock You har blitt ein av dei musikalane som har gått lengst på West End, og tok over rekorden etter Grease. Brian May sa i 2008 at dei vurderte å skrive ein oppfølgjar til musikalen. Musikalen turnerte kring Storbritannia i 2009 og spelte ved Manchester Palace Theatre, Sunderland Empire, Birmingham Hippodrome, Bristol Hippodrome og Edinburgh Playhouse.

Lanseringa av musikalen skjedde samstundes med dronning Elizabeth II sitt Golden Jubilee. Som ein del av jubileet, framførte May «God Save the Queen» som gitarsolo, under dronninga sin A Night at the Opera, frå taket på Buckingham Palace. Innspelinga vart nytta som video for songen under 30-årsjubileums DVD-utgåva av A Night at the Opera.

Sean Bovim skapte «Queen at the Ballet», ei hyllest til Mercury, ein ballett med musikken til Queen. Dansarane tolka sogene bak songar som «Bohemian Rhapsody», «Radio Ga Ga», og «Killer Queen».

Musikken til Queen er òg nytta i Off-Broadway-produksjonen Power Balladz, mellom anna songen «We Are the Champions».

Digital tid

I lag med Electronic Arts har Queen gjeve ut dataspelet Queen: The eYe i 1998. Musikken er henta frå den store katalogen til Queen, i mange høve miksa om til instrumentale versjonar. Spelet fekk kritikk for dårleg spelbarheit. I tillegg tok det særs lang tid å utvikle, slik at grafikken verka utdatert då det kom ut.

May og Taylor har leia fleire restaureringsprosjekt av den lange audio- og videokatalogen til Queen. Det er gjeve ut DVD-ar av Wembley-konserten i 1986 (kalla Live at Wembley Stadium), Milton Keynes-konserten i 1982 (Queen on Fire – Live at the Bowl), og to videosamlingar (Volume 1 and 2, som dekkjer 1970- og 1980-åra) medan musikken er miksa til 5.1 og DTS-kringlyd. Så langt er berre to av albuma til bandet, A Night at the Opera og The Game, blitt fullt ut miksa på nytt til høgoppløyseleg fleirkanals kringlyd på DVD-Audio. A Night at the Opera vart gjeve ut med somme reviderte 5.1-miksar og tilhøyrande videoar i 2005 for 30-årsjubileet til albumet (CD+DVD-Video). I 2007 vart tidlegare utgjevne konsertar av Queen gjeve ut på Blu-ray, Queen Rock Montreal & Live Aid.

Queen har fleire gonger vore med i Guitar Hero-serien, med ein versjon av «Killer Queen» i det første Guitar Hero-spelet, «We Are The Champions», «Fat Bottomed Girls», og Paul Rodgers-samarbeidet «C-lebrity» i ein songpakke for Guitar Hero World Tour, «Under Pressure» med David Bowie i Guitar Hero 5, «I Want It All» i Guitar Hero: Van Halen, «Stone Cold Crazy» i Guitar Hero: Metallica, og «Bohemian Rhapsody» i Guitar Hero: Warriors of Rock. Den 13. oktober 2009 avslørte Brian May at det var samtalar om eit eige Rock Band-spel for Queen.

Queen har òg fleire gonger vore med i Rock Band-serien. Ein songpakke på 10 songar er kompatibel med Rock Band, Rock Band 2 og Rock Band 3 (tre av dei òg med Lego Rock Band). Hitten «Bohemian Rhapsody» var med i Rock Band 3 med full harmoni og støtte for klaverinstrument. Bandet var òg med i videospelet Lego Rock Band som spelbare Lego-avatarar.

I mars 2009 gav Sony Computer Entertainment ut ein Queen-versjon av karaokeserien SingStar. Spelet, som finst på PlayStation 2 og PlayStation 3, er kalla SingStar Queen og har 25 songar på PS3 og 20 til PS2. «We Will Rock You» og andre songar av Queen finst i DJ Hero.

«One Vision» vart nytta i videospelet Grand Theft Auto IV på den fiktive radiostasjonen Liberty Rock Radio 97.8, medan «Radio Ga Ga» er med i Grand Theft Auto V.

Film- og fjernsyn

Queen har skrive musikk til filmane Flash Gordon (1980), med «Flash» som temasong, og Highlander (den originale filmen frå 1986), med «A Kind of Magic», «One Year of Love», «Who Wants to Live Forever», «Hammer to Fall» og temasongen «Princes of the Universe», som òg vart nytta som kjenningsmelodi til TV-serien Highlander (1992–1998). I USA vart «Bohemian Rhapsody» gjeve ut på ny som singel i 1992 etter at han var med i komedien Wayne's World. Singelen klatra heilt til andreplassen på Billboard Hot 100 (med «The Show Must Go On» som den første songen på singelen) og var med å tenne populariteten i Nord-Amerika igjen.

Queen 
Robbie Williams på scenen i 2015 med Queen-bilete i bakgrunnen, framfører «We Are the Champions» for filmen A Knight's Tale i 2001.

Fleire filmar har nytta songane deira framført av andre artistar. Ein versjon av «Somebody to Love» av Anne Hathaway vart nytta i filmen Ella Enchanted i 2004. I 2006 song Brittany Murphy den same songen for filmen Happy Feet. I 2001 vart ein versjon av «The Show Must Go On» framført av Jim Broadbent og Nicole Kidman i filmmusikalen Moulin Rouge!. Filmen A Knight's Tale frå 2001 har ein versjon av «We Are the Champions» framført av Robbie Williams og Queen. Filmen inneheld òg «We Will Rock You» framført av eit mellomalderpublikum.

«I Was Born to Love You» vart nytta som kjenningsmelodi i den japanske TV-dramaserien Pride på Fuji Television i 2004. Serien nytta òg fleire andre songar av Queen. «Don't Stop Me Now» er blitt nytta av BBC-programmet Top Gear, og vart i 2005 stemnt fram av sjåarane som den beste køyresongen nokon gong.

Den åttande og siste sesongen av That '70s Show hadde episodar kalla opp etter Queen-songar. The Simpsons har nytta Queen-songar som «We Will Rock You», «We Are the Champions» og «You're My Best Friend».

Bandmedlemmar

    Noverande medlemmar
  • Brian May – solo- og rytmegitar, kor- og solovokal (1970 til i dag)
  • Roger Taylor – trommer, perkusjon, kor- og solovokal (1970 til i dag)
    Former members
  • Freddie Mercury – solo- og korvokal, piano (1970–1991; død)
  • John Deacon – bassgitar (1971–1997; trakk seg)
  • Mike Grose – bass (1970)
  • Barry Mitchell – bass (1970–1971)
  • Doug Ewood Boogie – bass (1971)
    Queen + vokalistar
    Andre gjestevokalistar
    Turnémedlemmar
  • Morgan Fisher – klaverinstrument, piano (1982)
  • Fred Mandel – klaverinstrument, piano (1982)
  • Spike Edney – klaverinstrument, piano, rytmegitar, korvokal (1984 til i dag)
  • Jamie Moses – rytmegitar, korvokal (1998–2009)
  • Danny Miranda – bassgitar, korvokal (2005–2009)
  • Rufus Tiger Taylor – perkusjon, trommer, korvokal (2011 til i dag)
  • Neil Fairclough – bassgitar, korvokal (2011 til i dag)
    Tidslinje
Queen

Diskografi

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Queen  Commons har multimedium som gjeld: Queen

Tags:

Queen HistorieQueen MusikkstilQueen PåverknadQueen EttermæleQueen I andre mediaQueen BandmedlemmarQueen DiskografiQueen KjelderQueen LitteraturQueen BakgrunnsstoffQueenArenarockBrian MayBritisk rockFreddie MercuryHardrockHeavy metalJohn DeaconPoprockProgressiv rockRoger Meddows-Taylor

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

I'm Still StandingHomogeniseringÁrakhthos i ÁrtaPodsolBrigitFA-cupfinalen i fotball 2001StorfuglAddress Resolution ProtocolTønsberg kommuneYankeeCelina MidelfartBöle i HelsingforsTallerkenH.C. AndersenLitauenHTMLVerdas bokdagJordaSteve PorcaroHochalmspitzeNamnedagar i NoregSexyDen muslimske verdaBerlinmurenDet britiske riksvåpenetEtiopiaTenaza PeakParadise and LunchTyrkiaTidslinje over norsk historieGraham NashIngvild KjerkolBo WiderbergPeriferieininga ÁrtaPeter ŠťastnýÍpirosCountryIggy PopBrennverdiJeanne d'ArcMogopKyprosVitamin KGrønstilkMaud av NoregHarry PotterAlenVassfuglarJohan BojerTarasåsenKnut T. StorbukåsNorsk ytre språkhistorieNytt på nyttFuglarÆrfuglCC AmfiLagerthaTidvatnOlga DanilovaSki-VM 2019Camilla CollettForvandlingaSamfunnsendringSkjør astmaLangnebbparakittCanadaNynorskdagenAlpin tundraMount EverestAdei AdNederlandskHenning SolbergKristoffer TømmerbakkeTrekanthandelMadeira🡆 More