«Fat Bottomed Girls»
Bicycle Race Singel av Queen frå albumet Jazz | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. oktober 1978 | |
Innspelt | Juni - juli 1978 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 3:01 | |
Selskap | EMI, Elektra | |
Komponist | Freddie Mercury | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
Produsent | Queen og Roy Thomas Baker | |
Queen-kronologi | ||
«It's Late» (1978) | Bicycle Race | «Don't Stop Me Now» (1979)
|
«Bicycle Race» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut i 1978 på albumet Jazz og var skriven av Freddie Mercury. Songen vart gjeven ut på singel som ei dobbel A-side med «Fat Bottomed Girls». Songen er kjend for musikkvideoen der mange nakne kvinner syklar i eit sykkelløp på Wimbledon Stadium. Videoen vart redigert eller bannlyst i fleire land.
Songen vart skriven av Mercury og var inspirert av den 18. etappen under Tour de France i 1978 som passerte Montreux der bandet spelte inn Jazz i Mountain Studios. Songen startar med eit uakkompagnert refreng. Refrenget vert etterfølgd av to vers knytte saman av eit mellomspel, og eit nytt refreng. I midten av sognen er det ein solo spelt med mange sykkelbjøller. Songen har ein uvanleg akkordprogressjon med fleire moduleringar, taktendringar (frå 4/4 til 6/8 og attende), og vokal og gitarharmoniar i mange lydspor.
Teksten inneheld mange referansar til tida han vart skriven i, som religion, Watergate, narkotika, oppdikta heltar (Peter Pan, Frankenstein og Superman) og filmane Haisommer og Star Wars. Songen nemner skodespelaren John Wayne.
Brian May hevda at songen ikkje var sjølvbiografisk og at Mercury ikkje spesielt likte sykling. Trass i teksten var Mercury fan av Star Wars.
Songen refererer til med tekstlinja «fat bottomed girls, they'll be riding today». Dei to songane vart gjene ut i lag som ei dobbel A-side.
Videoen til songen var kjend for dei 65 nakne kvinnene, alle profesjonelle modellar, som syklar rundt på Wimbledon Greyhound Stadium. Han vart filma av Denis de Vallance. Gruppa leigde stadionet og mange syklar for ein dag, men då butikken var klar over at dei hadde blitt sykla på av mange nakne kvinner, kravde dei at gruppa kjøpte alle sykkelseta. Den originale videoen nytta spesialeffektar for å skjule dei nakne kvinnene.
Land | Plassering | Dato | Veker på lista | |
---|---|---|---|---|
Australia | 28 | 9 | ||
Austerrike | 21 | Jan 1979 | 4 | |
Canada | 17 | Jan 1979 | 12 | |
Tyskland | 27 | 11–18. des 1978 | 12 | |
Irland | 10 | 7 | ||
New Zealand | 20 | 8 | ||
Nederland | 5 | 25. nov – 2. des 1978 | 11 | |
Noreg | 7 | 9 | ||
Storbritannia | 11 | 25. nov – 9. des 1978 | 11 | |
USA Billboard | 24 | Jan 1979 | 12 | |
USA Cash Box | 18 | Jan 1979 | 13 |
Songen er òg spelt inn av
Refrenget på songen vart sampla på «C'mon Let Me Ride» av Skylar Grey med Eminem.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bicycle Race, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.