Oppland Fylke: Tidlegare fylke i Noreg

Oppland er eit tidlegare fylke i Noreg.

Det grensa til Trøndelag i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Sogn og Fjordane i vest, Buskerud i sørvest, Oslo i sør, Akershus i søraust og Hedmark i aust. Oppland var saman med Hedmark dei einaste fylka i Noreg som ikkje har kyst. I 2020 blei fylket del av det nye Innlandet fylke.

Oppland fylke
fylke
Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie
Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie
Fylkesvåpen
Land Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie Noreg
Del av Austlandet
Adm.senter Lillehammer
Areal 25 190 km²
 - land 23 878 km²
 - vatn 1 312 km²
Folketal 189 545 (1. januar 2019)
Målform nøytral
Statsforvaltar Knut Storberget
Fylkesordførar Even A. Hagen (Ap)
Fylkesnummer 05

Oppland fylke
61°25′N 9°20′E / 61.41°N 9.34°E / 61.41; 9.34
Wiki Commons: Oppland
Nettstad: www.oppland.no
Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie
Oppland fylkeskommune har administrasjon på Lillehammer

Oppland bestod av dei to dalføra Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre landskapa Toten, Hadeland og Land. Det var fire byar i fylket Gjøvik, Lillehammer, Otta og Fagernes. Fylkesadministasjonen låg på Lillehammer. Jordbruk, industri og turisme var dei største næringane i fylket.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1989 og har ein sølv mogop mot ein grøn bakgrunn. Dei to blomane symboliserer dalføra, Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre blada symboliserer landskapa sør i fylket.

Geografi

Oppland har ein variert natur. Den sørlegaste delen av fylket er prega av flate bygder og lenger nord ligg dalføra Gudbrandsdalen og mot vest Valdres. Der ligg fjellområda Jotunheimen, Reinheimen, Rondane, delar av Breheimen og Dovrefjell. Dei høgaste fjella i Noreg ligg i desse fjellområda. Det renn to store og ei mindre elv gjennom Oppland. Frå Lesjaskogsvatnet renn Gudbrandsdalslågen som blir til Mjøsa ved Lillehammer som er Noregs største innsjø. Begna renn gjennom Valdres og Ottaelva renn igjennom Ottadalen.

Oppland omfattar områda som har avløp til Mjøsa frå nord og vest (Gudbrandsdalen med sidedalar og tilgrensande fjellstrøk, og Toten), områda som har avløp til Randsfjorden (Land og Hadeland), og Valdres som har avløp gjennom Begna til Sperillen i Buskerud. Lengst i sør har fylket ei kort grense mot Oslo, herfrå til Mjøsa grensar det mot Akershus. Mjøsa blir delt med Akershus og Hedmark; grensa mot Hedmark går nord for Mjøsa litt aust for vasskiljet mellom Østerdalen og Gudbrandsdalen heilt til Hjerkinn på Dovre. Vestover herfrå er grensa fyrst mot Sør-Trøndelag, deretter mot Møre og Romsdal. Grensa mot Sogn og Fjordane byrjar like søraust for Djupvasshytta ved vegen til Geiranger og går sørover til SulevatnetFilefjell. Resten av grensa er mot Buskerud.

Klima

Oppland har eit variert klima, særleg når det kjem til vind og nedbør. Dei fleste busette områda har eit «dalklima» med lite vind og nedbør, kalde vintrar og varme somrar.

I høgda bles det oftast frå mellom sørvest og vest, men den kraftigaste vinden kjem vanlegvis frå nordvest, og denne kan òg slå ned i dalane. I rolege vêrsituasjonar er det terrenget som pregar vinden. Om vinteren vil lufta ofte strøyme frå høgare til lågare nivå, ned dalsider og ut dalføra. Om sommaren bles det ofte dalvind motsett veg, særleg om ettermiddagen.

Middeltemperaturen varierer lite gjennom vinteren. I januar er middeltemperaturen mellom ca. –8 °C og ca. –12 °C både i dalføra og i fjellet. Dei lågaste temperaturane er frå –30 °C til –35 °C, enkelte stader ned mot –40 °C. I juli er middeltemperaturen stort sett mellom 14 °C og 16 °C i dalføra. Fjell rundt 1000 moh. har 10–12 °C, i 2000 moh. er den normale julitemperaturen 3–5 °C. Dei høgaste målte temperaturane nede i dalane er mellom 30 °C og 35 °C.

Nedbøren for året varierer frå kring 700 mm i søraust til 400 mm og til dels mindre i dalstrøka. Heilt nord i Gudbrandsdalen med sidedalane her finn ein dei tørraste områda i landet, som Skjåk, med under 300 mm på eit heilt år. Dette kjem av at området ligg i regnskuggen til dei høge fjellområda kring. Nedbøren aukar med høgda. I sentrale og søraustlege fjell er det rundt 1000 mm på det meste. Det kjem som regle mest nedbør i juli og august, men i fjellet kjem det òg mykje nedbør på vinterstid.

Tåke er vanlegast på hausten og tidleg på vinteren. I dalane er tåka stort lokal og opptrer oftast nær opne elvar og vatn. Tåke i fjellet kjem hovudsakleg av låge skyer som driv inn frå mellom vest og søraust. I dei sentrale fjellområda er det lite tåke.

Historie

Før Harald Hårfagre samla Noreg var Oppland eit småkongedøme. Nokre kongar av Oppland var

  • Eystein, far til Åsa som gifta seg med Halfdan Hvitbeinn i Ynglingasoga
  • Halfdan «den gamle» Sveidasson (om lag 750)
  • Ivar Halfdansson (om lag 770)
  • Eystein «Glumra» Ivarsson, far til Ragnvald Eysteinsson (788)

Politikk

Det er 37 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2015:

Parti: Representantar:
Arbeidarpartiet 16
Høgre 5
Framstegspartiet 3
Sosialistisk Venstreparti 1
Senterpartiet 7
Miljøpartiet dei grøne 2
Kristeleg Folkeparti 1
Venstre 2

Even Aleksander Hagen (Ap) er fylkesordførar og Aud Hove (Sp) er fylkesvaraordførar.

Kommunar

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0501 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Lillehammer Lillehammer 000000000000477.0000000000477 bokmål Sør-Gudbrandsdal
0502 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Gjøvik Gjøvik 000000000000672.0000000000672 bokmål Gjøvik
0511 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Dovre Dovre 000000000001364.00000000001 364 nøytral Nord-Gudbrandsdal
0512 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Lesja Lesja 000000000002259.00000000002 259 nøytral Nord-Gudbrandsdal
0513 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Skjåk Bismo 000000000002076.00000000002 076 nynorsk Nord-Gudbrandsdal
0514 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Lom Fossbergom 000000000001969.00000000001 969 nynorsk Nord-Gudbrandsdal
0515 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Vågå Vågåmo 000000000001330.00000000001 330 nynorsk Nord-Gudbrandsdal
0516 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Nord-Fron Vinstra 000000000001141.00000000001 141 nynorsk Midt-Gudbrandsdal
0517 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Sel Otta 000000000000905.0000000000905 nøytral Nord-Gudbrandsdal
0519 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Sør-Fron Hundorp 000000000000742.0000000000742 nøytral Midt-Gudbrandsdal
0520 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Ringebu Vålebru 000000000001248.00000000001 248 nøytral Midt-Gudbrandsdal
0521 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Øyer Tingberg 000000000000640.0000000000640 nøytral Sør-Gudbrandsdal
0522 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Gausdal Segalstad bru 000000000001192.00000000001 192 nøytral Sør-Gudbrandsdal
0528 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Østre Toten Lena 000000000000562.0000000000562 bokmål Toten
0529 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Vestre Toten Raufoss 000000000000249.0000000000249 bokmål Toten
0532 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Jevnaker Jevnaker 000000000000226.0000000000226 bokmål Hadeland
0533 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Lunner Roa 000000000000292.0000000000292 bokmål Hadeland
0534 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Gran Jaren 000000000000757.0000000000757 bokmål Hadeland
0536 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Søndre Land Hov 000000000000728.0000000000728 bokmål Land
0538 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Nordre Land Dokka 000000000000955.0000000000955 bokmål Land
0540 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Sør-Aurdal Bagn 000000000001109.00000000001 109 nøytral Valdres
0541 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Etnedal Bruflat 000000000000459.0000000000459 nøytral Valdres
0542 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Nord-Aurdal Fagernes 000000000000907.0000000000907 nøytral Valdres
0543 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Vestre Slidre Slidre 000000000000463.0000000000463 nynorsk Valdres
0544 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Øystre Slidre Heggenes 000000000000963.0000000000963 nynorsk Valdres
0545 Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Vang Vang 000000000001505.00000000001 505 nynorsk Valdres
Totalt Oppland Fylke: Geografi, Klima, Historie  Oppland Lillehammer ' 000000000025190.000000000025 190 nøytral Oppland

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Oppland Fylke GeografiOppland Fylke KlimaOppland Fylke HistorieOppland Fylke PolitikkOppland Fylke KommunarOppland Fylke KjelderOppland Fylke BakgrunnsstoffOppland FylkeAkershus fylkeBuskerud fylkeFylkeHedmark fylkeInnlandet fylkeKystMøre og Romsdal fylkeNoregOslo kommuneSogn og Fjordane fylkeTrøndelag fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BrexitInformasjonsteknologiElizabeth II av StorbritanniaFredrik SkavlanDisney Channel SkandinaviaKolonialhandelJantelovenDen islamske statenJean-Claude JunckerAndreas RombergSosialismeVoss heradDrinfossenStyresettHøgaste fjell i EuropaXboxAftonbladetBloggVätternOlivia RodrigoBrøytNeville ChamberlainLeksikonLinerleIsCaliforniaAnimismeWikiJaroslav SoukupElektrostatisk generatorJonsokUrfolkAlfred MaurstadVM i alpine greiner 2019Byar i HellasTeltNasjonale minoritetar i NoregBizkaiaSeladonRådyrSamisk kulturEukaryotarBrunStilarkVerktøyet filAntiqueMogopJosef StalinBon Iver, Bon IverÐHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottLamaHurtigrutaDekarEddie MurphyEnrico CarusoØFrankararIslamismeLokeKjell HovdaStand by MeFinlandNyttårSerious Hits… Live!Sergej SjojguManuel Isidoro BelzuSamisk historieEdderkoppar i kulturenSilje NordnesGoogleJonas LieAstrid LindgrenJohn P. HammondTegan and Sara🡆 More