Vendland

Vendland eller Vindland er eit norrønt namn på landområdet på sørsida av Austersjøen (det baltiske havet), lokalisert frå Slien, den gongen grensa mot Danmark i den austlege luten av noverande Holstein, til elva Wisla ved byen Gdansk (eller Danzig).

Vendland
Skisse over landskapet Vendland i norrøn tid.
Teikning av Martin Furseth

Geografi

Vendland inkluderte det historiske landskapet Pommern, og i tidleg norrøn tid var landet oppdelt i mange slaviske folkestammer. Krønikeforfattaren Adam av Bremen kallar området for «Slavarland» (Sclavania) og nemner (kap. 21 og 22 i bok nr 2) dei ulike stammene. I dei norrøne kongesogene er landet oftast kalla berre Vendland, Vindland eller Slavarland. Der finn vi nemningar som:

    Vindlendingr (person frå Vendland)
    Vind-lenzkr, (Vendlandsk)
    Vindr (folk i Vendland)
    vindverskr (vendisk språk).
Vendland 
Wollin i Pommern - kart frå 1905

Det einaste stadnamnet dei norrøne sogene nemner frå Vendland, er Jomsborg. I Fagerskinna er det nemnt at kong Harald Blåtann herja i Vendland (Vindland) og let då føre opp ei borg som vart kalla Jomi (Jómi) som seinare vart kalla Jomsborg (Jómsborg). Adam av Bremen omtalar fleire stader denne byen som «slavarane sin by Jumne». Det er ein teori om at byen låg på øya Wollin (Wolin) ved munninga til Oder, der venderane frå gamal tid hadde ein marknadsplass. Teorien er omdiskutert.

Ein finn òg referanse til Vendland i mange samtidige skaldedikt. Arnor jarlaskald nemner i «Magnusdråpa» både «vendarane» og «Jomsborg», der han skildrar at kong Magnus herja og brende byen. (Vann, þás Venðr of minnir, vápnhríð konungr síðan; sveið of ôm at Jómi). I «Olafsdråpa» nemner òg Hallfred Vandrædaskald folkenamnet «Vender» (Vinða).

Det norrøne landskapet Vendland er i dag ein del av Nord-Tyskland og Polen.

Personar frå Vendland

Det var herskarar av Piast-dynastiet som samla dei ulike folkestammene til eit rike, som vart grunnlaget for kongedømet Polen. Hertug Mieszko I (fødd 922-945, død 25. mai 992) herska frå om lag 960 og blir rekna som den faktiske grunnleggaren av Polen. Sonen hans, Bolesław I den modige (Bolesław Chrobry) (fødd 966 eller 967 død 1025) tok over styring etter faren i 992, og vart i 1025 krona som den første kongen av Polen.

Dei skandinaviske landa hadde stort samkvem med Vendland og herskarane der, både på godt og vondt. Dette kan nemnast:

Kong Harald Blåtann var gift med ei «Tove frå Venden». Ho let reise ein runestein etter si mor, ved noverande Sønder Vissing kyrkje i Danmark. Innskrifta lyder slik: Tófa lét gera kuml, Mistivis dóttir, ept móður sína, kona Haralds hins Góða, Gorms sonar, og ein reknar med at ho var dotter til prins Mistivoj (princeps Winulorum) som herska over obotrittane, eit vendisk folk i det noverande Mecklenburg.

Kong Olof Skötkonung hadde ei frillekone som heitte Edla. Snorre omtalar henne som ei trælkvinne og at ho var dotter til ein jarl frå Vendland. Adam av Bremen opplyser i kap. 39 at kong Olof seinare gifte seg med Estrid, dotter til ein obotrittisk hovding (truleg prins Mieceslas f.ca 943).

Ein kong «Burislav» frå Vendland er nemnt fleire gonger i kongesogene, men oftast utan at ein kan verifisere ein historisk samanheng. Omkring år 980 vart kong Svein Tjugeskjegg gift med Gunnhild, dotter til «venderkongen Burislav» og alt tyder på at ho hadde det polske namnet Świętosława og var dotter til den polske hertugen Mieszko I (sjå ovanfor).

Kong Magnus den gode, då han var dansk konge, heldt slag med vendarane ved Lyrskogshede (Hlyrskogheiđi), som ligg 5-6 kilometer nord for byen Slesvig. Arnor jarlaskald nemner òg om dette i «Magnusdråpa»: han «førte krigsskjold til Vendarane sitt land» (herskjǫld bôruð, til Venða grundar).

Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Vendland GeografiVendland Personar frå Vendland NotarVendland ReferansarVendland BakgrunnsstoffVendlandAustersjøenGdanskHolsteinWisla

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VinkelfartBokormLydfartUSAEvnukkParagrafBlåmannTønsberg kommuneFilmserien Harry PotterVoss heradISO 4217Kon-Tiki-ekspedisjonenVeneziaSnøPer HenriksenMarius UrzicăSusanne SundførNoregCarl I. HagenKredittkortTigrinjaTyrkiaNorsk ytre språkhistorieKarbalaCyanOslo kommunePauBrusselDag HammarskjöldNynorsk WikipediaEtasjeRosenborg BallklubProfil-opprøretJohannes BarstadHeilagdagkaktusMarokkoDavid CameronSagaen om IsfolketPellucid marginal degenerasjonDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenNikolaus KopernikusLTorskAustvågøyHauge i DalaneStupaMosesTidslinje over norsk historieJantelovenListe over primtalSvartspettCubaThe Rolling StonesSamisk språkhistorieElon MuskLemmingKari ØklandJamstellingsvedtaketKøbenhavnBergens TidendeRudolf BlodstrupmoenEØNew York byArnaMS «Vega» (1938)Arab al-AramsheOppdrag SognefjordenKunsteventyrVulkanar i ItaliaTurbanDen dominikanske republikkenSvastikaOnamSigmaEmma Watson🡆 More