Klima I Nord-Amerika

Klima i Nord-Amerika tek for seg klimatilhøva i Nord-Amerika, som omfattar Canada, USA, Mexico og Mellom-Amerika på fastlandet i tillegg til øyar der, i Karibia og Grønland.

Klima I Nord-Amerika
Tornado nær Mayfield i Oklahoma. Eit døme på eit av dei mange alvorlege uvêra som kan råke Nord-Amerika.

Klimaet i Nord-Amerika inneheld litt av alt. Kraftige orkanar, store tornadoar, lammande snøstormar, kraftige regnfall, periodar med tørke, og litt fint vêr innimellom. Hollywood har gjennom filmane sine kanskje gjeve eit feilaktig bilete av vêret på kontinentet som eit stort meteorologisk melodrama, men store delar av tida er det mykje fint vêr med ei regn- eller snøbyge i ny og ne, og av og til kanskje litt torevêr.

Dei nordlege delane av kontinentet dannar eit enormt landområde som har arktisk og kjøleg temperert klima. Dei sørlege delane har ofte kystnært tropisk klima.

Hovudårsaka til at Nord-Amerika er så utsett for så mykje forskjellig kraftig uvêr er den unike geografien på kontinentet. Dei fleste kontinent har fjellrekkjer som går på kryss og tvers, medan Nord-Amerika i hovudsak berre har ei stor fjellrekkje, Rocky Mountains, som går frå nord til sør. Fjellrekkja ligg i vest og blokkerer marin luft frå å strøyme innover dei sentrale og austlege områda av kontinentet. Dermed er det berre vestkysten av USA og Canada som har eit klima som kan samanliknast med Europa, som er påverka av luft frå Atlanterhavet. Ein kunne kanskje tru at sidan luft frå Stillehavet berre påverkar områda lengst vest, så ville områda aust for fjellrekkja vere tørre ørkenområde, som ein har i dei sentrale områda kalla Outback i Australia. Den austlege halvdelen av USA og Canada er likevel forholdsvis fuktig. Den sterke jetstraumen over midten av kontinentet driv uvêr austover og bort frå austsida av fjella. Store skogområde dekkjer mykje av landskapet utanom i byane, og dei fleste plassane her har høgare årleg nedbørsnormal enn London, Beijing eller Cape Town. Mexicogolfen gjev fukt til dei sørlege vindane, som gjev nedbør i austlege område av USA og Sør-Canada. Utanfor austkysten av USA går den varme Golfstraumen nordover, og dette gjer at lågtrykk, som er nær tropiske, kan hente ut mykje energi frå dette varme vatnet sjølv på vinteren og på midlare breidder.

Klima I Nord-Amerika
Auget av orkanen Katrina sett frå lufta i 2005.

Det er om lag 5000 km frå Vancouver i vest til Halifax i aust i Canada. Mykje av dette strekket er flate prærie- eller skogområde. Desse enorme slettene strekkjer seg frå sentrale delar av Canada og sørover til kysten av Mexicogolfen. Dette gjer at nordleg kald polarluft kan strøyme uhindra sørover på kontinentet kvar vinter. Om sommaren snur dette vindmønsteret, og fuktig og mild luft strøymer nordover med den sørlege vinden. Den amerikanske staten Kansas er kalla opp etter dei innfødde Kansa-indianarane, der namnet tyder «folket av den sørlege vinden». Når desse to luftmassane møter kvarandre, særleg på våren, får ein ofte intense torevêr og tornadoar.

Dei vestlege fjella i Nord-Amerika strekkjer seg sørover i den vestlege halvdelen av Mexico, medan dei austlege områda er flate område. Det høge terrenget og dei låge breiddegradane gjer at varmen her sjeldan vert ubehageleg, bortsett frå lengst nordvest. Regn har ein stort sett i den våte tida på året, frå mai til oktober. Denne perioden vert kalla den amerikanske monsunen. Tropiske orkanar kan derimot gje ekstra mykje nedbør og kraftig vind, og kan føre til store øydeleggingar på den sørlege og austlege kystlinja av Mexico, i tillegg til austkysten av USA frå Texas til New England.

Kjelder

Tags:

CanadaGrønlandKaribiaKlimaMellom-AmerikaMexicoNord-AmerikaUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BlåKarbalaIslamAgnetha FältskogByar i HellasAustraliaVaginaHjørundfjordenKvadratmeterMåndagNéa ZíkhniMellomalderenVendlandJordaBerlinmurenKari Werner ØfstiGåsElon MuskBrigitte BardotMS «Venus» (1931)ISO 8601Nord-SulawesiPellucid marginal degenerasjonTrekanthandelFotballØyvind AlsakerHeilagdagkaktusStareKristopher SchauNibiruVerdsdelEngelskKøbenhavnParagrafTurbanHallingdansByar i NederlandDet skeive tårnet i PisaMeisefamilienVinkelfartKrapina-ZagorjeHjerneTranebærSikhismenSpesifikk varmekapasitetEuropaCubaSnøVassøyna i GulenEli Kari GjengedalFriksjonHTMLRomanen BeatlesMediaWikiDer ingen skulle tru at nokon kunne buPromakhónasStjernebiletet OrionJonsereds Fabrikers ABAlbert EinsteinAstrid LindgrenMyrullKyle WalkerParlamentarismeRoland BrücknerLangeMeter per sekundØrsta kommuneKirsti BergstøHermeneutikkNangijalaHardangerfjordenDet Bergenske Dampskibsselskab1900-taletOlivia RodrigoMolde kommuneIndonesiaFrans av Assisi🡆 More