«Fat Bottomed Girls»(1978)
Don't Stop Me Now Singel av Queen frå albumet Jazz | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. januar 1979 | |
Innspelt | August 1978 at Super Bear Studios (Berre-les-Alpes, France) | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | ||
Komponist | Freddie Mercury | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«Bicycle Race» / | Don't Stop Me Now | «Mustapha» (1979)
|
«Don't Stop Me Now» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1978 på albumet Jazz. I 1979 vart songen gjeven ut på singel. Songen var skriven av Freddie Mercury og vart spelt inn i august 1978 i Super Bear Studios i Berre-les-Alpes (Alpes-Maritimes) i Frankrike.
Musikalsk byggjer songen på pianospelinga til Mercury, medan John Deacon og Roger Taylor spelar bassgitar og trommer. Songen er eit døme på kjennemerket til Queen med harmonivokal i mange lag i refrenget.
I studioversjonen spelar Brian May berre gitar i gitarsoloen, men på konsertane spelte May òg rytmegitar på resten av songen for å gje større rockekjensle. Eit konsertopptak av ein slik versjon finst på albumet Live Killers frå 1979. Songen finst òg på samlealbumet Greatest Hits. I juni 2011 vart det gjeve ut ein versjon av songen på albumet med meir gitar.
I følgje ein studie gjort av ein kognitiv nevroforskar, så var «Don't Stop Me Now» den songen som gav høgast «feel good»-kjensle gjennom tidene.
Singelen nådde niandeplassen i Storbritannia, men berre 86. plassen i USA. Han vart då han kom ut sett på som ein av dei mindre viktige songane til Queen, og vart berre spelt på konsertar i 1979, og siste gongen under Crazy-turneen. Trass i dette har songen vokse i status sidan den gong og har i dag blitt ein av dei mest populære songane til Queen. Singelen har seld til gull i Storbritannia.
Videoen for songen var regissert av J. Kliebenstein og filma i Forest National i Brussel i Belgia den 26. januar 1979.
På den japanske, nordamerikanske og australske utgåva var «More Of That Jazz» B-sida til songen.
Region | Salstrofé |
---|---|
Italia (FIMI) | Gull |
Storbritannia (BPI) | Gull |
USA (RIAA) | Gull |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Don't Stop Me Now, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.