Alderspensjon

Alderspensjon er ei sosial ordning som går ut på at samfunnsmedlem som har oppnådd ein viss alder får ei jamn pengestøtte, som regel etter at dei har forlate arbeidslivet.

Tabell 1: Offisiell pensjonsalder og faktisk, gjennomsnittleg avgangsalder frå arbeidslivet i Europa i 2005
Land Pensjonsalder Avgangsalder
Island 67 66,3
Noreg 67 63,1
Irland 66 64,1
Sverige 65 63,7
Portugal 65 63,1
Storbritannia 65 62,6
Sveits 65 62,5
Spania 65 62,4
Finland 65 61,7
Nederland 65 61,5
Belgia 65 60,6
Austerrike 65 59,8
Italia 65 59,7
Luxembourg 65 59,4
Hellas 58 61,7
Danmark 65 60,9
Tyskland 65 61,3
Frankrike 60 58,8

Land som ikkje har ordningar med alderspensjon, eller har ordningar med svært låg kompensasjonsgrad, opplever ofte stor sosial naud blant dei eldre innbyggjarane sine.

Pensjonsalderen varierer mykje i dei landa som faktisk har ein slik ordning.

Alderspensjon i Noreg

I Noreg kan alderspensjonen koma frå tre kjelder: frå folketrygda, frå ei tenestepensjonsordning og frå individuell pensjonsordning.

Alderspensjon frå folketrygda

Alderspensjon etter lov om folketrygd blir gjeve til personar over 67 år. Pensjonsordninga er ein viktig del av det norske velferdssystemet. Med ein pensjonsalder på 67 år har Noreg høgare pensjonsalder enn mange andre land, men det norske pensjonssystemet i alt vesentleg blir rekna for å vere eit godt system. Dette både i tilhøve til sosial utjamning og fordeling mellom generasjonane.

Alderspensjonen frå folketrygda blir rekna ut på bakgrunn av trygdetid (samsvarar i hovudsak med kor mange år ein har budd i Noreg i alderen 16 til 66/69 år) og pensjonspoeng som ein har tent opp på grunnlag av pensjonsgjevande inntekt (arbeidsinntekt mv.) i alderen 17 til 75 år.

Pensjonen er delt i tre ulike delar, grunnpensjon (rekna ut på bakgrunn av trygdetid), tilleggspensjon (på bakgrunn av opptente pensjonspoeng) og eit særtillegg (på bakgrunn av trygdetid) dersom ein har låg eller inga opptening av tilleggspensjon. Summen av grunnpensjon og særtillegg utgjer minstepensjon, og sikrar eit minste inntektsnivå i alderdommen.

I tillegg kan dei som sytar for born under 18 år eller har ektefelle med låg eller inga inntekt få forsørgingstillegg.

Ein kan tene uavgrensa samstundes som ein mottek full alderspensjon. Da pensjonsalderen vart redusert frå 70 til 67 år i 1973 vart det innført reglar om redusert pensjon ved arbeidsinntekt i alderen 67 til og med 69 år. Desse reglane vart gradvis oppheva i perioden 2007 til 2009.

Pensjonen blir årleg oppregulert gjennom endringar i grunnbeløpet i folketrygda.

Pensjonen er skattepliktig, men blir skattlagt gunstigare enn lønnsinntekt på grunn av skatteavgrensingregelen, låg sats for trygdeavgift og særfrådrag for alder.

Pensjonen blir rekna ut og betalt ut av NAV. Utbetaling skjer som hovudregel den 20. kvar månad. Det er dagens yrkesaktive som dekker utbetalingane til dagens pensjonistar. Den demografiske strukturen i Noreg tilseier at det blir færre og færre yrkesaktive attom kvar alderspensjonist. Den einskilde kan sjølv få eit overslag på kva alderspensjonen vil kome til å utgjere gjennom nettenesta Din pensjon på nettsidene til NAV.

Stortinget vedtok våren 2009 endringar i alderspensjonen frå folketrygda. Dei viktigaste endringane er fleksibelt uttak av alderspensjon i alderen 62 til 75 år, levealdersjustering, nye reglar for regulering og nye oppteningsreglar. Reglane vil få verknad for alle alderspensjonistar frå 2011, men størst verknad for personar fødde i 1963 eller seinare, som vil få alderspensjonen sin rekna ut fullt ut etter nye reglar.

Alderspensjon frå tenestepensjonsordning

Alderspensjon frå individuell pensjonsordning

Kjelder

Referansar

Tags:

Alderspensjon i NoregAlderspensjon KjelderAlderspensjonArbeidslivPenge

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Carl XVI Gustaf av SverigeOlga DanilovaSteinWikipediaNatriumkloridIggy PopOddvar BråRumpetrollPeter Wessel TordenskjoldDanmarkHar SedomKvam heradAndreas Hofgaard WinsnesCommunist Party of Great BritainSydneyCycles av The Doobie BrothersGolden Gate BridgeLivstykkeTaekwondoBergen kommuneSvartebokaPárgaImperialismeDonauCountryKonform avbildingBlåmannHotel Union ØyeRye i East SussexJa, vi elsker dette landetHepatitt C-virusFridomssosialismeFársalaOdinSovjetunionenOksygenHarry PotterHenrik II av EnglandBetzy Akersloot-BergMaren LundbyKravområde i AntarktisPlussForbundsrepublikkHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottHaikuPeter ŠťastnýLuftfartøyHochalmspitzeMeirJean-François MilletHøyKelly ClarksonKongsberg IdrettsforeningPeriferieininga IoánninaDickey BettsBente KahanThe Power to BelieveKristin SkogheimVestmannaeyjar lufthamnBuddhismenGiroItaliensk salatSlovenskJeanne d'ArcPhil MillerJerry ReedAnatolij FirsovSki-VM 2019Frits ThaulowOne Hundred and One DalmatiansEmma WatsonJeórjos Karaiskákis i ÁrtaHound DogEnrico CarusoKilling🡆 More