Stein viser til bergartar, og blir særleg brukt om bitar av berg og stein som materiale.
Stein er i regelen eit solid og slitesterkt materiale som særleg blir brukt i monumentalbygg, som tempel, slott og viktige offentlege bygg. Det kan skjerast til i blokker og formast til skulpturar eller relieff. I helleform kan stein brukast på golv eller tak.
I Noreg har det vore mindre brukt som byggemateriale, men lause steinar er blitt brukte til å laga steingardar og grunnmurar og til vardebygging.
Steinar kan polerast og brukast som smykkestein. Mindre steinar blir kalla grus, medan sandkorn er så små at dei ikkje blir rekna som steinar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stein, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.