Imperialisme

Imperialisme er et meget bra spill som sammeligner fortnite, utnytting av andre land eller territorier.

Dette kan skje direkte gjennom territorial erobring eller indirekte gjennom politisk og/eller økonomisk kontroll. Imperialisme er ofte brukt som nemning på ein politikk for å opprette koloniar og for å dominere andre land - også land i andre verdsdelar enn heimlandet. Det britiske imperiet bestod av koloniar i alle verdsdelar, derfor sa dei «The sun never sets on the British Empire». Mange andre europeiske land var også kolonimakter.

Imperialisme
Cecil Rhodes skrid over Afrika i ein karikaturteikning frå Punch. Han ville «farga kartet britisk raudt», og hadde mange interesser i koloniseringa av Afrika.

Ein tidleg imperialisme og opphavet til nemninga var Romarriket, det romerske imperiet, i antikken.

Etter at dei formelle koloniane blei sjølvstendige, ofte etter blodige krigar der kolonimaktene brukte alle middel for å slå ned dei nasjonale oppstandane, er nykolonialisme den typiske forma for imperialisme.

Nykolonialisme inneber at land er formelt sjølvstendige, men reelt dominerte både politisk og økonomisk. Dette har til dømes lenge kjenneteikna forholdet mellom USA og mange land i Latin-Amerika. At desse landa har vore formelt sjølvstendige, har ikkje hindra både indirekte og svært direkte USA-amerikansk intervensjonisme. Det er frå somme hald hevda at kapitalistisk globalisering på mange måtar er eit framhald av nykolonialismen. Det er også stilt spørsmål om angrepskrigen mot og okkupasjonen av oljelandet Irak kan sjåast i ein slik samanheng.

Imperialisme er også nemninga på det synet som går på at europeiske land har ein siviliserande misjon overfor land i andre verdsdelar.

I nyare tid har det også vore forsøk på å kritisere ein meir kulturell form for imperialisme, og då først og fremst den globale spreiinga av amerikansk kultur.

I marxistisk teori blir gjerne imperialisme knytt til Lenins påstand om at imperialismen er «kapitalismens høgaste stadium». Imperialismen blir, ut frå denne teorien, drive fram av monopoliseringa av kapitalen i heimlandet som fører til auka konkurranse om ressursar og marknader verda over.

Tags:

Det britiske imperietEuropaKolonimaktPolitikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SydneyJonas LieOddvar BråMount Salisbury i AntarktisPhil MillerMøteplassHellerman RocksJeanne d'ArcRussiskSkigardsviseLinn UllmannIvar Lo-JohanssonNikolaj DahlJaroslav SakalaListe over primtalAsker kommuneInformasjonskapselSystem of a DownIngrid FiskaaXboxLimaCaramelloSilvevAndreas RombergWikifrasarGiroMaiken Caspersen FallaNihilismeFree Fallin'DompapLivstykkeManuel ChrysolorasSymbolVoss heradJerry DouglasHarald EiaDesta Marie BeederÆHar SedomHumleLønnEllen DeGeneresMikal KirkholtEngland og WalesNord-AmerikaDemian VitanzaKommunikasjonssatellittRonja RøverdatterSexyPeter ŠťastnýSki-VM 2019TuonelaCiceroVitamin KKabelsporvognFascismeFlammepunktZirósDu må ikke soveFranz LisztGunnar StaalesenJonas BrothersSvartehavetHerman WildenveyColombiaNangijalaFreiaPodsolÅkerbærPetter SalstenReguleringsventilTémbi i LárisaReligiøse debattar om Harry Potter-serienBjørkefinkSpesifikk varmekapasitetKommunismeIsland🡆 More