Relieff

Relieff er ei form for skulptur der motivet er delvis opphøgd og framheva i høve til ei plan bakgrunnssflate.

I høgrelieff eller hautrelieff står den biletlege framstillinga opp frå bakgrunnsplanet, i lågrelieff eller basrelieff er djupneforholda sterkt forkorta og figurframstillinga trer ikkje mykje fram frå bakgrunnsplanet. Det finst også mellomformer (demi-relief) og relief en creux, nedsenka relieff.

Relieff
Dette høgrelieffet frå ein romersk marmorsarkofag frå rundt 250 e. Kr. med ei kampscene mellom romerske soldatar og germanarar.
Relieff
Nedsenka relieff (relief en creux) brukt på husalter frå det 18. egyptiske dynastiet som viser Akhenaten, Nefertiti og tre av døtrene deira. Denne reliefftypen er karakteristisk for det gamle Egypt.
Relieff
Karakteristisk flatt lågrelieff eller bas-relief frå Assyria viser kong Assurnazirpal II frå 800-talet f. Kr.

Ordet «relieff» kjem frå italiensk rilievo gjennom fransk relief og tyder 'gjort høgare'. Omgrepet blei først brukt av Cennino Cennini rundt 1400. Teknikken er særs gammal, og er mellom anna kjend frå istidskunst. Dei fleste kulturfolk har hatt ei eller anna form for relieffer eller skulpturell flatekunst. I Sumer, Assyria og Det gamle Egypt blei relieff mellom anna brukt til å dekorera gravminne, tempel, medaljongar og myntar. Det same galdt Hellas i antikken og Romarriket, der ein kan nemna dei greske Parthenonrelieffa og den 40 meter høge Trajansøylen av marmor i Roma. Relieff er også kjend frå tempel og byggverk elles i verda, for eksempel på øya Elephanta ved Mumbai i India og tempelruinen Borobudur på Java i Indonesia. I Noreg finn ein relieffkunst frå norrøn tid i dyreornamentikk på smykke og i treskurd.

Under renessansen lærte kunstnarar seg nye teknikkar for å visa anatomi og perspektiv meir realistisk både i måleri og relieff. Lorenzo Ghiberti sine berømte relieffutsmykka bronsedører Porta del Paradiso til baptisteriet i Firenze stammar frå tidleg i denne perioden.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Relieff  Commons har multimedium som gjeld: Relieff
Relieff  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Skulptur

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Italiensk salatJa, vi elsker dette landetBiePeriferieininga LárisaBZFlagPRISMEuropaKjønnscelleRepublikkKjerringa med stavenAn-MagrittVegard UlvangSpaniaPilt-Ola27-årsklubbenSkigardsviseTilsynelatande storleiksklasseSvartehavetAnatolij FirsovGunnhild SundliSystem of a DownGitarforsterkarFase-arrangert antenneClaudio LangesSteve PorcaroNihilismeFollo FotballklubbRusslandHTMLIsbjørnFuerteventuraSyndikalismeBerlinmurenSamleieBjørnProgrammeringsspråket JavaMolde kommuneGunnar StaalesenTwitterKnut T. StorbukåsGiroSennesvikHøgaste fjell i EuropaJohn ScofieldPetter SalstenDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenTatjana TomasjovaApeNettrollEli Kari GjengedalNorskInternasjonalenÅkerbærFuruTenaza PeakNord-KoreaOslo kommuneKarikaturProduksjonViggo MortensenNangijalaLundefuglSoúliLagerthaAndCarles PuigdemontC++AegisPaparoa nasjonalparkMaria Gamborg HelbekkmoGresk mytologiEnrico CarusoRussisk litteraturDet norske flaggetMuhammadu BuhariCharlène av Monaco🡆 More