Marianegropa er verdas djupaste djuphavsgrop.
Marianegropa ligg vest i Stillehavet, aust og søraust for Marianane, på 11°21′ N 142°12′ Ø, nær Guam. Gropa markerer også grensa der to tektoniske plater møtest; Stillehavsplata vert her pressa under den filippinske plata.
Den største djupna i Marianegropa er Challengerdjupna, 11 034 meter under havflata. Denne djupna er langt større enn høgda til Mount Everest over havet. Djupa vart danna då Stillehavsplata vert pressa under den filipinske plata.
Det lengste menneske har kome ned i gropa er 10 927 meter. Rekorden vart satt av den amerikanske oppdagaren Victor Vescovo i ein mini-ubåt i mai 2019.
Ekspedisjonen til Don Walsh og Jacques Piccard var dei første som dykka ned i gropa, i ein batyskaf (spesial-ubåt) kalla «USS Trieste». Dei nådde 10 916 meter ned den 23. januar 1960.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Marianegropa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.