Tempel

Noverande religionar:

Døme på tempel

  • Buddhistisk tempel
  • Djaintempel
  • Hindutempel
  • jødisk tempel
  • Mormontempel
  • Ortodoks tempel
  • Parsartempel

Tidlegare religionar:

  • Romersk tempel
  • Gresk tempel

Tempel er ei nemning som blir brukt om heilage bygningar innan mange religionar. Ordet kjem frå latin templum som tyder 'heilag stad'. Eit tempel blir som regel rekna som ein stad der ein guddom held til, og ein utfører gjerne ei form for tilbeding der. Det finst ofte reglar for kven som kan koma inn og korleis ein skal oppføra seg i tempel.

Tempel
Tempel til Hefaistos i Aten.
Tempel
Buddhisttempelet Daigoji i Japan.

Bruk av ordet

Tempel er eit vidt omgrep som kan femna om gudshus innan fleire religionar. Det blir noko sjeldnare brukt innan dei abrahamittiske religionane, der muslimar aldri vil omtala ein moské som eit tempel, dei fleste kristne har mange ulike namn på sakralbygg men bruker sjeldan tempel, og jødar ofte samlar seg i ein synagoge eller shul ettersom Tempelet i Jerusalem ikkje finst lenger. Det finst likevel kristne tempel innan ortodoks kristendom og mormontrua, og mange reformjødar brukar ordet tempel om gudshus.

Tempel 
Kvinne i eit tempel på Taiwan.

Bruk av tempel

Truande kan gå til tempel for å tilbe guddommar, til dømes ved å be, utføra offerhandlingar, og bli signa av gudebilde eller prestar. Ein kan òg gå til tempel for å vera saman med andre truande.

Det kan stillast visse krav til dei som vil inn i tempel, som at dei skal vera (rituelt) reine og passande påkledde. I visse religionar får berre dei som høyrer til religionen koma inn i tempelet. Det blir òg venta at ein viser ein viss respekt for guddommen.

Kjende tempel

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Tempel  Commons har multimedium som gjeld: Tempel

Tags:

Tempel Bruk av ordetTempel Bruk av tempelTempel Kjende tempelTempel Sjå ògTempel BakgrunnsstoffTempel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MeirReirClaudio LangesRichie FaulknerHochalmspitzeAntiqueSvartebokaTrekanthandelKamferHardy-gutteneJapanRaudstrupe157Harry PotterPeriferieininga PrévezaMayo ClinicNederlandskDonauVik kommuneNicolette LarsonNorsk ytre språkhistorieBunadKapitalismeReligiøse nasjonalsymbolVulvaSki-VM 2019Martha SkrettebergSentral-MakedoníaAristotelesOperativsystemDompapPortugisiskPannemerke i hinduismenAksel SandemoseNynorskAndreas Hofgaard WinsnesDen raude plassenMaskorama (sesong 4)Kristin SkogheimVinJerry DouglasNorsk fonologiEnrico CarusoLonely and BlueJoe BidenSogn og Fjordane fylkeForvandlingaWilliam ShakespeareIlta-SanomatGunnar StaalesenPierre-Simon LaplaceFuruIndonesiaLemmingHindutempelPlaneten MarsLonnie MackBergenKjønnscelleForbundsrepublikkSpedbarnVangsgutaneWikifrasarA Touch of ClassDag HammarskjöldSamfunnsendringTyrkiaMaud av NoregHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottGrunnstoffet tinnRusslandFreddie MercuryKattIngrid FiskaaPil🡆 More