Helle: Personnamn

Hella og Helle er skandinaviske personnamn, stadnamn og slektsnamn.

Namnet er særleg brukt som kvinnenamn i Danmark, men er også eit mindre vanleg mannsnamn. Helle har norsk namnedag den 20. november.

Helle: Bruk, Kjende namneberarar, Stader som heiter Helle
Freske i Pompeii som viser Helle i sjøen medan broren Frixos flyg vidare på vêren som redda dei.

Førenamna er avleidd av Helga og Helge, som kjem frå norrønt heilagr, 'heilag'. Helle er også namnet på ei jente i gresk mytologi som havet Hellespont er kalla opp etter.

Helle er utbreidd som stadnamn og slektsnamn i Noreg, då ofte med tydinga 'flatt fjell'. Det blir også skrive Hille og finst i fleire samansetjingar, som Helland, Hellem og Helleberg.

Bruk

Helle har vore mykje brukt som kvinnenamn i Danmark, men bruken har gått ned mot slutten av 1900-talet. I Noreg voks det i popularitet frå rundt 1930, med ein topp i første halvdel av 1960-åra, då rundt 0,25 % av jenter fekk namnet. Ved byrjinga av 2000-åra var det også ein auke i bruken, og opp mot 0,20 % av nyfødde blei kalla Helle.

I 2008 var det 35 018 danske kvinner som heitte Helle og 303 som heitte Hella. I Noreg var det 2 260 som heitte Helle og 52 som heitte Hella same året.

Etternamnet Helle var brukt som slektsnamn av 2 088 nordmenn og 165 danskar i 2008.

Kjende namneberarar

Helle: Bruk, Kjende namneberarar, Stader som heiter Helle 
Den danske politikaren Helle Thorning-Schmidt.
  • Helle Virkner (f. 1925), dansk skodespelar
  • Helle Ryslinge (f. 1944), dansk skodespelar og filmskapar
  • Helle Degn (f. 1946), dansk politikar
  • Helle Helle (f. 1965), dansk forfattar
  • Helle Thorning-Schmidt (f. 1966), dansk politikar
  • Helle Beck Figenschow (f. 1974), norsk skodespelar

Stader som heiter Helle

Kjelder

Tags:

Helle BrukHelle Kjende namneberararHelle Stader som heiter Helle KjelderHelle20. novemberDanmarkKvinnenamnMannsnamnNorsk namnedagPersonnamnSlektsnamnStadnamn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RegionLynOttaJordbruksrevolusjonenDen siste istidaStockholms stadshusArtikkelDet internasjonale fonetiske alfabetetRumpeldunk76Samiske språkUkrainaStåle SolbakkenDon DixonCC Amfi40Den gregorianske kalenderenDen transsibirske jarnvegenTrude DrevlandGeotermisk gradientFolkesuverenitetsprinsippet31. marsDen kinesiske kalenderenSax-a-boomCatherine av CambridgeEØSMorten JentoftKirsti BergstøIrak1958EkstrapolasjonNorrøntDagny Juel20Trude MarsteinGurkemeie82CubakrisaDunning-Kruger-effektenFeltspatNasjonaldyrJuan Fernández-øyaneAlaskaByar i Nord-Makedonia3Gull1800-taletTeokratiKultur i 1894Saudi-ArabiaCathinka GuldbergUDen karolingiske renessansenTelegrafiTrekanthandelLangfredagsfjæreMarit VoldsæterJurij Koroljov85KyprosScrabbleMantelNSunniislamBenjamin NetanyahuKnut HamsunDen ytre kjernenKheróniaNasjonalromantikkenDifferensialgirBygdedyretHar SedomBoris JeltsinDidrik Solli-TangenUSA🡆 More