Jordbruksrevolusjonen eller den neolittiske revolusjonen viser til dei store endringane som skjedde i organiseringa av menneskesamfunn etter at dei tok til å halda husdyr og dyrka jorda.
Desse endringane markerer gjerne byrjinga av yngre steinalder. Dei fann stad uavhengig til ulike tider og på ulike stader i verda, og over eit lengre tidsrom.
Historikaren Vere Gordon Childe skapte omgrepa «Neolithic Revolution» og «Urban Revolution» på 1920-talet for å skildra den raske utviklinga av jordbruk og samfunn i Midt-Austen.
Den best kjende jordbruksrevolusjonen fann stad frå 9000- til 7000-talet f.Kr. i den fruktbare halvmånen i Midt-Austen. Ein utvikla dyrking av plantar som etterkvart vart foredla: Korn, bygg og kveiteslaga einkorn og emmer; belgfrukter, linser, erter, kikerter, linsevikke, og tekstilplanten lin.
Nokre av dei første husdyra, sau, geit og gris, blei truleg først temde i dette området. Grisen blei i tillegg domestisert i Kina, medan storfe kan ha blitt domestisert både i Afrika, Sør-Asia og Midt-Austen rundt 8000-talet f.Kr. Hunden hadde lenge vore del av menneskeleg kultur.
Anna tidleg jordbruk fann stad på Papua Ny-Guinea, der dyrking kan ha funne stad frå 8000-talet. I Kuk på Ny-Guinea er det funne prov på dyrking av banan, taro og yams.
Aust i Kina er det funne spor etter hirsedyrking frå rundt 8300 til 6700 f.Kr. Risdyrking tok til frå om lag 7000-talet f.Kr. ulike stader i Kina, Søraust-Asia og kanskje også i India.
Mehrgarh i noverande Pakistan er det eldste døme på jordbruk i Sør-Asia, frå 7000-talet f.Kr., der ein i tillegg til bygg og kveite også dyrka brystbær og dadlar.
Ein dyrka mais for oppimot 9000 år sidan i Mexico. Graskar og bønner var også tidlege dyrka matplantar i Amerika.
I Afrika utvikla fleire ulike kulturar jordbruk uavhengig frå kvarandre frå rundt 5000-talet f.Kr. Medan Nord-Afrika tok del i utviklinga i den fruktbare halvmånen, hadde dyrking av yams, sorghum og afrikansk ris (Oryza glaberrima) utgangspunkt i Sentral-Afrika. Det etiopiske høglandet hadde sitt heilt eigne planteliv og jordbruk med artar som teff, ensete og fingerhirse. I mange område av Afrika la ein større vekt på dyrehald enn dyrking av jorda.
I Sør-Skandinavia tok ein til å dyrka jorda rundt 4000-talet f.Kr., og om lag to tusen år seinare i nordlegare strok.
Andre kulturar har hatt jakt og sanking som næringsgrunnlag fram til moderne tid.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jordbruksrevolusjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.