Teokrati er ei styreform der religion eller tru spelar ei viktig rolle.
Ordet kjem frå gresk theokratía (θεοκρατία), sett saman av theos (θεος), gud, og kratein (κρατειν), å styra. Styreforma vert også kalla prestestyre eller kyrkjestyre. Ein kan også skilja mellom hierokrati, der eit presteskap har makta, skriftteokrati, der ein heilag tekst er grunnlag for samfunnsordninga, og eit sakralt kongedøme, der herskaren blir rekna som guddommeleg eller med gudgjeven makt.
I den mest vanlege bruken av omgrepet teokrati kan nokre sivile herskarar vera identiske med leiarar innan den dominerande religionen eller trusretninga, politikken er anten identisk med eller sterkt påverka av prinsippa til denne trua (ofte fleirtalsreligionen), og styret hevder å herska på vegner av Gud eller ei høgare makt, som spesifisert av den lokale religionen. I motsetnad til andre styreformer, kan teokrati vera unik i og med at det administrative hierarkiet til regjeringa ofte er identisk med det religiøse administrative hierarkiet. Dette skil eit teokrati frå styreformer som har ein statsreligion eller frå tradisjonelle monarki der statsleiarar hevdar at autoriteten deira er gudgjeven.
Nokre døme på teokrati er Det bysantinske riket, der keisaren også var overhovud for kyrkja. I tidleg islam var profeten Muhammed og dei tidlege kalifane leiarar for teokrati.
I nyare tid kan ein nemna Vatikanstaten og Iran som døme på teokrati. I førstnemnde er Paven statsoverhovud, sjølv om det meste er territoriet til Vatikanstaten er regulert av italienske lovar. I Iran har ein religiøs leiar kalla ein ayatolla hatt vide fullmakter til å prega samfunnsutviklinga sidan den iranske revolusjonen i 1979.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Teokrati, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.