Faryngitt: Type øvre luftvegsinfeksjon

Faryngitt er ei samlenemning for betennelse i svelget bak i halsen.

Det plar å vere smertefullt, og er den vanlegaste årsaka til sår hals.

Faryngitt: Klassifikasjon, Årsak, Diagnostikk
Betent munnsvelg med hevelse og raudne

Betennelsen kan vere anten kronisk eller akutt (snøggvoren og kortvarig). Faryngitt kan føre til at mandlane blir oppblåste, slik at dei forstyrrar svelging og pusting. Faryngitt kan følgjast av hoste eller feber, særleg viss den skuldast systemisk infeksjon.

Dei fleste akutte tilfella skuldast virusinfeksjonar (40—80 %), medan resten skuldast bakterieinfeksjonar, soppinfeksjonar eller irritasjonsmiddel som til dømes miljøgifter eller kjemikaliar. Behandling av virusinfeksjon er i hovudsak symptomatisk, men bakterie- og soppinfeksjon kan behandlast med høvesvis antibiotika og antimykotika.

Ordet kjem frå det greske ordet pharynx som tydar «strupe», og etterstavinga -itis som tydar «betennelse».

Klassifikasjon

Faryngitt er ein betennelse som vanlegvis skuldast øvre luftvegsinfeksjon. Den kan klassifiserast som akutt eller kronisk. Akutt faryngitt kan vere katarral, purulent eller ulcerativ, avhengig av virulensen til den utløysande agenten og immunkapasiteten til det vedkomande individet. Kronisk faryngitt er den vanlegaste øyre-nase-hals-sjukdommen og kan vere katarral, hypertrofisk eller atrofisk.

Viss betennelsen også omfattar halsbetennelse (tonsillitt) blir den gjerne kalla faryngotonsillitt. Ein annan underklassifikasjon er nasofaryngitt (vanleg forkjøling).

Årsak

Storparten av tilfella skuldast overføringa av infeksiøse organismar frå nærkontakt med ein smitta person.

Infeksiøs

Viral

Desse utgjer om lag 40—80 % av alle infeksjonane og kjenneteiknar ei rekkje ulike virusinfeksjonar.

  • Adenovirus — den vanlegaste virusårsaka. Lymfeknutane er typisk moderat oppblåste. Ein plar å ha store smerter i halsen, men den er vanlegvis ikkje raud.
  • Influensavirus kan valde influensa — er følgd av snøgt stigande temperatur, hovudverk og generalisert smerte. Ofte følgd av sår hals.
  • Infeksiøs mononukleose («lymfekjertelbetennelse») valda av Epstein—Barr-virus. Dette kan føre til voldsom hevelse og eksudativ tonsilitt med markert raudne og hevelse i halsen. Monospotprøve kan brukast ved mistanke om infeksiøs mononukleose.
  • Herpes simplexvirus kan føre til fleire munnsår.
  • Meslingar
  • Vanleg forkjøling: rhinovirus, respiratorisk syncytialt virus og parainfluensavirus kan føre til infeksjon i halsen, øyrene og lungene med typiske forkjølingssymptom og ofte ekstrem smerte.

Bakteriell

Ei rekkje bakteriar kan føre til infeksjon i halsen. Den vanlegaste er gruppe A-streptokokkar, men andre døme er Streptococcus pneumoniae, Haemophilus influenzae, Bordetella pertussis, Bacillus anthracis, Corynebacterium diphteriae, Neisseria gonorrhoeae, Chlamydophila pneumoniae og Mycoplasma pneumoniae.

    Streptokokkhalsinfeksjon
Faryngitt: Klassifikasjon, Årsak, Diagnostikk 
Streptokokkhalsinfeksjon

Streptokokkhalsinfeksjon er valda av gruppe A betahemolytiske streptokokkar (GAS). Det er den vanlegaste årsaka til bakteriell faryngitt (15—30 %). Vanlege symptom er feber, sår hals og store lymfeknutar. Det er ein smittsam infeksjon som kan spreiast ved kroppskontakt med andre personar. Sikre diagnosar kan gjerast med halskultur. Antibiotika kan bidra til å minske komplikasjonar og minske rekonvalesenstida.

    Fusobacterium necrophorum

Fusobacterium necrophorum er til vanleg busett i halsfloraen og kan stundom føre til peritonsillære abscessar. Ved 1 av 400 tilfelle ser ein Lemierres syndrom.

    Difteri

Difteri er ein potensielt livstrugande øvre luftvegsinfeksjon som skuldast Corynebacterium diphtheriae, som i stor grad er utrydda i utviklingslanda sidan innføringa av barndomsvaksinering, men som fortsatt finst i den tredje verda og i aukande grad i Aust-Europa. Antibiotika er nyttig i dei tidlege stadia, men læking plar å vere veldig langsam.

    Andre

Andre årsaker er sjeldne, men ofte svært dødelege, medrekna infeksjonar i det parafaryngeale rom: peritonsillær abscess, infeksjon i spatium submandibulare («Ludwigs angina») og epiglotitt («strupelokbetennelse»).

Fungal

Av og til kan faryngitt skuldast soppinfeksjon av Candida albicans og føre til trøske (oral candidainfeksjon).

Ikkje-infeksiøs

Faryngitt kan òg oppstå ved mekanisk, kjemisk eller termisk irritasjon, til dømes frå kald luft eller syrerefluks. Lækjemiddel som pramipeksol og antipsykotika kan føre til faryngitt.

Diagnostikk

Modifiserte Centor-kriterium
Poeng Sannsyn for infeksjon Behandling
1 eller mindre <10 % Antibiotika og halskultur er ikkje påkravd
2 11–17 % Antibiotika basert på kultur eller RADT
3 28–35 %
4 eller 5 52 % Empirisk antibiotikabehandling

Det kan vere vanskeleg å skille mellom virus- og bakterieinfeksjonar på grunnlag av symptoma, så ein plar å ta halsprøve for å utelukke bakterielle årsaker.

Modifiserte Centor-kriterium kan brukast for finne behandling til pasientar med faryngitt. Den er basert på 5 kliniske kriterium som kan auke sannsynet for infeksjon.

Eitt poeng er gitt for kvar av kriteria:

  • Fråvêr av hoste
  • Opphovna eller ømme halslymfeknutar
  • Temperatur >38.0 °C eller hevelse
  • Yngre enn 15 år (trekk frå eitt poeng viss alderen er >44)

McIsaac-kriterium byggjer på Center:

  • Alder mindre enn 15 år: legg til eitt poeng
  • Alder høgare enn 45 år: trekk frå eitt poeng

Infectious Disease Society of America rådar imot bruk av empirisk antibiotikabehandling og seier at antibiotika berre bør brukast etter positive prøvar. Prøvar er ikkje påkravd hjå barn under 3 år sidan gruppe A-streptokokkar og revmatisk feber er sjelden, med midnre dei òg har sjuke søsken.

Behandling

Behandlinga plar å vere symptomatisk. Spesifikke behandlingar er effektive ved bakterie-, sopp- og herpes simplexinfeksjonar.

Lækjemiddel

  • Analgetika som til dømes ikkje-steroide antiinflammatoriske middel og paracetamol kan bidra til å minske smerten ved sår hals. Aspirin kan brukast av vaksne, men er frårådd hjå barn på grunn av risiko for Reyes syndrom.
  • Steroidar som til dømes deksametason har vist seg å vere nyttig ved alvorleg faryngitt.
  • Tjuktflytande lidokain lindrar smerte ved å lamme slimhinnene.
  • Antibiotika kan vere nyttig ved sår hals som skuldast bakterieinfeksjon. Dei har ingen effekt ved virusinfeksjon.
  • Orale analgetiske løysingar, vanlegvis med fenol som aktiv ingrediens. Mindre vanlege ingrediensar er benzokain, cetylpyridinklorid og/eller mentol.

Alternative behandlingar

Alternative behandlingar blir ofte fremja og brukt som behandling av sår hals. Dei har lite prov for effektiv verknad.

Epidemiologi

Akutt faryngitt er den vanlegaste årsaka til sår hals. Akutt faryngitt og sår hals blir diagnostisert i 1,9 millionar menneske årleg i USA.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Faryngitt: Klassifikasjon, Årsak, Diagnostikk  Commons har multimedium som gjeld: Faryngitt

Tags:

Faryngitt KlassifikasjonFaryngitt ÅrsakFaryngitt DiagnostikkFaryngitt BehandlingFaryngitt Alternative behandlingarFaryngitt EpidemiologiFaryngitt KjelderFaryngitt BakgrunnsstoffFaryngittBetennelseSvelgSår hals

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Herr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottJohn P. HammondMargrethe II av DanmarkTriasMichael UhrmannNasjonale minoritetar i NoregOlav V av NoregBodhisattvaKónitsaNato-alfabetetCaliforniaKarikaturBjorøyhavnRoger McGuinnYggdrasilLamaUsbekistanMaren LundbyReidar JohansenFrankararSaltKvigeNew ZealandMatematikarJon FosseNihilismeSusanne SundførIranLangnebbparakittKanye WestErik HöglundTidslinje over norsk historieHound DogCyanTeltPeter ŠťastnýEmma WatsonPetter NorthugDen europeiske unionenLuciano PavarottiKjemiIvan KramskojAnette HoffEnaresjøenRoger KjendalenTrekanthandelPlantarGrunnstoffet tinnSola kommuneHar SedomSionistNamnedagar i NoregSupermannTatjana TomasjovaBarack ObamaPeter F. WolfLønnClaudio LangesHenning SolbergOverarmsbeinLittle WalterTidvatnKinas kommunistpartiTwitterDrivhusgassThe Power to BelieveAmarantfamilien157AlmFinding NemoKronografAmasoneMS-DOSOs kommune i HordalandPilCarl LarssonHillary Clinton🡆 More