Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Wiki:Spire

Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia

Eg er berre ei spire
med tankar få
eg veks nok til
om du fyller på

Artiklar som bør bli meir utfyllande blir på Wiki kalla spirer, eller, om dei er særs korte, frø. Slike artiklar blir samla i kategoriar slik at ein lett kan finna dei og hjelpa dei til å veksa – sjå Kategori:Spirer.

Ein merker artiklar som spirer ved å leggja til malen {{spire}} i artikkelen. Her kan ein også oppgje tema for artikkelen og om det er viktig eller ikkje å utvida han.

Kva merker ein som spire?

Einkvar leksikonartikkel som manglar viktige delar kan merkast som spire. Det vil seia at mange korte artiklar, men også lange som treng tillegg, bør merkast. Er det snakk om eit sentralt emne kan artikkelen stå merka som spire i lang tid.

Spirenivå

Svært korte eller mangelfulle artiklar kan merkast som «frø». Artiklar om sentral emne kan merkast som «viktig», medan mindre viktige emne, eller artiklar som ikkje treng så mykje meir arbeid, kan merkast som «uviktig». Dette gjer ein slik:

{{spire|type=frø}}

{{spire|type=viktig}}

{{spire|type=uviktig}}

Emne

Det kan vera nyttig å samla spirer om liknande emne i kategoriar. Det gjer ein ved å oppgje opptil tre emne i spiremerket. Vanlege emne er fagfelt, som fysikk eller samfunn, geografiske område, som Finland eller Rogaland, i tillegg til nokre underfelt, som drikke og teikneseriar.

Ein oppgjev emne slik:

{{spire|teikneserie|Noreg|historie}}

Rekkefølgen speler lita rolle, men la gjerne den mest generelle eller emnet som har tettast samband med spireartikkelen stå først.

Spireoversyn

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Wiki:Spire, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.