Den iranske revolusjonen i 1979 er hendingane som førte til at monarkiet under sjah Muhammed Reza Pahlavi vart styrta og erstatta av ein islamsk republikk under ayatollah Ruhollah Khomeini.
Dei første store demonstrasjonane mot sjahen byrja i januar 1978. Mellom august og desember dette året var det mange store streikar og demonstrasjonar.
Sjahen forlét Iran midt i januar 1979, og to veker seinare kom Khomeini tilbake frå eksilet sitt. Sjah-regimet braut saman 11. februar, da opprørsstyrkar slo regimetru styrkar i gateslag.
Ei folkeavstemming gjorde landet til islamsk republikk 1. april. Iran vart eit teokrati med Khomeini som øvste leiar i desember 1979. Følgjene av revolusjonen er sterkt omstridde, ikkje minst blant iranarane sjølve.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den iranske revolusjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.