Det Nederlandske Koloniriket

Det nederlandske imperiet eller det nederlandske koloniriket (nederlandsk Het Nederlandse Koloniale Rijk) er koloniriket til Nederland.

Kolonihistoria byrja på 1600-talet, då Det nederlandske austindiakompaniet (VOC) byrja sjå etter nederlandske handelsinteresser i Indiahavet.

Det Nederlandske Koloniriket
Nederlandske koloniar før andre verdskrigen.

Ulike koloniar

Surinam

Surinam, som tidlegare heitte Nederlandsk Guyana, blei nederlandsk koloni i 1667 og sjølvstendig i 1975. Kort tid etter sjølvstendet flytta ein tredel av innbyggjarane i Surinam til Nederland. Det einaste offisielle språket i staten er framleis nederlandsk.

Indonesia

Nederlendarar byrja kolonisera Indonesia på 1600-talet, og namnet på kolonien var lenge Nederlandsk Austindia. Under den japanske okkupasjonen i 1942 erklærte Indonesia sjølvstende. Etter andre verdskrigen lykkast Nederland ikkje i å få øyane tilbake under kontroll, og i 1949 anerkjende dei indonesisk sjølvstende.

I dag

Nederlandsk kolonihistorie er stadig tydeleg i Sør-Afrika, der afrikaans blir snakka av fleire innbyggjarar. Ifølgje forskarar blei språket utvikla som eit kontaktspråk mellom nederlandsktalande innvandrar frå Europa og kreolisert nederlandsk som blei brukt av det lokale sanfolket.

Den moderne Kongeriket Nederlanda består av Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Øyane Bonaire, Sint Eustatius og Saba fungerer som kommunar i Nederland og ikkje som separate land innan kongeriket.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Det Nederlandske Koloniriket  Commons har multimedium som gjeld: Det nederlandske koloniriket

Tags:

Det Nederlandske Koloniriket Ulike koloniarDet Nederlandske Koloniriket I dagDet Nederlandske Koloniriket KjelderDet Nederlandske Koloniriket BakgrunnsstoffDet Nederlandske Koloniriket1600-taletDet nederlandske austindiakompanietIndiahavetKoloni

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Flåten til Det Bergenske DampskibsselskabHelena BrodtkorbTrøndelag fylkeByar i OmanWikipediaGrønLundefuglPilt-OlaIvar Lo-JohanssonDeltaRekreasjonFolkestyreBuddhistiske høgtiderGeitEmma EllingsenEtanO helga nattMicrosoft WindowsJantelovenPeter GabrielPeter BoszRaimbaut d'OrangeVictoria av SverigeRoger Kjendalen2019Maud av NoregHistorisk oversyn over kommunar i HordalandLysBjørnUkrainsk kulturSamleieSamisk kulturSymbolMouzákiJonas LieMThe Times of IndiaMahatma GandhiTaekwondoPorsgrunnssangenDet engelske herrelandslaget i fotballVesle GaldhøpiggenHundFrozenStian AasenRundeEØSDet internasjonale fonetiske alfabetetEikefjordVulkanar i ItaliaKalkulusIolkósMartha SkrettebergRudolf BlodstrupmoenNormert talemålKristian ØdegårdHurtigrutaOdd NordstogaPer SpelmannNoregAfghanistanC++HindugudarJonsokAdolf HitlerTilsynelatande storleiksklasseDiktKenth EldebrinkCelsiusDet norske flaggetByar i HellasØresundbruaSunnhordlandsdialekt🡆 More