Austindia, Ostindia eller Dei austindiske øyane er namn som er blitt nytta om Den indiske halvøya, Søraust-Asia, Indonesia og øyane omkring.
Omgrepet er lite brukt i dag.
Nemningar som Aust- eller Ostindia blei brukt i Vesten opphavleg om dei to halvøyane «Forindia» (den indiske halvøya) og «Bakindia» (Indokina) i tillegg til dei austindiske øyane - øygruppene i Søraust-Asia mellom det asiatiske fastlandet og Ny-Guinea og Australia. Innbyggjarane på Dei austindiske øyane vert stundom kalla austindarar for å skilje dei frå indarane i India, Karibia (som stundom vert kalla Vestindia) og amerikanske indianarar.
Novernade land som var omfatta av omgrepet er India, Pakistan, Bangladesh, Myanmar, Sri Lanka, Maldivane, Thailand, Kambodsja, Laos, Brunei, Singapore, Filippinane, Aust-Timor, Malaysia og Indonesia. Nederlandske koloniar i området vart kalla Nederlandsk Austindia før Indonesia fekk sjølvstende.
Austindia kan òg inkludere Indokina, Filippinane, Brunei, Singapore og Aust-Timor, men ikkje vestlege Ny-Guinea (Vest-Papua), som er ein del av Melanesia.
Regionar i Austindia er stundom delt inn etter kva kolonirike dei høyrte til, til dømes Britisk Austindia som refererer til Malaysia, Nederlandsk Austindia som er Indonesia og Spansk Austindia som er Filippinane.
Europearane kom til desse regionane seint på 1400-talet og tidleg på 1500-talet, ført an av portugisiske utforskarar. Regionane vart viktige kjelder for handelsvarer, særleg bomull, indigofargestoff og krydder etter at det vart oppretta europeiske handelsselskap, som Det britiske og Det nederlandske austindiske kompaniet på 1600-talet.
Kristoffer Columbus trudde i starten at Den nye verda var den austlegaste delen av dei indiske områda, då han hadde bomma grovt på den vestlege avstanden frå Europa til Asia. For å unngå forvirring vart Den nye verda seinare kalla «Vestindia», medan dei opphavlege indiske øyane vart kalla «Austindia».
Folkeslaga i Austindia har eit stort kulturelt mangfald og reknar seg ikkje som ei enkel etnisk gruppe. Hinduisme, buddhisme og islam er dei vanlegaste religionane i regionen, men i enkelte område òg kristendom, sikhisme, jainisme og andre tradisjonelle trusretningar. Språket regionen er variert og kjem frå mange språkfamiliar i Sør-Asia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dei austindiske øyane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.