Det britiske austindiske kompaniet (engelsk (British) East India Company) var eit handelskompani skipa 31.
desember 1600 ved kongeleg konsesjon av dronning Elisabeth I. I løpet av dei neste 250 åra vart selskapet eitt av dei mektigaste føretaka i verda.
Verksemda til selskapet var i hovudsak retta mot India, der det tileigna seg forvaltningsmessige og militære oppgåver.
Perioden som territorialmakt for selskapet på det indiske subkontinentet vert rekna frå slaget ved Plassey i 1757, der Sir Robert Clive tileigna seg retten til å skattleggje det rike Bengal. Sjølv om slaget i seg sjølv var av avgrensa storleik, vert det rekna som starten på ein 100-årsperiode der britane erobra store delar av dagens India, Pakistan og Bangladesh.
Kompaniet opererte som overhovud i India fram til 1858, då staten overtok det formelle ansvaret, etter å ha gradvis påført Kompaniet større grad av statleg kontroll.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det britiske austindiske kompaniet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.