Molde er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal.
Molde kommune fekk sine noverande grenser etter kommunereforma 2020 då dei tidlegare kommunane Molde, Nesset, og Midsund kommune blei slåtte saman til nye Molde kommune. Heile landarealet inkludert innsjøar er no ca. 1503 km²., meir enn det tredoble av Molde sitt areal før år 2020.
Molde kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Molde | ||
Areal | 1 503,36 km² | ||
- land | 1 437,80 km² | ||
- vatn | 65,56 km² | ||
Folketal | 32 816 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Trygve Grydeland (H) (2023) | ||
Kommunenr. | 1506 | ||
Molde kommune 62°44′00″N 7°11′00″E / 62.733333°N 7.183333°E | |||
| |||
Wiki Commons: Molde | |||
Nettstad: www.molde.kommune.no | |||
Kommunen ligg på nordsida av Romsdalsfjorden og strekkjer seg austover i den tidlegare Bolsøy kommune kring Fannefjorden, omfattar halvøya mellom henne og Langfjorden. Dessutan heile nordsida av Langfjorden, rundt Eidsvågen og Eresfjorden, øyane Sekken (18,45 km²), Veøy (1,1 km²) og Bolsøy (4,9 km²). Kommunen grensar no til Aukra kommune, Hustadvika kommune og Gjemnes i nord, Vestnes og Rauma i sør, Ålesund kommune i sørvest, Sunndal i aust og til Lesja i Innlandet fylke i søraust.
Byen Molde har eit velkjent utsyn mot det såkalla Moldepanoramaet som tel 222 tindar. Molde vart ladestad i 1614 og kjøpstad i 1742. Bykjernen vart hardt skadd ved bybrannen den 21. og 22. januar 1916, og seinare ved tysk bombing i april 1940 (285 bygningar totalskadd). Vart attreist med store forretningsgårdar langs breie gater.
Byen er Romsdals sentrum og fylket Møre og Romsdals administrasjonsby; bispesete frå 18. september 1983.
Industrien omfattar m.a. Oskar Sylte Mineralvannfabrikk (kjend ananasbrus), skipsverft og annan verkstadindustri, samt ein stor lysarmaturfabrikk (Glamox). Her ligg òg ein høgskole (tidlegare ei avdeling av distriktshøgskulen i fylket), stort sjukehus, flott fotballstadion, Romsdalsmuseet og den gamle storgarden Moldegård, amtmannsbolig frå 1704, modell for Ibsens "Rosmersholm". Molde vert vitja av mange turistar, og mest hektisk er det under jazzfestivalen midt i juli.
Høgskolen i Molde ligg like vest for Molde sentrum og tilbyr bachelor- og mastergradsstudier innan fagområda, økonomi, informatikk, samfunnsfag, helse- og sosialfag. I tillegg tilbyr Høgskolen i Molde doktorgradsutdanning i logistikk.
I Molde ligg òg republikken Makedonia sitt generalkonsulat i Noreg.
1890-åras idyll med småe hus og store, bugnande hagar, gav Molde tilnamnet "Rosenes by".
Molde er òg kjend for fotballaget sitt, Molde Fotballklubb, som i mange år har hevda seg helt i toppen (med Champions League-spel i 1999 som høgdepunkt).
Molde lufthamn ligg på Årø austom byen. Byen er hamn for hurtigruteanløp.
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Etter dei store kommunesamanslåingane på midten av 1960-talet vart Molde kommune den tredje største kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. I 1969 passerte han Kristiansund i folketal, og har sidan då vore den nest største byen og kommunen i fylket.
Folketalsutvikling for noverande Molde kommune frå 1900:
1900 | 1920 | 1.12.1930 | 3.12.1946 | 1.1.1951 | 1.1.1961 | 1.1.1971 | 1.1.1981 | 1.1.1991 | 1.1.2001 | 1.1.2010 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
5258a | 7609a | 8357a | 10 346a | 11 667a | 15 571a | 19 186 | 20 912 | 22 252 | 23 773 | 24 795 |
Folk frå Molde vert kalla «moldensarar».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Molde kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.