Victoria (fødd 14.
juli 1977) er kronprinsesse av Sverige og hertuginne av Västergötland. Ho er dotter av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Victoria er storesyster til prins Carl Philip av Sverige og prinsesse Madeleine av Sverige, og Sverige sin tronarving. Ho vart fødd prinsesse, men vart gjennom ei attendeverkande endring av grunnlova i Sverige kronprinsesse 1. januar 1980.
Victoria | |||
| |||
Fødd | Victoria Ingrid Alice Désirée 14. juli 1977 Solna i Sverige | ||
---|---|---|---|
Tittel | Kronprinsesse av Sverige | ||
Alle titlar | 1977–1979 Prinsesse av Sverige 1980–i dag Kronprinsesse av Sverige Hertuginne av Västergötland | ||
Fullt namn | Victoria Ingrid Alice Desirée | ||
Hus eller slekt | Bernadotte | ||
Land | Sverige | ||
Mor | Silvia av Sverige | ||
Far | Carl XVI Gustaf av Sverige | ||
Ektefelle | Olof Daniel Westling | ||
Barn | Estelle av Sverige, Oscar av Sverige | ||
Medlem | Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien |
I 1995 vart Victoria tildelt storkrossen av St. Olavs orden.
24. februar 2009 kunngjorde det svenske hoffet at Victoria hadde trulova seg med Daniel Westling, som ho hadde vore vener med sidan 2002. Dei gifta seg 19. juni 2010 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm. 23. februar i 2012 fekk dei ei dotter som blir den neste i arvefølgja i Sverige. Dottera fekk namnet Estelle Silvia Ewa Mary.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Victoria av Sverige, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.