Andre pinsedag er måndagen etter pinsedagen, eller kvitsun(dagen) som han vart kalla i eldre nynorsk.
Andre pinsedag er tradisjonell gudstenestedag, men kan, avhengig av lokal sed og skikk òg verte nytta til konfirmasjon eller til friluftsgudstenester. Elles har mange annekskyrkjer som ikkje har gudsteneste på pinsedagen istaden gudsteneste denne dagen. Andre pinsedagen plar preiketeksten i Den norske kyrkja vere henta frå Evangeliet etter Johannes; anten den kjende teksten i Johannes 3.16 ff, eller Joh. 6.44 ff, som har same tema.
« | For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv. | » |
— Joh. 3,16 (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921) |
Annandag pingst var heilagdag i Sverige fram til 2004. I Storbritannia var Whit Monday bank holiday til 1967. Dagen vert halden som helg i mellom anna Frankrike, Tyskland, Sveits, Hellas, Ungarn, Belgia, Nederland og Danmark.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Andre pinsedag, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.