Carl Philip (fødd 13.
mai">13. mai 1979) er prins av Sverige, hertug av Värmland og tidlegare kronprins av Sverige. Han er einaste son av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Carl Philip vart fødd som kronprins, men gjennom ei grunnlovsendring i 1980 vart den agnatiske tronfølgja oppheva, og den eldre systera hans prinsesse Victoria av Sverige vart dermed næraste tronarving. Carl Philip har også ei yngre syster, prinsesse Madeleine av Sverige. Han vart trulova med den tidlegare glamourmodellen og Paradise Hotel-deltakaraen Sofia Hellqvist i 2014, og bryllaupet fann stad 13. juni 2015 i Slottskyrkan i Stockholm.
Carl Philip | |||
Prins Carl Philip og prinsesse Sofia etter bryllaupet 13. juni 2015 | |||
Fødd | Carl Philip Edmund Bertil 13. mai 1979 Stockholm i Sverige | ||
---|---|---|---|
Tittel | Prins av Sverige | ||
Alle titlar | 1979 Kronprins av Sverige 1980–i dag Prins av Sverige Hertug av Värmland | ||
Fullt namn | Carl Philip Edmund Bertil | ||
Hus eller slekt | Bernadotte | ||
Land | Sverige | ||
Mor | Silvia av Sverige | ||
Far | Carl XVI Gustaf av Sverige | ||
Ektefelle | Sofia av Sverige | ||
Barn | Alexander av Sverige, Gabriel av Sverige, Julian av Sverige |
Carl Philip er utdanna marineoffiser. Mellom dei mange ordnane hans finst også Storkrossen av St. Olavs Orden.
Føregangar Estelle av Sverige | Arvefylgja til den svenske trona | Etterfylgjar Madeleine av Sverige |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Carl Philip av Sverige, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.