Den Kongelege Norske St.
Olavs Ordenen er ein fortenesteorden innstifta av kong Oscar I den 21. august 1847 og kalla opp etter Olav den heilage. Han blir tildelt som «belønning for utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten». Med unnatak av kongelege og statsoverhovud blir ordenen berre gjeven til nordmenn.
St. Olavs Orden er inndelt i fem grader:
Kongen av Noreg er stormeister av ordenen. Dekorasjonane som høyrer til ordenen er kongen sin eigedom, og må leverast tilbake til han når mottakaren døyr.
Ordensteiknet er ein maltesarkross i kvitemaljert gull, som i midten framme og bak har ein høgraud glob med ein blå og dobbel kvit ring rundt. På framsida er globen utstyrt med løva frå riksvåpenet i gull, på baksida har han valspråket til kong Oscar I, «Ret og Sanhed». Mellom dei fire krossarmane er det ein krona O i gull skriven med gotisk skrift. Som kommandør- og riddarkross har ordensteiknet ei gyllen kongekrone over krossen.
Til ordenen høyrer det også eit kjede som kongen kan gje innehavarar av Storkorset.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.