Ein ellipsoide er ein tredimensjonal lekam, med tre ulike diametrar.
Han kan sjåast på som den tredimensjonale utgåva av ein ellipse.
Ei gjennomskjæring av ein ellipsoide vil alltid gje ein ellipse. Om to av ellipsens diametrar er like store kan ein tenkje seg at ellipsoiden er danna ved å la ein ellipse rotere rundt ein akse. Dette kallast ein rotasjonsellipsoide eller sfæroide. Han er flatklemt eller forlenga, etter som om rotasjonen er gjort rundt den vesle eller store aksen på ellipsen. Jorda og andre himmellekamar har forma til flatklemte sfæroidar.
Likninga for ein standard ellipsoide i kartesiske koordinatar er
der a og b er radien langs x- og y-aksane og c er polarradien langs z-aksen.
Volumet til ein ellipsoide er gjeven av formelen
Merk at likninga vert redusert til volumet for ei kule om dei tre radiane er like.
Voluma til den største innskrivne og minste omskrivne boksen er høvesvis:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ellipsoide, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.