Emma Watson

Emma Charlotte Duerre Watson (fødd 15.

april 1990) er ein britisk skodespelar, modell og aktivist. Watson blei fødd i Paris og voks opp i Oxfordshire, der ho var elev ved Dragon School og Stagecoach Theatre Arts i Oxford. Som barn blei ho kjend for rolla som Hermine Grang i Harry Potter-filmane, den første profesjonelle rolla si. Watson spelte i alle dei åtte Harry Potter-filmane frå 2001 til 2011, og blei både verdskjend, kritikarrost og velståande, med ei inntekt på rundt 60 millionar dollar.

Emma Watson
Emma Watson
Watson i 2013.
Fødd15. april 1990 (33 år)
FødestadParis
FødenamnEmma Charlotte Duerre Watson
Aktive år2001-no
Verka somSkodespelar og modell
SambuarGeorge Craig, Johnny Simmons
Kjende rollerHermine Grang i Harry Potter
PrisarYoung Artist Award for Best Leading Young Actress in a Feature Film, Teen Choice Award for Choice Movie Actress - Sci-Fi/Fantasy, Teen Choice Award for Choice Movie: Liplock, Teen Choice Award for Choice Summer Movie Star: Female

Watson heldt fram som skodespelar med filmar som Ballet Shoes (2007), The Tale of Despereaux (røyst, 2008), My Week with Marilyn (2011), The Perks of Being a Wallflower (2012) The Bling Ring (2013) og Noah (2014). I 2017 spelte ho hovudrolla Belle i gjenskapinga av disneyfilmen Beauty and the Beast (Skjønnheten og udyret). Som modell har Watson arbeidd for Burberry og Lancôme. Ho har også desiga klede for People Tree. I 2014 blei Watson æra av British Academy of Film and Television Arts (BAFTA) då ho vann British Artist of the Year Same året blei ho utnemnd til goodwill-ambassadør for UN Women og var med på å opna kampanjen deira HeForShe, som ber menn om å kjempa for kjønnslikestilling.

Bakgrunn

Emma Watson blei fødd i Paris som dotter av dei britiske advokatane Jacqueline Luesby og Chris Watson. Watson budde i Paris til ho var fem år. Foreldra skilte seg då ho var ung, og etter skilsmissa deira, flytta ho med mora og den yngre broren til Oxfordshire. I helgene var ho hos faren sin i London. Watson har uttalt at ho snakkar litt fransk, men «ikkje like bra» som før.

Etter å ha flytta til Oxford med mora og broren sin, gjekk Watson på Dragon School i Oxford til 2003. Frå ho var seks år ynskte ho å bli skodespelar, og gjekk på Stagecoach Theatre Arts, ein deltids-teaterskule der ho studerte song, dans og skodespel. Då ho var ti år, hadde ho opptredd i ulike Stagecoach-produksjonar og skole skodespel, t.d. Arthur: The Young Years og The Happy Prince. Etter Dragon School byrja Watson på Headington School, som òg er i Oxford.

Karriere og utdanning

Emma Watson 
Watson på premieren til Harry Potter og Ildbegeret, november 2005.
Emma Watson 
Watson saman med Daniel Radcliffe og Rupert Grint på premieren til filmen Harry Potter og Dødstalismanene - del 2.

Leitinga etter skodespelarar til den første Harry Potter-filmen byrja i 1999. Castingpersonellet fann Watson gjennom teaterinstruktøren hennar i Oxford, og produsentane blei imponerte av sjølvsikkerheiten hennar. Etter åtte auditionar fortale produsenten David Heyman Watson og to andre håpefulle, Daniel Radcliffe og Rupert Grint, at dei var blitt valde ut til å spela rollene som Hermione Granger, Harry Potter og Ron Weasley. Harry Potter-forfattaren J.K. Rowling støtta Watson frå hennar første prøveinnspeling.

Harry Potter and the Philosopher's Stone kom ut i 2001 sette filmen rekordar for premieresal og inntekter i opningshelga, og var filmen med høgast inntekter det året. Dei tre barna i hovudrollene fekk gode kritikkar, og Watson blei fleire gonger gjeven særkild ros. Watson blei nominert til fem prisar for opptredenen sin, og vann Young Artist Award for «Leading Young Actress».

På filmsettet blei ho og jamaldringane undervist i opptil fem timar om dagen. I juni 2006 tok ho GCSE-eksamen i ti fag, og fekk toppkarakterar, åtte A* og to A-ar.

I juli 2007 blei det hevda at Watson gjennom arbeidet i Harry Potter-serien hadde tent inn over 10 millionar pund, og ho uttalte at ho aldri ville trenga å arbeida for pengar at. I mars 2009 blei ho rangert som nummer 6 på Forbes si liste over Most Valuable Young Stars, og i februar 2010 blei ho omtalt som den best betalt kvinnelege stjerna i Hollywood etter å ha tent det ein rekna med var 19 millionar pund i 2009.

Trass suksessen til Order of the Phoenix var framtida til Harry Potter-filmane lenge i tvil, ettersom alle dei tre hovudrolleinnegavarane nølte med å binda seg til å spela inn dei to siste filmane. Daniel Radcliffe signerte til slutt kontrakten for filmane 2. mars 2007, men Watson var framleis usikker. Ho forklarte at det var eit viktig val, ettersom innspelinga av filmane ville ta opp ein periode på fire år, men til slutt gjekk med på at ho aldri kunne gje slepp på rolla som Hermione. Ho skreiv kontrakt for rolla 23. mars 2007.

Emma Watson 
Watson ved Filmfestivalen i Cannes i 2013.

Etter end grunnskule tok Watson eit pauseår for å filma Harry Potter and the Deathly Hallows frå februar 2009. Ho blei student ved Brown University i Providence i Rhode Island. I mars 2011, etter 18 månader ved universitet, kunngjorde Watson at ho kom til å utsetja eit semester eller to, men vitja Worcester College i Oxford i skuleåret 2011–12. I eit intervju med Ellen DeGeneres sa Watson at det tok henne fem år i staden for fire å fullføra på grunn av skodespelarbeidet, som gjorde at ho utsette to heile semester. 25. mai 2014 gjekk ho ut frå Brown University med ein bachelorgrad i engelsk litteratur.

Motearbeid

I september 2009 kunngjorde Watson at ho var knytt til People Tree, eit klesmerke som driv med rettferdig handel. Watson var kreativ rådgjevar for selskapet i samband med ein vårkollekjson som blei sloppen i februar 2010. Kleda var mellom anna inspirerte av Sør-Frankrike ogLondon. Watson vann Best British Style ved British Fashion Awards 2014.

Kvinnerettsarbeid

I juli 2014 blei Watson utnemnd til goodwill-ambassadør av UN Women. Ho hadde då allereie engasjert seg i utdanning for jenter gjennom besøk til Bangladesh og Zambia. I september same året heldt ho ein tale ved hovudkvarteret til SN som opna kampanjen HeForShe.

Filmar

År Filmtittel Rolle Regissør
2001 Harry Potter og de vises stein Hermine Grang Chris Columbus
2002 Harry Potter og Mysteriekammeret Hermine Grang
2004 Harry Potter og fangen fra Azkaban Hermine Grang Alfonso Cuarón
2005 Harry Potter og ildbegeret Hermine Grang Mike Newell
2007 Harry Potter og Føniksordenen Hermine Grang David Yates
2008 Historien om Despereaux Prinsesse Pea Røyst
2009 Harry Potter og Halvblodsprinsen Hermine Grang
2010 Harry Potter og Dødstalismanene del 1 Hermine Grang
2011 Harry Potter og Dødstalismanene del 2 Hermine Grang
2011 My Week with Marilyn Lucy
2012 The Perks of Being a Wallflower Sam
2013 This is the end Seg sjølv
2013 The Bling Ring Nicki
2014 Noah Ila Darren Aronofsky
2015 Colonia Lena Florian Gallenberger
Regression Angela Gray Alejandro Amenábar
2017 Beauty and the Beast Belle Bill Condon
The Circle Mae Holland James Ponsoldt
2019 Little Women Meg March Greta Gerwig

Fjernsyn

År Tittel Rolle Notar
2007 Ballet Shoes Pauline Fossil Fjernsynsfilm
2015 The Vicar of Dibley Reverend Iris Comic relief-episode

Musikkvideoar

År Tittel Rolle Musikarar
2010 Say You Don't Want It Hovudrolla One Night Only

Prisar og utmerkingar

År Organisasjon Pris Verk Resultat Ref.
2002 Saturn Award Best Young Actor Harry Potter and the Philosopher's Stone Nominert
Empire Awards Best Debut (med Daniel Radcliffe og Rupert Grint) Nominert
Young Artist Awards Best Performance in a Feature Film – Leading Young Actress Vinnar
Best Ensemble in a Feature Film (shared with Rupert Grint and Tom Felton) Nominert
2005 Critics' Choice Movie Awards Best Young Actress Harry Potter and the Prisoner of Azkaban Nominert
2006 Best Young Actress Harry Potter and the Goblet of Fire Nominert
Australian Kids' Choice Awards Favourite Female Movie Star Nominert
MTV Movie Awards Best On-Screen Team Nominert
2007 National Movie Awards Best Performance by a Female Harry Potter and the Order of the Phoenix Vinnar
2008 Empire Awards Best Actress Nominert
2010 People's Choice Awards Favorite On-Screen Team Harry Potter and the Half-Blood Prince Nominert
MTV Movie Awards Best Female Performance Nominert
Teen Choice Awards Choice Movie Actress: Fantasy Nominert
2011 Capri Art Film Festival Awards Best Ensemble Cast Award My Week with Marilyn Vinnar
Kids' Choice Awards Favorite Movie Actress Harry Potter and the Deathly Hallows – Part 1 Nominert
People's Choice Awards Favorite Movie Star (Under 25) Nominert
Empire Awards Best Actress Nominert
National Movie Awards Performance of the Year Nominert
MTV Movie Awards Best Female Performance Nominert
Best Kiss (med Daniel Radcliffe) Nominert
Best Fight (med Daniel Radcliffe, Rupert Grint, Arben Bajraktaraj og Rod Hunt) Nominert
Teen Choice Awards Choice Movie: Actress Sci-Fi/Fantasy Vinnar
Choice Movie: Liplock (med Daniel Radcliffe) Vinnar
Choice Summer Movie: Female Harry Potter and the Deathly Hallows – Part 2 Vinnar
2012 Kids' Choice Awards Favorite Movie Actress Nominert
People's Choice Awards Favorite Ensemble Movie Cast Vinnar
Favorite Movie Star (Under 25) Nominert
Saturn Awards Best Supporting Actress Nominert
MTV Movie Awards Best Female Performance Nominert
Best Kiss (med Rupert Grint) Nominert
Best Cast (med Daniel Radcliffe, Rupert Grint og Tom Felton) Vinnar
San Diego Film Critics Society Awards Best Supporting Actress The Perks of Being a Wallflower Vinnar
Best Ensemble Performance Vinnar
Boston Society of Film Critics Awards Best Supporting Actress Runner-up
2013 People's Choice Awards Favourite Drama Movie Actress Vinnar
MTV Movie Awards Best Female Performance Nominert
Best Kiss (med Logan Lerman) Nominert
Best Musical Moment (med Logan Lerman og Ezra Miller) Nominert
MTV Trailblazer Award Vinnar
Teen Choice Awards Choice Movie Actress: Drama Vinnar
Choice Movie: Liplock (med Logan Lerman) Nominert
Choice Style Icon - Nominert
2014 People's Choice Awards Favorite Comedic Movie Actress This Is the End Nominert
Teen Choice Awards Choice Movie Actress: Drama Noah Nominert
Britannia Awards British Artist of the Year - Vinnar
British Fashion Awards Best British Style - Vinnar
2017 MTV Movie & TV Awards Best Performance in a Movie Beauty and the Beast Vinnar
Best Kiss (med Dan Stevens) Nominert
Teen Choice Awards Choice Fantasy Movie Actress Vinnar
Choice Movie Ship (med Dan Stevens) Vinnar
Choice Liplock (med Dan Stevens) Vinnar
Choice Drama Movie Actress The Circle Vinnar
2018 Golden Raspberry Awards Worst Actress Nominert
Empire Awards Best Actress Beauty and the Beast Nominert
Kids' Choice Awards Favorite Movie Actress Nominert
Saturn Awards Best Actress Nominert
People's Choice Awards Style Star of 2018 - Nominert

Kjelder


Bakgrunnsstoff

Emma Watson  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Emma Watson
Emma Watson  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Emma Watson

Tags:

Emma Watson BakgrunnEmma Watson Karriere og utdanningEmma Watson MotearbeidEmma Watson KvinnerettsarbeidEmma Watson FilmarEmma Watson Prisar og utmerkingarEmma Watson KjelderEmma Watson BakgrunnsstoffEmma Watson15. april1990Harry Potter-filmaneHermine GrangOxfordshire

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

CERNMS «Queen Elizabeth 2»SkipshellerenJonas Gahr StøreSpektralklasse5. desemberPotemkins kulisser2012-fenomenetSilisiumVallaheianePanamakanalenMonogamiWashington County i OregonNapoléon BonaparteOrganisasjonen av oljeeksporterande landAndLangfredagHenningsværbrueneDei sørlege NederlandaCristiano RonaldoSnømyrkreElisabeth AndreassenWiki CommonsÄlvdalenFjodor DostojevskijKanye WestKonglebitCarles PuigdemontTidslinje over norsk historieGroßpetersdorfHurtigrutaDonauErik AndersenNummererte småplanetar/1–1000LagerthaOnsdagNorrøntMaputoØystein SundeCanadaLønnIsbreMexicoAlderspensjonStillits1662Yoichiro NambuNederlandskEngerdal kommuneNederland2024Atomubåtar som har gått nedTysdagJacob ObrechtKristian ØdegårdKirgisistanJiddischTysklandKunstig intelligensAstmaArgentinaNordaustpassasjenElvis PresleySkalmen fyrstasjonUN-nummerEpídavrosFred AstaireMTutankhamonDen julianske kalenderenSkulpturen Laksen🡆 More