@ eller krøllalfa er eit teikn, som mellom anna vert brukt mykje i e-postsamanheng.
Då Ray Tomlinson i 1971 fann på å sende e-post mellom to datamaskiner på Arpanet og skulle velje ein måte å skrive e-postadressa på, hadde han bruk for eit teikn til å skilje personnamnet frå datamaskina (eller staden) sitt namn. Behovet var eit teikn, som ikkje inngår i eit personnamn, firma eller stadnamn, og som finst på eit normalt tastatur.
På engelsk vert @ uttala som «at», altså ved, på eller hos. E-post-adressa [email protected] tyder med andre ord «Bill hjå Example».
I eit anna tidleg datasystem vart @ brukt til å lage linjeskift, sidan teiknet ikkje vart brukt som eit normalt teikn[treng kjelde].
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Krøllalfa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.