Lunde (Fratercula arctica), også kjent som sjøpapegøye eller lundefugl, høyrer til alkefuglane.
Lunde | |
Lunde | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Status i Noreg: Sterkt truga Utbreiinga av lunde | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Underorden: | Lari |
Familie: | Alkefamilien Alcidae |
Slekt: | Fratercula |
Art: | Lunde F. arctica |
Vitskapleg namn | |
Fratercula arctica |
Han er særmerkt av det fargerike nebbet sitt, som blir klart oransje under hekketida med gulraude konvekse striper bakover og er mørkebrunt inst mot hovudet.
Fuglen ein blågrå flekk omkring auget. På oversida er fuglen svart, på undersida er han kvit. Han har ein svart ring kring halsen, og er bleikt oskegrå på sidene av hovudet og på strupen. I vinterdrakt er føtene gulraude.
Ein vaksen lunde er mellom 28 og 35 cm lang, og har eit vengespenn på 50–60 cm. Lunden viser uvanleg dugleik i å symje og dukke, han kan flyge lågt over bølgjene og kan skjere gjennom dei med nebbet medan vengene og føtene slår ned i vatnet. Han slår med dei korte vengene i høg frekvens og når opp i ei ganske god flygefart. Føda er mest fisk, men lunden kan òg ta noko krepsdyr. Levetida er rundt 25 år.
Habitatet til denne alkefuglen er først og fremst i Nord-Atlanteren, det finst dessutan populasjonar i Nordsjøen, inn i Barentshavet og i Nordishavet nord til 80°N. Hekking går føre seg både på fastlandet og på øyar, meir enn halve verdspopulasjonen kan hekke på Island.
Lunden hekkar i koloniar. Hekkesesongen er frå april til august, resten av året lever fuglane på havet. I Noreg hekkar lunden på Vestlandet, men dei store koloniane finst frå Lofoten og nordover. Desse koloniane kan vere på fleire hundre tusen fuglar, den største kolonien er den på Røst og har vore på over 1,3 million par. I fuglefjellet bygger lunden reiret sitt i gangar som han grev sjølv, eller i jordhòler eller små hòler i steinurer og i fjellsprekker. Hoa legg egg i mai–juni, og begge foreldra rugar dei. Paret får ofte berre ein unge, som blir i reiret i ca 40 dagar, og han vert veldig feit. Derfor var lundeungane eit lett bytte for fangstfolk då slik fangst var tillaten. I Nord-Noreg har fangst av lundefugl vore ei viktig tilleggsnæring opp igjennom hundreåra, bl.a. med hjelp av lundehund. I 2021 blei lundefuglen oppgradert frå «sårbar» til «sterkt truga (EN)» på norsk raudliste for artar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lundefugl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.