«Ja, vi elsker dette landet», stundom forkorta til «Ja, vi elsker», er nasjonalsongen til Noreg.
Han vart dikta av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859 og tonesett av fetteren hans, Rikard Nordraak.
«Ja, vi elsker» vart einrøystes vedteke i Stortinget som den offisielle nasjonalsongen i Noreg den 11. desember 2019. Dette var 155 år etter at han fyrst vart brukt i statleg samanheng under femtiårsjubiléet til den norske grunnlova.
Den fyrste versjonen av teksten skreiv Bjørnson under ei vitjing hjå Michael Krohn i heimen hans på Wernersholm i Bergen i 1859. Denne versjonen vart trykt i Aftenbladet 1. oktober same året. Den endelege versjonen som har åtte strofer, vart trykt i Bjørnsons Digte og sange frå 1870. Musikken er av Rikard Nordraak som 21 år gamal skreiv ein mannskorsong. Denne vart framført offentleg fyrste gongen på Eidsvoll i 1864 av 24 mannssongarar (12 frå Den norske Studentersangforening, 8 frå Handelsstandens Sangforening og 4 frå Kristiania Haandverker Sangforening) i høve 50-års-jubileet for grunnlova. Seinare same dag vart songen framført i Kristiania, frå «Aulatrappa», hovudtrappa framfor Universitetet i sentrum. Eit mannskor på vel 200 songarar gledde ved dette høvet fleire tusen tilhøyrarar. Med det var tradisjonen med korsong frå Aulatrappa på 17. mai innleidd.
«Ja, vi elsker» vart umåteleg populær, og utkonkurrerte med eitt slag Bjerregaards «Sønner av Norge» som nasjonalsong.
Oftast syng ein den fyrste og dei to siste strofene. Men somme stader er det god tradisjon å syngje alle åtte.
Songen er blitt kalla ei «identitetsskapande historiebok i miniatyr»:
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson, Melodi: Rikard Nordraak
1. Ja, vi elsker dette landet, 2. 3. 4. | 5. 6. 7. 8. |
Ja, vi elsker dette landet på Wikikilden (frie originaltekstar) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ja, vi elsker dette landet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.