Aukra Kommune: Kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Aukra er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal.

Kommunen ligg ved kysten og grensar til Molde kommune i sør, Hustadvika kommune i aust og til øyane i tidlegare Sandøy, no Ålesund kommune i vest.

Aukra kommune
kommune
Aukra Kommune: Historie, Folketalsutvikling, Kjende folk frå Aukra
Aukra Kommune: Historie, Folketalsutvikling, Kjende folk frå Aukra
Kommunevåpen
Land Aukra Kommune: Historie, Folketalsutvikling, Kjende folk frå Aukra Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Aukra
Areal 60,64 km²
 - land 60,54 km²
 - vatn 0,10 km²
Folketal 3 678  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Helge Kjøll jr. (KrF)
Kommunenr. 1547

Aukra kommune
62°48′18″N 6°53′14″E / 62.805°N 6.88722°E / 62.805; 6.88722
Aukra Kommune: Historie, Folketalsutvikling, Kjende folk frå Aukra
Wiki Commons: Aukra
Nettstad: www.aukra.kommune.no

Det bor om lag 3500 menneske i kommunen. Størstedelen av desse bur på øya Gossa, medan om lag 600 bur på fastlandsdelen av Aukra, Julsundet.

Gossen har i den seinare tid opplevd ei stor industriell utbygging. Eit prosessanlegg for handsaming av naturgass ligg i Nyhamna på Gossa. Terminalen tar imot rikgass frå Ormen Lange og Aasta Hansteen-felta og eksporterer tørrgass gjennom gassrøyrleidninga Langeled til Easington i England via Sleipner.

Før gassen kom til Aukra, var dei største skatteinntektene der henta frå landbruk, fiskeindustri og skipsbygging.

Aukra kyrkje ligg på Gossa og er kyrkje for heile kommunen.

Historie

Aukra kommune, tidlegare skrive «Akerø», vart oppretta ved formannskapslovene av 1837, og var opphavleg ein kommune som omfatta Gossa, Otrøya, ein del av Midøya, øyane i Sandøy, samt Julsundet og Mordal på Romsdalshalvøya.

Den 1. januar 1867 blei «Sandø» (Sandøy) skild ut som eigen kommune.

I 1924 blei resten av kommunen delt i Nord-Aukra, som bestod av Gossa og fastlandsdelen, og Sør-Aukra, som bestod av Otrøya og ein del av Midøya i det som no er Midsund kommune.

Aukra fekk noverande grenser ved avståing av Mordal krins til Molde 1. januar 1964. Kommunen har heitt Aukra sidan 1. januar 1965, samtidig som Sør-Aukra blei slått saman med resten av Midøya og Dryna frå Vatne kommune og bytte namn til Midsund.

Namnet Aukra, som er unikt i Noreg, kjem truleg frå Aukrin, ei samansetting av akr og vin: åker og eng. Frå 1600-talet til 1917 blei namnet feilskrive med endinga -ø(e) («Akerø»).

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Aukra kommune frå 1924:

1.1.1924 1.12.1930 3.12.1946 1.1.1951 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010
1677a 1838a 2251a 2450a 2646a 2645 2979 2979 2968 3196
    a Talet omfattar området Mordal, som var del av gamle Nord-Aukra kommune fram til 1964, då det vart del av Molde kommune. Dette området hadde då 77 innbyggjarar.

Kjende folk frå Aukra

  • Brit Bildøen (1962–), forfattar
  • Iver Horrem (1977–), volleyballspelar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Aukra Kommune HistorieAukra Kommune FolketalsutviklingAukra Kommune Kjende folk frå AukraAukra Kommune KjelderAukra Kommune BakgrunnsstoffAukra KommuneHustadvika kommuneKommuneMolde kommuneMøre og RomsdalRomsdalSandøy kommuneÅlesund kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Den muslimske verdaURLAfghanistanMalignitetUN-nummerPeriferien Sentral-HellasNasjonaldraktAdolf HitlerÆrfuglInternasjonal politikkMoskvaPer HenriksenMjøsazrbt6BaliAgurkNorges herligsteHarry PotterBiologisk familieKent AndersenHønefossBengaltigerRamaskrikSvein Tore MarthinsenRoald AmundsenNautisk milRitornellHenrik II av EnglandArgentinaNasjonalrettLemmingMeterListe over norske nyordCotangensRagnhild BrochmannOblatLotta i BråkmakergataItaliaAsbjørnsen og MoeSlåttevikNasjonaldyrThemsenDen norske språkstridenKim HaugenKristoffer ColumbusSilje NordnesPeter Wessel Tordenskjold2002Lars SponheimLÁjos Konstandínos i FthiótidaElizabeth II av StorbritanniaTokyoFranklin D. RooseveltDen siste istidaJenteTraneBrunbjørnIndre KvarøyRakiaDílesiVietnamBadehusTverFylkesveg 62Brad PittVerdas landMagnus HirschfeldMarte GerhardsenKaspihavetSkeiselandskampen Noreg–Sverige 1974PintOperativsystemHarrFreie Demokratische ParteiSolan GundersenJonsok🡆 More