Solan Gundersen er ein figur frå forteljingane til Kjell Aukrust om livet i Flåklypa.
Solan er eit «opportunistisk eksemplar av hakkespettslekten». Han vart ruga ut av egget i eit ospetre nær Glåma. Han er evig optimist, og har alltid filttøflar og strikkeskjerf på seg, og har ikkje særleg høg moral. Det klassiske utbrotet hans er: «Nei, dra meg nå baklengs inn i fuglekassa!»
Kjell Aukrust hevda at Solan og Ludvig var sider av han sjølv. Solan var typisk for haldninga hans i ungdomstida, medan Ludvig var typisk for den meir aldrande forfattaren, som var redd for det meste. Dei to var omtala som «guttene», og var å rekne som «born» i heimen hjå Aukrust. Då Kjell Aukrust døydde, stod dei båe oppførte i dødsannonsen som næraste pårørande.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Solan Gundersen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.