Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Familie viser i biologien til ei eining sett saman av ei eller fleire biologiske slekter. Ein familie kan òg delast inn vidare i underfamiliar og stammar. Overordna vil ein eller fleire familiar delast inn i ordenar.

Som i andre kategoriar (bortsett frå arten) er det eit skjønnsspørsmål kva gruppe ein vel å kalla familie. Dagens systematikk er derfor meir oppteken av slektskap mellom organismar eller stamtre enn av kategoriar.

Tabellen under viser tilknytinga mellom biologiske familiar og dei næraste inndelingane, i tillegg til dei ulike suffiksa ein vil finna i kvart familienamn.

InndelingPlantarAlgerSopparDyr
Overfamilie

-acea

-acea

-acea

-oidea

Familie

-aceae

-aceae

-aceae

-idae

Underfamilie

-oideae

-oideae

-oideae

-inae

Stamme (Tribus)

-eae

-eae

-eae

-ini

Understamme

-inae

-inae

-inae

-ina

    ('ae' blir ofte òg skrive 'æ')

This article uses material from the Wikipedia article Biologisk familie, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.