(norsk: Filippinane, filippinsk)
Repúbliká ng̃ Pilipinas Republic of the Philippines | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Lupang Hinirang» | ||||||
Motto | Filippinsk: Maka-Diyos, Maka-Tao, Makakalikasan at Makabansa (For kjærleiken til Gud, folk, natur og land) | ||||||
Offisielle språk | Filipino og engelsk | ||||||
Hovudstad | Manila | ||||||
Styresett | Republikk Rodrigo Duterte | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 300 000 km² (72.) 0,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 104 256 076 (12.) 347,5 /km² (25.) | ||||||
Sjølvstende frå USA | 4. juli 1946 | ||||||
Nasjonaldag | 12. juni | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 740 800 mill. USD (29.) 7 900 USD (123.) | ||||||
Valuta | Filippinsk peso | ||||||
Tidssone | UTC +8 | ||||||
Telefonkode | +63 | ||||||
Toppnivådomene | .ph
|
Republikken Filippinane er ein øynasjon i Søraust-Asia. Landet består av 7 641 øyar og ligg i Stillehavet. Hovudstaden Manila ligg på den største øya, Luzon.
Landet var spansk koloni frå 1521 til 1898, og deretter kontrollert av USA til 1946. Dette var etter den filippinsk-amerikanske krigen. Det er saman med Aust-Timor og Sør-Korea eit av dei tre asiatiske landa som har kristendom som dominerande religion. Saman med den amerikanske innverknaden har dette gjort Filippinane til eit av dei mest vestlegorienterte landa i Asia.
Folkesetnaden si middellivslengd: 69,3 år Spedbarnsdødelegheit:25 pr. 1000 Religion: Kristendom (romersk-katolsk 83 %, protestantisk 9 %), islam 5 %.
Sjølv om Sørkinahavet og Filippinarhavet er varme hav vert likevel Filippinane påverka av den asiatiske monsunen. Medan Mindanao og dei sørlege Filippinane har høge temperaturar året rundt, kan Luzon, inkludert Manila, få noko kjøligare netter frå november til mars. Vinternettene i Luzon går innimellom under 15 °C sjølv ved havnivå. Tyfonar i det nordvestlege Stillehavet råkar ofte øygruppa og gjer at perioden juli til september er den våtaste i løpet av året. Filippane har etter måten tørre forhold om vinteren, men dei austlege og nordlege områda av øygruppa kan få ein del regnbyer. Manilla har ein årleg nedbørsnormal på 2042 mm.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Filippinane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.