Indonesia

(norsk: Indonesia, indonesisk)

Republik Indonesia

Det indonesiske flagget Det indonesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Indonesia Raya»
Motto Bhinneka Tunggal Ika (gamal javanesisk:sameint i mangfald)
Geografisk plassering av Indonesia
Offisielle språk indonesisk
Hovudstad Jakarta
Styresett
Republikk
Susilo Bambang Yudhoyono
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 904 569 km² (14.)
4,85 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
260 580 739 (4.)
136,8 /km² (63.)
Sjølvstende
  - Kunngjort
  - Godkjent
Frå Nederland
17. august, 1945
27. desember 1949
Nasjonaldag 17. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 839 000 mill. USD (8.)
11 600 USD (104.)
Valuta Rupiah
Tidssone UTC +7 til +9
Telefonkode +62
Toppnivådomene .id


Republikken Indonesia (indonesisk Republik Indonesia) er eit land i Søraust-Asia og Oseania. Landet er verdas største øystat, bygt opp av 17 508 store og små øyar, der Sumatra, Java, Sulawesi, Kalimantan og Papua er dei største. Indonesia er med 240 millionar innbyggjarar det fjerde mest folkerike landet i verda, og er det landet der det bur flest muslimar, endå landet ikkje offisielt er ein islamsk stat. Hovudstaden er Jakarta.

Indonesia grensar mot Malaysia på øya Kalimantan, med Papua Ny-Guinea på øya Papua, og med Aust-TimorTimor-øya. Andre naboland er Singapore, Filippinane, Australia, og dei indiske Andaman- og Nikobar-øyane.

Det indonesiske arkipelet har vore ein viktig handelsregion i alle fall sidan det sjuande hundreåret. På den tida handla Srivijaya-kongedømet aktivt med Kina og India. Over tid tok lokale hovdingar også til seg indisk kultur, religion og politiske modellar frå dei tidlege hundreåra etter vanleg tidsrekning, og hinduiske og buddhistiske kongedøme blømte.

Seinare har soga til Indonesia vorte påverka av framande makter som jakta på øyane sine naturressursar. Muslimske handelsfolk tok med seg islam, og europeiske stormakter kjempa om kven som skulle få monopolisere handelen på krydderøyane, Molukkane, under oppdagingstida. Etter 350 år med nederlandsk kolonialisme sikra Indonesia seg sjølvstende etter andre verdskrigen. Sidan har soga vore turbulent, med utfordringar grunna naturkatastrofar, korrupsjon, separatisme, demokratiseringsprosessen og periodar med snøgge økonomiske endringar.

Indonesia er samansett av mange særskilte etniske, språklege og religiøse grupperingar. Javanesarane er den største og politisk dominerande etniske gruppa. Med omsyn til dette mangfaldet har Indonesia arbeidd med å skape ein felles identitet forma av eitt nasjonalspråk, etnisk mangfald, religiøs fridom innan rammene av islam som dominerande religion, og ei fortid prega av kolonialisme og opprør mot kolonimakta. Indonesia sitt nasjonale motto, «Bhinneka tunggal ika» ('Fleire, jamvel ein'), skal syne mangfaldet som formar landet. Konfliktar mellom grupper og regionale separatistrørsler har likevel ført til valdelege konfrontasjonar som har gått ut over den politiske og økonomiske stabiliteten.

Trass det store innbyggjartalet og tett folkesette regionar, har Indonesia svære område av villmark som er grunnlaget for det nest høgaste biomangfaldet i eit land i verda. Landet har omfattande naturressursar, men fattigdom er enno eit vesentleg problem.

Etymologi

Namnet «Indonesia» kjem frå det latinske Indus, som tyder 'India', og det greske nesos for 'øy'. Namnet er kjend attende til 1700-talet, lenge før opprettinga av den moderne staten Indonesia. I 1850 føreslo George Earl, ein engelsk etnolog, nemninga «indunesiarar» og «malayunesiarar» for innbyggjarane på det indiske eller malayiske arkipelet. I det same tidsskriftet nytta James Richardson Logan, ein student av Earl, Indonesia som eit synonym for det indiske arkipelet. Nederlandske akademikarar som skreiv i Aust-Indiske tidsskrift var mot bruk av nemninga Indonesia. I staden nytta dei omgrepa Malayarkipelet (Maleische Archipel); Nederlandsk Aust-India (Nederlandsch Oost Indië), populært kalla Indië; Austen (de Oost); eller også Insulinde.

Sidan 1900 vart nemninga Indonesia meir vanleg i akademiske krinsar utanfor Nederland, og indonesiske nasjonalistar nytta namnet som eit politisk omgrep. Adolf Bastian, frå Universitetet i Berlin, populariserte namnet gjenom boka Indonesien oder die Inseln des Malayischen Archipels, 1884-1894. Den første indonesiske akademikaren som nytta namnet var Suwardi Suryaningrat (Ki Hajar Dewantara), då han skipa eit pressekontor i Nederland med namnet Indonesisch Pers-bureau i 1913.

Soge

Indonesia 
Så tidleg som det første hundreåret gjorde indonesiske fartøy ferder så langt som til Afrika. Biletet viser eit skip hogt i Borobudur om lag rundt år 800.

Fossile restar av Homo erectus, populært kjend som «Java-mannen», kan tyde på at det indonesiske arkipelet vart busett for to millionar til 500 000 år sidan. Austronesiske folkeslag, som utgjer stordelen av den noverande folkesetnaden, migrerte til Søraust-Asia frå Taiwan. Dei kom fram til Indonesia rundt 2000 år før vanleg tidsrekning, og avgrensa dei opphavlege Melanesiske folkeslaga til dei mest austlege områda etterkvart som dei ekspanderte. Ideelle føresetnader for gardsbruk, meistring av teknikken for våtmarksdyrking av ris så tidleg som det åttande hundreåret fvt., gjorde det mogeleg for landsbyar, byar og små kongedøme å bløme innan det første hundreåret evt. Indonesia si strategiske plassering i høve sjøruter fostra handel mellom øyane og internasjonalt. Til dømes vart det etablert handelsband med både indiske kongedøme og Kina fleire hundre år fvt. Handel har sidan den gong sett eit vesentleg preg på indonesisk soge.

Indonesia 
Muskattnøtt-planten høyrer opphavleg til på dei indonesiske Banda-øyane. Ein gong var den ei av verdas mest verdifulle handelsvarer, noko som lokka dei første europeiske kolonimaktene til Indonesia.

Frå det sjuande hundreåret blømte det mektige maritime Srivijaya-kongedømet grunna handelen og påverknad frå hinduisme og buddhisme som kom med dei handelsfarande. Mellom det åttande og tiande hundreåret voks og fall dei buddhistiske og hinduiske jordbruks-kongedøma, høvesvis Sailendra og Mataram innanlands på Java. Desse bygde svære religiøse monument som Sailendra-kongedømet sitt Borobudur og Mataram sitt Prambanan. Det hinduiske Majapahit-kongedømet vart grunnlagt i den austlege delen av Java seint på 1200-talet. Under Gajah Mada fekk det påverknadskraft over store delar av Indonesia; denne perioden er ofte kalla ein gyllen tidsalder i indonesisk historie.

Sjølv om muslimske handelsfarande først for gjennom Søraust-Asia tidleg i den islamske æraen, er dei første prova på islamisert folkesetnad i Indonesia datert til 1200-talet i nordre Sumatra. Andre indonesiske område vart over tid islamiserte, og islam var den dominerande religionen på Java og Sumatra ved slutten av 1500-talet. For det meste vart islam lagt opp på og blanda med dei eksisterande kulturelle og religiøse tradisjonane, noko som har forma den dominerande forma av islam i Indonesia, særskilt på Java. Dei første europearane gjekk i land i Indonesia i 1512, då portugisiske handelsfarande, leia av Francisco Serrão, søkte å få monopol på kjeldene til muskatnøtt, kryddernellik, og cubeb-peppar på Molukkane. Nederlandske og britiske handelsfolk følgde etter. I 1602 skipa nederlendarane Det nederlandske austindiakompaniet (VOC) og vart den dominerande europeiske makta. Etter at VOC gjekk konkurs og vart formelt oppløyst i 1800 skipa dei nederlandske styresmaktene dei Nederlandske Aust-India øyane som ein nasjonalisert koloni.

I stordelen av kolonitida var nederlandsk kontroll over terriotoriet svak; først tidleg på 1900-talet fekk Nederland kontroll over det som vart Indonesias noverande grenser. Den japanske invasjonen og følgjande okkupasjonen under den andre verdskrigen gjorde slutt på nederlandsk herredøme, og oppmuntra den tidlegare undertrykte indonesiske sjølvstenderørsla. To dagar etter den japanske overgjevinga i august 1945, erklærte Sukarno, ein innflytingsrik nasjonalistisk leiar, sjølvstende og vart utpeika til president. Nederland prøvde å gjenreise styret sitt, og ein væpna og diplomatisk strid vart avslutta i desember 1949. Etter internasjonalt press godkjende Nederland då indonesisk sjølvstende (med unntak av det nederlandske territoriet Vest Ny-Guinea, som vart inkorporert etter New York-semja av 1962, og SN-mandaterte Lov om fritt val).

Indonesia 
Sukarno, skipande president i Indonesia

Sukarno gjekk frå demokrati mot autoritært styre, og heldt maktbasen sin gjennom å balansere dei motstridande maktpolane i militæret, og det indonesiske kommunistpartiet (PKI). Eit kuppforsøk den 30. september 1965 vart slått attende av hæren, som leia ei valdeleg anti-kommunistisk utrensking. Under denne vart PKI skulda for kuppet og praktisk tala knust. Mellom 500 000 og ein million menneske vart drepne. Leiaren av militæret, General Suharto, utmanøvrerte den politisk svekka Sukarno, og vart formelt utpeika som president i mars 1968. Hans Nye ordning-regjering vart støtta av den amerikanske regjeringa, og oppmuntra utanlandsk direkte investering i Indonesia, som var ein hovudfaktor i dei neste tre årtia med omfattande økonomisk vekst. Men den autoritære «Nye ordninga» vart frå fleire hald skulda for korrupsjon og undertrykking av politisk opposisjon.

I 1997-98 var Indonesia eit av dei hardast ramma landa under den asiatiske finanskrisa. Misnøye i folket med «den nye ordninga» enda i folkeprotestar. Suharto trekte seg den 21. mai 1998. Aust-Timor stemte i 1999 for å lausrive seg frå Indonesia, etter ein tjuefem år lang militær okkupasjon som var merkt av internasjonal fordømming av ofte brutal undertrykking av aust-timorarane. Sidan Suharto trekte seg, har ei styrking av demokratiske prosessar omfatta eit regionalt sjølvstendeprogram, og det første direkte presidentvalet i 2004. Politisk og økonomisk ustabilitet, sosial uro, korrupsjon og terrorisme har seinka framgangen. Sjølv om tilhøvet mellom ulike religiøse og etniske grupper i stordelen er harmonisk, er akutt sekterisk misnøye og vald enno eit problem i visse område. Ein nådde ei politisk løysing på ei væpna konflikt i Aceh-provinsen i 2005.

Styresett og politikk

Indonesia er ein republikk leia av ein president. Som ein einingsstat er makta konsentrert hjå dei sentrale styresmaktene. Etter at President Suharto trekte seg i 1998, har politiske og styringsmessige strukturar gjennomgått store endringar. Gjennom fire endringar av grunnlova av 1945 har ein reformert den utøvande-, lovgjevande- og dømande statsmakta. Den indonesiske presidenten er statsoverhovud, øvstkommanderande i dei indonesiske væpna styrkane, gjev lovføreslag og leier utanrikspolitikken og styringa av landet. Presidenten vel eit ministerråd, som ikkje treng vere valde medlemmar av den lovgjevande forsamlinga. Presidentvalet i 2004 var det første der folket valde presidenten og vise-presidenten direkte. Presidenten kan tene maksimalt i to etterfølgjande 5-års periodar.

Indonesia 
Eit møte i Folkets representative råd i Jakarta

Det øvste representative organet på nasjonalt nivå er Folkets konsulterande forsamling (Majelis Permusyawaratan Rakyat, MPR). Forsamlinga si hovudoppgåve er å tryggje og tilpasse grunnlova, setje inn presidenten og å formalisere politiske utkast. Ho har mynde til å stille presidenten for riksrett. Rådet er sett saman av to ting; Folkets representative råd (DPR), med 550 medlemmar, og Rådet av regionale representantar (DPD), med 128 medlemmar. DPR vedtek lover og overvakar den utøvande makta; partipolitikarar vert valde til femårsperiodar etter proporsjonal representasjon. Reformer sidan 1998 har i vesentleg mon auka DPR si rolle i nasjonal styring. DPD er eit nytt ting for saker som gjeld regional styring.

Stordelen av sivilrettslege tvistar vert handsama føre ein tingrett; anker vert handsama ved ein høgare domstol. Høgsterett handsamar anker som siste instans. Andre domstolar er føretaksdomstolen, som tek føre seg konkurs og insolvens; ein administrativ domstol som tek saker om administrativ lov retta mot styresmaktene; ein grunnlovsdomsol som tek saker om grunnlovmessigheita av lover, nasjonale val, oppløysing av politiske parti, og omfanget av statsinstitusjonar si avgjerdsmakt; og ein religiøs domstol som tek særskilte religiøse saker.

Utanriks- og tryggleikstilhøve

Indonesia 
Soldatar frå Fri Aceh-rørsla.

I motsetnad til Sukarno sin anti-imperialistiske antipati mot vestmaktene og spenningar i høve til Malaysia, har Indonesia sin utanrikspolitikk sidan Suharto si «nye ordning» vore tufta på økonomisk og politisk samarbeid med vestlege land. Indonesia har nære band med nabolanda i Asia, og er ein medskipar av ASEAN og Aust-Asia-toppmøtet. Landet gjenoppretta diplomatisk kontakt med Kina i 1990 etter at denne vart frosen under dei anti-kommunistiske utrenskingane tidleg under Suharto-styret. Indonesia har vore medlem av Dei sameinte nasjonane sidan 1950, og var ein medskipar av Organisasjonen av alliansfrie nasjonar (NAM) og Den islamske konferanse (OIC). Indonesia har underteikna vedtaket om eit ASEAN frihandelsområde og deltek i Cairns-gruppa og WTO. Historisk har landet vore ein medlem av OPEC, sjølv om det er i ferd med å trekke seg ut (2008), og er ikkje lenger ein netto oljeeksportør. Indonesia har fått humanitær og utviklings-stønad sidan 1966, særskilt frå USA, Vest-Europa, Australia og Japan.

Dei indonesiske styresmaktene har samarbeidd med andre land for å arrestere og straffeforfølgje personane bak store bombeåtak knytt til militant islamisme og Al-Qaida. Det største åtaket tok livet av 202 personar (der 164 var utanlanske turistar) i feriebyen Kuta på øya Bali i 2002. Åtaka, og seinare åtvaringar mot å fare til Indonesia frå andre land, gjorde stor skade på Indonesia sin turistindustri og utsikta for vidare utanlandske investeringar.

Indonesia sine væpna styrkar (TNI) tel 300 000 mann, og omfattar hæren (TNI-AD), sjøforsvaret (TNI-AL), og luftforsvaret (TNI-AU). Hæren har om lag 233 000 i aktivt personell. Forsvaret sin del av nasjonalbudsjettet var 4 % av GDP i 2006, og er, på kontroversielt vis, støtta av inntekter frå kommersielle interesser og stiftingar eigd av det militære. I tida etter at Suharto gjekk av i 1998, fjerna ein formelle TNI-representantar i parlamentet; trass denne avgrensinga er forsvaret si politiske påverknadskraft enno stor. Sjølvstenderørsler i Aceh- og Papua-provinsane har leidd til væpna konflikt, følgt av påstandar om menneskerettsbrot og brutalitet frå alle sider. Etter ein sporadisk geriljakrig over tretti år mellom Fri Aceh-rørsla (GAM) og det indonesiske militæret, vart det underteikna ei endeleg våpenkvile i 2005. På Papua har det vore vesentleg, men ikkje komplett gjennomføring av lover om regionalt sjølvstende. Vidare har det blitt rapportert ein nedgang i talet på valdsepisodar og menneskerettsbrot, sidan Susilo Bambang Yudhoyono vart president.

Administrativ oppdeling

Indonesia 
Provinsar i Indonesia

Administrativt er Indonesia oppdelt i 33 provinsar, der fem har ei særskilt stode. Kvar provins har si eiga lovgjevande forsamling og ein eigen guvernør. Provinsane er vidare inndelt i fylke (kabupaten) og byar (kecamatan), som er vidare oppdelt i underdistrikt (kecamatan), igjen oppdelt i landsbygrupper (anten desa eller kelurahan). Etter at regionale sjølvstendetiltak vart gjennomførte i 2001, er fylka og byane dei viktigaste administrative einingane, med ansvar for stordelen av statleg tenesteyting. Landsbyeiningane har størst tyding for dagleglivet til innbyggjarane, og tek seg av landsby- og nabolagspørsmål gjennom eit vald lurah eler kepala desa (landsbyhovdingen).

Provinsane Aceh, Jakarta, Yogyakarta, Papua, og Vest Papua har meir omfattande lovgjevingsmakt og er i større mon sjølvstendig frå dei sentrale styresmaktene enn dei andre provinsane. Styresmaktene i Aceh har til dømes rett til å nytte eit sjølvstendig rettssystem; og i 2003 gjennomførte dei ei form for sjaria (islamsk rett). Yogyakarta fekk status som «særskilt region» som løn for byens sentrale rolle som støttepunkt for indonesiske republikanarar under den indonesiske revolusjonen. Papua, tidlegare kjend som Irian Jaya, fekk ein særskilt sjølvstyrestatus i 2001. Jakarta har særskilt status som hovudstadsregion.

    Indonesiske provinsar med hovudstadar

(Indonesisk namn i hakeparantesar der det skil seg frå norsk)
† peikar på provsinar med særskilt stode

Geografisk eining

  • Provins

Sumatra

  • Aceh (Nanggroe Aceh Darussalam) - Banda Aceh
  • Nord-Sumatra (Sumatera Utara) - Medan
  • Vest-Sumatra (Sumatera Barat) - Padang
  • Riau - Pekanbaru
  • Riau Øyane (Kepulauan Riau) - Tanjung Pinang
  • Jambi - Jambi (by)
  • Sør-Sumatra (Sumatera Selatan) - Palembang
  • Bangka-Belitung (Kepulauan Bangka-Belitung) - Pangkal Pinang
  • Bengkulu - Bengkulu by
  • Lampung - Bandar Lampung

Java

Dei små Sundaøyane

Kalimantan

  • Vest-Kalimantan (Kalimantan Barat) - Pontianak
  • Sentral-Kalimantan (Kalimantan Tengah) - Palangkaraya
  • Sør-Kalimantan (Kalimantan Selatan) - Banjarmasin
  • Aust-Kalimantan (Kalimantan Timur) - Samarinda

Sulawesi

  • Nord-Sulawesi (Sulawesi Utara) - Manado
  • Gorontalo - Gorontalo by
  • Sentral-Sulawesi (Sulawesi Tengah) - Palu
  • Vest-Sulawesi (Sulawesi Barat) - Mamuju
  • Sør-Sulawesi (Sulawesi Selatan) - Makassar
  • Søraust-Sulawesi (Sulawesi Tenggara) - Kendari

Maluku-øyane

  • Maluku - Ambon
  • Nord Maluku (Maluku Utara) - Ternate

Vest-Papua

  • West Papua (Papua Barat) - Manokwari
  • Papua - Jayapura

Geografi

Indonesia 
Kart over Indonesia

Den indonesiske landflata er etter opplysningar frå staten fordelt på 17 508 øyar, der 6 044 er busette. Øyane er fordelte på båe sider av ekvator. Dei fem største øyane er Java, Sumatra, Kalimantan (den indonesiske delen av Borneo), Ny-Guinea (delt med Papua New Guinea), og Sulawesi. Indonesia har landgrense mot Malaysia på øyane Borneo og Sebatik, Papua New Guinea på øya Ny-Guinea, og Aust-Timor på øya Timor. Indonesia delar også grenser med Singapore, Malaysia, og Filippinane mot nord og Australia mot sør over tronge sund. Hovudstaden, Jakarta, ligg på Java og er landets største by, følgt av Surabaja, Bandung, Medan, og Semarang.

Med 1 919 440 kvadratkilometer er Indonesia verdas 16. største land i høve areal. Gjennomsnittleg folketettleik er 134 personar per kvadratkilometer (347 per sq mi), noko som tilsvarar 79. plass i verda, sjølv om Java er verdast tettast busette øy, har ein folketettleik på 940 personar per kvadratkilometer. Med 4 884 meter, er Puncak Jaya på Papua Indonesias høgste fjell, og Toba-sjøen i Sumatra er landets største innsjø, med eit areal på 1,145 kvadratkilometer. Landets største elvar er i Kalimantan, og inkluderer Mahakam- og Barito-elva; slike elvar er kommunikasjons- og transport-ruter mellom øyas elvebusettingar.

Indonesia 
Vulkanfjella Semeru og Bromo i Aust-Java. Indonesia har eit av verdas høgste nivå av seismisk aktivitet.

Indonesia si plassering på kanten av Stillehavet, Eurasia og dei australske tektoniske platene gjer landet til stad for fleire vulkanar og jamlege jordskjelv. Indonesia har minst 150 aktive vulkanar, mellom dei Krakatau og Tambora, båe kjende for katastrofale utbrot på 1800-talet. Utbrotet frå Toba/supervulkanen, for om lag 70 000 år sidan, var eit av dei største utbrota nokon gong, og ein global katastrofe. Seinare katastrofar grunna seismisk aktivitet omfattar mellom anna Tsunamien i 2004 som tok livet av, estimert, 167 736 personar på nordlege Sumatra, og Yogyakarta-jordskjelvet i 2006. Jamvel er vulkansk oske ein grunnleggjande bidragsytar til det fruktbare jordsmonnet som historisk sett har vore grunnlaget for den høge folketettleiken på Java og Bali.

Klima

Indonesia har eit tropisk klima og dei største temperaturskilnadane i landet kjem som følgje av høgdeskilnadar. Den gjennomsnittlege daglege temperatur-spennvidda i Jakarta er 26–30 °C. Temperaturane endrar seg lite gjennom året. Gjennomsnittleg nedbør i låglandet varierer frå 1,780–3,175 millimeter , og opptil 6 100 millimeter i fjellområde. Stordelen av nedbøren fell i regntida. Dei sørvestlege øyane, inkludert Bali og Timor, er tørrare enn dei nordlege øyane. Generelt sett får dei vestlege og sørlege delane av øyane mest regn frå mai til oktober, medan nordlege område, som det meste av Sumatra, nordlege Java og Sulawesi, er våtast frå november til april. Nedbøren kjem ofte i samband med torevêr. El Niño-episodar fører ofte til tørke i regntida, og dette fører ofte til stor skogbrannfare.

Luftfukta er jamnt over høg, med eit snitt på om lag 80%.

Geologi

Indonesia ligg i grensesonen mellom den eurasiske og den australske plata. Området ligg òg i grensesonen mellom den indiske plata og Stillehavsplata. Platetektonikken har gjeve opphav til ein vulkansk øyboge med aktive vulkanar som har forma øya Sumatra, Java, Bali og Nusa Tenggara.

Semangkoforkastinga er ein dekstral strøkforkasting langs ei innsynkingssone i vestlege delen av Sumatra. Palu-Koroforkastinga strekkjer seg frå Koro i sentrale delar av Sulawesi til Palu på vestkysten av Sulawesi.

Den vulkanske berggrunnen i Indonesia vart danna i tida frå trias til tertiær.

Økologi

Indonesia 
Den kritisk utrydningstrua orangutang, ei stor ape endemisk for Indonesia

Indonesias storleik, tropiske klima og geografi, underbyggjer verdast nest største nivå av biologisk mangfald (etter Brasil), og landets flora og fauna er ei blanding av asiatiske og australasiatiske artar. Ein gong var Indonesia kopla til det asiatiske fastlandet, og slik har øyane på Sunda-sokkelen (Sumatra, Java, Borneo og Bali) eit vidt spekter av asiatisk fauna. Store artar som sumatra-tiger, nashorn, orangutang, asiatisk elefant, og leopard, fanst ein gong så langt aust som Bali, men talet og fordelinga av desse artane har sokke dramatisk. Skogar dekker om lag 60 % av landet. på Sumatra og Kalimantan, er skogane i hovudsak samansett av asiatiske artar. Skogane på den mindre, og meir folkesette Java, har stort sett vorte fjerna til føremon for menneskeleg busetting og jordbruk. Sulawesi, Nusa Tenggara, og Maluku—har vore åtskilt frå dei kontinentale landmassane for ei lengre tid—og har utvikla sin eigen særskilte flora og fauna. Papua var del av den australske landmassa, og er heimen til ein unik fauna og flora nært i slekt med Australia sin, mellom anna meir enn 600 fugleartar.

Indonesia er nummer to etter Australia i høve talet på endemiske artar, med 26 % av dei 1 531 fugleartane og 39 % av dei 515 pattedyrartane som endemiske. Indonesia sine 80 000 kilometer med kystlinje er omgjevne av tropiske hav som bidreg til landets store biologiske mangfald. Indonesia har ei spennvidd av sjø og kyst-økosystem, med strender, sandbankar, elvemunningar, mangrovar, korallrev, sjøgras [beds], kystlege mudderflater, tidevassflater, algeskogar og små øy-økosystem. Wallace-lina, ei tenkt line som skil økosonar mellom asiatiske og australasiatiske artar i Indonesia, går om lag nord-sør langs kanten av Sundasokkelen, mellom Kalimantan og Sulawesi, og langs det djupe Lomboksundet, mellom Lombok og Bali. Vest for lina er flora og fauna meir asiatisk; aust for Lombok, er dei meir og meir australske. Området med øyar mellom lina og Ny-Guinea er no kalla Wallacea.

Indonesias store innbyggjartal og snøgge industrialisering har gjeve alvorlege miljøproblem, som ofte vert gjeve låg prioritering grunna høg fattigdom og svake, ressursveike styringsorgan. Miljøspørsmål omfattar stor-skala avskoging (der mykje er ulovleg) og tilknytte skogbrannar som gjev tung skodde over delar av vest-Indonesia, Malaysia og Singapore; over-utnytting av hav-ressursar; og miljøproblem knytt til snøgg urbanisering og økonomisk utvikling, mellom anna luftforureining, trafikkorker, søppelhandsaming og påliteleg vatn og avlaupstenester. Øydelegging av habitat truar overlevinga til innfødde og endemiske artar, inklusive 140 artar av pattedyr indetifisert av World Conservation Union (IUCN) som trua, og 15 identifisert som kritisk trua, mellom anna sumatra-orangutang.

Økonomi

Indonesia 
Bruk av vassbøffel til å pløgje rismarkar på Java. Jordbruk har vore landets største sysselsettar i fleire hundreår.

Indonesias estimerte bruttonasjonalprodukt for 2007 er 408 milliardar US-dollar (1 038 milliardar dollar PPP). I 2007 var estimert nominell per kapita-GDP 1 812 dollar, og per kapita GDP PPP var 4 616 internasjonale dollar. Tenesteytingssektoren er den største i økonomien, og svarar til 45,3 % av GDP (2005). Etter dette kjem industrien (40,7 %) og jordbruket (14,0 %). Størstedelen av arbeidstakarane er likevel tilsett i jordbrukssektoren, med 44,3 % av ein arbeidsstokk på 95 millionar. Etterfølgt av tenesteyting (36,9 %) og industri (18,8 %). Viktige industriar er petroleum og naturgass, tekstilar, klede og gruvedrift. Viktige jordbruksprodukt er palmeolje, ris, te, kaffi, krydder og gummi.

Indonesia sine viktigaste eksportmarknader (2005) er Japan (22,3 %), Sambandsstatane (13,9 %), Kina (9,1 %), og Singapore (8,9 %). Dei viktigaste leverandørane av importvarer til Indonesia er Japan (18,0 %), Kina (16,1 %), og Singapore (12,8 %). I 2005 hadde Indonesia eit handelsoverskot med eksportinntekter på US$83,64 milliardar og importutgifter på US$62,02 milliardar. Landet har mykje naturressursar, mellom anna råolje, naturgass, tinn, kopar og gull. Indonesias viktigaste importvarer er maskiner og utstyr, kjemikaliar, brennstoff og matvarer.

Indonesia 
Jakarta, hovudstaden i Indonesia og landets største kommersielle senter

På 1960-talet forverra økonomien seg drastisk grunna politisk uro, ei ung og uerfaren styresmakt, og udisiplinert økonomisk nasjonalisme, som førte til omfattande fattigdom og svolt. Etter at President Sukarno fall, tok den Nye ordning-regjeringa med seg ein disiplinert økonomisk politikk som snøgt reduserte inflasjonen, stabiliserte valutaen, reforhandla utanlandsgjelda, og trekte til seg utlandsk støtte og investeringar. Indonesia er Søraust-Asias einaste medlem av OPEC, og prisauken på olje på 1970-talet gav uventa eksportinntekter som bidrog til vedvarande høge økonomiske vekstratar. Etter vidare reformer mot slutten av 1980-talet flaut utanlandske investeringar inn i Indonesia, særskilt inn i den snøgt veksande, eksportorienterte fabrikkproduksjonssektoren, og frå 1989 til 1997 voks den indonesiske økonomien med gjennomsnittleg meir enn 7 %.

Indonesia var det landet som blei hardast ramma av den Aust-asiatiske finanskrisa i 1997–98. Mot amerikansk dollar fall valutaen frå om lag 2 000 Rp.til 18 000 Rp., og økonomien krympa med 13,7 %. Rupiah har sidan den gong stabilisert seg på om lag 10 000 Rp., og det har vore ei sakte, men vesentleg økonomisk betring. Politisk uro sidan 1998, sakte økonomisk reform, og korrupsjon på alle styrings- og forretningsnivå, har bidrege til at betringa har vore flekkete. (Transparency International, til dømes, rangerer Indonesia på 143 plass av 180 land i deira Corruption Perceptions Index) frå 2007. GDP veksten var jamvel på meir enn 5 % i både 2004 og 2005, og er venta å auke enno meir. Vekstraten er for låg til å redusere vesentleg på arbeidsløysa, og stagnerande lønningsauke, aukande drivstoff- og risprisar har ført til auka fattigdomsnivå. I 2006 rekna ein med at 17,8 % av folkesetnaden lever under fattigdomstreskelen, 49,0 % av folkesetnaden lever på mindre enn 2 dollar per dag, og arbeidsløysa er på 9,75 %.

Demografi

Folkesetnaden var ved folketellinga i 2000 oppgjeve å vere 206 millionar, og det indonesiske statistiske sentralbyrået og Statistics Indonesia reknar med ein folkesetnad på 222 millionar for 2006. 130 millionar personar bur på Java, verdas tettast busette øy. Trass eit relativt effektivt familieplanleggingsprogram som har vore aktivt sidan 1960-talet, ventar ein at folkesetnaden vli auke til om lag 315 millionar innan 2035, tufta på den noverande estimerte vekstraten på 1,25 %.

Indonesia 
Brur og brudgom under eit bryllaup blant minangkabauar på Vest-Sumatra.
Foto: Michael J Lowe, 2007

Stordelen av Indonesarane er etterkomarar av austronesisk-talande folkeslag som opphavleg kom frå Taiwan. Den andre store gruppa er melanesiarar, som har busett austlege Indonesia. Det finst om lag 300 særskilte innfødde etnisitetar i Indonesia, og 742 ulike språk og dialektar. Den største folkegruppa er javanesarane, som svarar til 42 % av folkesetnaden, og er politisk og kulturelt dominerande. Sundanesarane, etniske malayar og maduresarane er dei største ikkje-javanesiske folkegruppene. Ein har eit indonesisk nasjonsomgrep side om side med sterkt vedlikeheldte regionale identitetar. Samfunnet er i stor del harmonisk, jamvel om sosiale, religiøse og etniske spenningar har utløyst forferdelege valdsepisodar. Kinesiske indonesarar er ein innflytingsrik etnisk minoritet som svarar til mindre enn 1 % av folkesetnaden. Mykje av landets privateigde føretak og rikdom er kontrollert av etniske kinesarar, noko som har bidrege til mykje misnøye, og endå valdsbruk mot etniske kinesarar.

Det offisielle nasjonalspråket, indonensisk, vert lært i alle skular, og vert tala av nesten alle indonesarar. Det er språket for forretningar, politikk, nasjonale media, opplæring og akademia. Det var opphavleg eit lingua franca for stordelen av regionen, inklusive noverande Malaysia, og er slik nært i slekt med malaysisk. Indonesisk vart først fremja av nasjonalistar på 1920-talet, og erklært som offisielt språk då Indonesia vart sjølvstendig i 1945. Dei fleste indonesarane talar minst eit av dei mange hundre lokale språka (bahasa daerah), ofte som morsmål. Av desse er javanesisk det mest utbreidde som språket til den største etniske gruppa. På den andre sida har Papua 500 eller meir innfødde papua- og austronesiske språk, i ein region med berre 2,7 millionar menneske. Mange i den eldre generasjonen kan enno nytte eit visst nivå av nederlandsk.

Sjølv om religiøs fridom er gjeve i den indonesiske grunnlova, stadfestar styresmaktene offisielt berre seks religionar: islam; protestantisk kristendom; katolsk kristendom; hinduisme; buddhisme og konfusianisme. Sjølv om Indonesia ikkje er ein islamsk stat, er landet verdas største med eit fleirtal av muslimar, med nesten 86,1 % av folkesetnaden erklærte som muslimar etter folketellinga i 2000. 8,7 % av folkesetnaden er kristne, 3 % er hinduar, og 1,8 % buddhistar eller «anna». Stordelen av indonesiske hinduar er balinesarar, og stordelen av buddistar i samtidas Indonesia er etniske kinesarar. Jamvel om dei er minoritetsreligionar i dag, er både hinduisme og buddhisme definerande innflytingar på indonesisk kultur. Islam vart først følgd av indonesarar på Nord-Sumatra på 1200-talet, gjennom påverknad frå handelsfarande, og vart den dominerande religionen innan 1500-talet. Katolisisme vart teke med av tidlege portugisiske kolonialistar og misjonærar, og dei protestantiske trusfellesskapane er i stordelen eit resultat av nederlandske kalvinistiske og lutheranske misjonærarbeid under kolonitida. Ein stor del av indoneserane—som javanesiske abangan, balinesiske hinduar, og dayakiske kristne—praktiserer ein mindre ortodoks, synkretisk form for religion, som trekk på lokale sedvaner og tru.

Kultur

Indonesia 
Wayang kulit-skuggeteater.

Indonesia har rundt 300 etniske grupper, kvar med kulturelle skilnader utvikla over hundreåra, og påverka av indisk, arabisk, kinesisk, malaysiske og europeiske kjelder. Tradisjonelle javanesiske og balinesiske dansar, til dømes, inneheld trekk frå hinduisk kultur og mytologi, likeins gjeld wayang kulit (skuggeteater). Tekstilar som batikk, ikat og songket vert laga over heile Indonesia i stilartar som varierer etter regionen. Den dominerande innverknaden på indonesisk arkitektur har tradisjonelt vore indisk; men, kinesiske, arabiske og europeiske arkitektoniske bidrag har òg vore viktige. Dei mest populære sportsgreinane i Indonesia er badminton og fotball; Liga Indonesia er landets øvste fotballiga. Tradisjonelle sportar er mellom anna sepak takraw, og okselaup i Madura. I område med ei soge av stammekrigar, held ein arrangerte slåsskampar, slik som caciFlores, og pasola i Sumba. Pencak Silat er ein indonesisk kampsport. Sport i Indonesia rettar seg i hovudsak mot menn og tilskodar-sport er ofte knytt til ulovleg speleverksemd.

Indonesia 
Eit utval av indonesisk mat, mellom anna soto ayam (kyllingsuppe), sate kerang (skalldyrskebab), telor pindang (sylta egg), perkedel (krokettar med krydra kjøttdeig og kokte poteter) og es teh manis (søt iste).

Indonesisk mat varierer etter regionen og tek utgangspunkt i kinesiske, europeiske, mellom-austlege og indiske forgjengarar. Ris er den sentrale ingrediensen i den daglege føda, og vert servert med siderettar av kjøt og grønsaker. Krydder (særskilt chili), kokosnøttmjølk, fisk og kylling er andre grunnleggjande ingrediensar. Tradisjonell indonesisk musikk omfattar gamelan og keroncong. Dangdut er ein populær type popmusikk som hentar inspirasjon frå arabisk, indisk og malaysisk folkemusikk. Indonesisk filmindustris popularitet nådde toppen på 1980-talet då den dominerte kinoane i Indonesia, sjølv om populariteten dala markert på byrjinga av 1990-talet. Mellom 2000 og 2005 har talet på indonesiske filmar utgjevne per år auka støtt.

Dei eldste prova på skrift i Indonesia er ei rad av inngraveringar på sanskrit daterte til 400-talet. Viktige personar i moderne indonesisk litteratur er mellom anna den nederlandske forfattaren Multatuli, som kritiserte behandlinga av indonesarane under nederlandsk kolonistyre; sumatrarane Muhammad Yamin og Hamka, som var innflytingsrike nasjonalistiske skribentar og politikarar frå før sjølvstendet; og den proletariske forfattaren Pramoedya Ananta Toer, som er Indonesias mest kjende romanforfattar. Fleire av Indonesias folkeslag har ein munnleg forteljartradisjon med sterke røter, noko som bidreg til å definere og halde deira kulturelle identitetar ved like. Mediefridomen i Indonesia har auka markant sidan slutten av Suharto-tida, då det no nedlagde Informasjonsministeriet overvaka og kontrollerte innanlandske media, og avgrensa dei utanlandske. Fjernsynsmarknaden omfattar ti nasjonale kommersielle sendarar, og regionale sendarar som konkurrerer med den offentlege sendaren TVRI. Private radiostasjonar nyttar eigne nyhendeprogram og utanlandske sendarar bidreg med andre program. Med eit rapportert tal på 25 millionar internettbrukarar i 2008, er bruk av veven avgrensa til eit mindretal av folkesetnaden, om lag 10,5 %.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Indonesia  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Indonesia
    Styresmaktene
    Generell informasjon
Indonesia  Reiseguide for Indonesia frå Wikivoyage

Tags:

Indonesia EtymologiIndonesia SogeIndonesia Styresett og politikkIndonesia Utanriks- og tryggleikstilhøveIndonesia Administrativ oppdelingIndonesia GeografiIndonesia GeologiIndonesia ØkologiIndonesia ØkonomiIndonesia DemografiIndonesia KulturIndonesia KjelderIndonesia BakgrunnsstoffIndonesia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KvartalReligiøse nasjonalsymbolViggo MortensenDen gamle verdaÆGoDen HelderLondonBo WiderbergFrøylandsvatnetNile RodgersGrønstilkRaudstrupeAnne HoltFriluftslivKilelérJacob Tullin ThamsStøytionisasjonThe DoorsDei sameinte nasjonaneLise AmundsenVerdas landPrévezaBetzy Akersloot-BergLimaSkjør astmaSennesvikThorleif HaugKulturindustrienLinn UllmannØystein SundeCupheadSteinFader vårA Collection of Great Dance SongsSekretær som møbelOlga DanilovaRichie FaulknerSamfunnsendringFreaks of Nature av KansasGolden Gate BridgeSagaen om IsfolketAksel SandemoseJordaRomandieBjørnMoskvaprosessaneDet første krosstogetSang til BergenSiderTarasåsenWikipediaCountrySoúliFreddie MercuryTutankhamonJapanHound DogSunnmøreMinar-e-PakistanManuel ChrysolorasJeórjos Karaiskákis i ÁrtaOne Hundred and One DalmatiansBritiske monarkarMärtha av NoregScrabbleSandy DennyDen raude plassenGresk mytologiMesopotamiaJoe BidenNasjonaldraktKorrespondentNyttårApeAlbert GleizesUngkarVladimir Putin🡆 More