Puffa ris er ein puffa korntype laga av puffa riskorn.
Ein vanleg metode for å puffa ris er å varma han opp under trykk saman med damp, og deretter la risen tørka, men det finst mange ulike teknikkar. Nokre gjev sprø puffa riskorn, andre gjev seigare korn. Puffa ris er kjend frå Sør-Asia, og blir ofte brukt til frukostblandingar og søtsaker. Han er vanleg i ulike rettar og gatemat i India, Bangladesh og Nepal, i tillegg til i Korea.
At puffa ris er populært i den vestlege verda blir vanlegvis tilskrive den amerikanske botanikaren Alexander P. Anderson, som fann opp ein puffemetode då han skulle finna mengda væske i stive. Han introduserte den første rispuffemaskinen i 1904 på verdsutstillinga i Saint Louis.
Puffa ris blir mellom anna brukt i riskaker, rissjokolade og frukostblandingar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Puffa ris, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.