Musikkgruppa Gåte

Gåte er ei musikkgruppe frå Sør-Trøndelag som speler ei blanding av norsk folkemusikk og rock.

Gåte
Musikkgruppa Gåte
Gåte under Over Oslo 2018.
Foto: Tore Sætre
Aktiv1999–
SjangerFolkrock
PlateselskapWarner Music Group
MedlemmerGunnhild Sundli
Sveinung Sundli
Magnus Børmark
Gjermund Landrø
Kenneth Kapstad
Tidlegare medlemmerMartin Langlie
PrisarSpellemannprisen for årets nykommer, Prøysenprisen

Oppstart

Medlemene i gruppa var i starten vokalist Gunnhild Sundli, bror hennar, Sveinung Sundli, på fele og tangentinstrument, Magnus Børmarkgitar, Gjermund Landrøbass og Martin Langlietrommer. Seinare overtok Kenneth Kapstad etter Langlie. Gåte har jobba saman med den kjende felespelaren Knut Buen, og nokre av tekstane deira byggjer på dikt av Astrid Krog Halse.

Debutalbumet Jygri selde over 40 000 eksemplar. I 2002 vann gruppa Spelemannsprisen for beste nykomar for denne plata. Dei mest kjende songane Gåte spela er «Bendik og Årolilja», «Grusomme skjebne», «Kara tu omna» og «Knut liten og Sylvelin». Gruppa fekk Prøysenprisen i 2003.

Oppløysing og comeback

Gruppa vart vedteken oppløyst i september 2005. I byrjinga vart oppløysinga av mange omtala som ein pause, men medlemer i gruppa understrekte seinare at det var snakk om eit brot. På tampen av 2005 heldt Gåte fire avskjedskonsertar; to konsertar på Blæst i Trondheim, éin konsert på Rockefeller i Oslo og den siste konserten i Setesdal på nyårsaftan.

I 2010 gjorde gruppa eit mindre comeback. Etter ein underskriftaksjon på Facebook, sa medlemene seg viljuge til å ha konsert i Trondheim den 24. oktober 2009. Etter dette fekk gruppa lyst til å reisa på sommarturné i 2010, og det resulterte i fire konsertar denne sommaren: éin på Vinjerock, éin på Raumarock, éin på Storåsfestivalen og til slutt éin på taket til Operahuset i Oslo.

Eit meir markant comeback kom i 2017, då med Gunnhild og Sveinung Sundli, samt Magnus Børmark frå den opphavlege besetninga, og dei to nye medlemmane Jon Even Schärer og Mats Paulsen på trommer og bass. November same år gav dei ut EP-en Attersyn, og november 2018 kom albumet Svevn. Gruppa heldt fram med å skape ny musikk, og kom med EP-en Til Nord våren 2021, som vart utvida til albumet Nord i desember same år.

Etter å ha gitt ut EP-en Vandrar i desember 2023, kom det melding 5. januar 2024 om at Gåte er med som deltakarar i Melodi Grand Prix 2024 med låta «Ulveham»

Utgjevingar

  • Gammel (EP) (2000)
  • GÅTE (EP) (2002)
  • Jygri (2002)
  • Statt opp (EP) (2003)
  • Sjå Attende (singel, 2004)
  • Iselilja (2004)
  • Liva (live) (2006, både CD og DVD)
  • Attersyn (EP) (2017)
  • Svevn (2018)
  • Til Nord (EP) (2021)
  • Nord (2021)
  • Vandrar (2023)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Musikkgruppa Gåte  Commons har multimedium som gjeld: Musikkgruppa Gåte

Tags:

Musikkgruppa Gåte OppstartMusikkgruppa Gåte Oppløysing og comebackMusikkgruppa Gåte UtgjevingarMusikkgruppa Gåte KjelderMusikkgruppa Gåte BakgrunnsstoffMusikkgruppa GåteFolkemusikkRockSør-Trøndelag

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KrøllalfaAmasonePlantarMikal KirkholtKopparJernAkslaDen gamle verdaMount Salisbury i AntarktisLarge Binocular TelescopeRoger KjendalenDeltaLangnebbparakittOslo kommuneVang kommuneJavier CulsonSupermannKelly ClarksonVegard UlvangKopplamReidar JohansenTalordHarry PotterArabiskSilvestre y La NaranjaGammeJordaBritisk pundChampions LeagueRakiaAnimismeBieGezer regionale kommuneZoologiUSASpekkhoggarAnette HoffHotel CaliforniaHovudsideMorfofonologiNitrogenAdei AdSkigardsviseAfghanistanStøytionisasjonVåren av Aasmund Olavsson VinjeWayback MachineValerij ZaluzjnyjDesta Marie BeederThe Power to BelieveFylkesveg 751SkandinaviaHadjHepatitt C-virusTrepunktsopphengSvenske folkeeventyrMS-DOSTunisiaJean-Claude JunckerAdolf HitlerMuhammedDen cubanske revolusjonenFredrik SkavlanSandy DennyKokosmakronSunnmøreVinter-OL 196816. maiPave Johannes Paul ICaliforniaJaroslav SakalaHaugtussaSteve JobsRingdrottenBodhisattvaTeenage Mutant Ninja TurtlesElektrostatisk generatorHumler🡆 More