Livshjulet er eit bilete innan buddhismen som viser mønsteret for samsara, det forgjengelege jordelivet.
Hjulet er særleg kjend frå tibetansk buddhisme. Det kan òg kallast dharmahjulet, lovhjulet, gjenfødingshjulet, samsarahjulet eller lidingshjulet. Det blir òg kalla chakra, frå sanskritordet som tyder 'hjul'.
Sjølve hjulet blir halde opp av Jama, dødsguden, som har makt over alt som lever. I dei to øvre hjørna sit alltid to figurar eller symbol, til dømes ein måne, ein buddha eller ein bodhisattva.
Den ytre sirkelen viser ein kjede med tolv ledd som viser årsaka til at me lever eit liv fylt av karma og dermed òg samsara.
Dei tolv ledda er
Innanfor dette finst framtredande framstillingar av dei seks sfærane (rika) der dei ulike skapningane høyrer heime: Gudane, halvgudane, menneska, dyra, dei svoltne spøkelsa, og demonane. Ein boddhisattva passar på kvart rike.
Det finst to karmavegar, ein svart til høgre som viser korleis dårleg karma fører til gjenføding på eit lågare nivå, og ein kvit til venstre som viser korleis god karma fører til gjenføding på eit høgare nivå.
I midten av livshjulet jagar ein gris, ein hane og ein slange etter kvarandre. Desse dyra står for negative eigenskapar som dannar grunnlaget for karma og dermed bind oss til livet på jorda: uvit, attrå og hat.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det buddhistiske livshjulet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.