Kol: Sedimentær bergart

Kol er ei samnemning for brennbare sedimentære bergartar som inneheld karbon.

    Kol er òg eit anna namn på grunnstoffet karbon.

Dei er svarte eller brunsvarte, og for det meste danna av planterestar. Ufullstendig brend timber blir òg kalla kol. Kol har stor økonomisk verdi, og kolkraft blir mellom anna nytta i kraftverk (kolkraftverk).

Kol: Ulike typar kol, Kol i verda, Bruk av ordet kol
Døme på kol.

I Noreg har ein særleg hatt kolgruvedrift på Spitsbergen. Kolet derifrå inneheldt stort sett lite svovel, og vart rekna for å vera av særs god kvalitet.

Ulike typar kol

Ei enkel grovinndeling av koltypane som finst deler dei inn slik:

  • Fossila kol: Kol som er skapt i økosystem av myrer der plantedelar blei verna mot oksidering og nedbryting. Torv er eit forstadium til kol.
    • Brunkol er eit yngre fossilt kol med låg energiverdi som hovudsakleg kjem frå den geologiske perioden tertiær. Brunkol er ein sedimentær bergart som hovudsakleg blir brukt i kraftproduksjon.
    • Steinkol er eit eldre fossilt kol med høgare energiverdi, hovudsakleg danna i karbontida. Også steinkol er ein sedimentær bergart og blir i tillegg til kraftproduksjon også brukt til koks.
    • Antrasitt er eit uvanleg hardt fossilt kol med høg energiverdi. Dette kan reknast som ein metamorf bergart då det har vore utsett for høgt trykk og temperatur.

Inndelinga av kol baserer seg på delen av flyktige bestanddelar, og varierer mellom ulike land.

Andre typar kol

  • Koks blir laga gjennom oppvarming av steinkol, slik at flyktige delar forsvinn og det som er igjen smelter saman.
  • Trekol blir laga gjennom oppvarming av tre.

Kol i verda

Kolreservane i verda utgjer over 1 billion tonn. Det samla globale forbruket er på omkring fem milliardar tonn/år. Frå 1990 til 2006 gjekk forbruket i Europa ned 36 %. Reserver, forbruk (kring 2006) og venta forbruk i 2025 etter land/område:

Område Reserver % Forbruk (mill tonn) Venta bruk i 2025
USA 27 1094 1505
Russland 17 251 288
Kina 13 1531 3242
India 10 431 736
Australia 9
Sør-Afrika 5
Europa1 1117 853
Andre 19 1016 1602

1Utanom Russland

Bruk av ordet kol

Ordet «kol» er ofte blitt brukt for å visa til noko som er heilt svart, og er brukt i nokre namn, som Kolbein og Kolbjørn.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kol: Ulike typar kol, Kol i verda, Bruk av ordet kol  Commons har multimedium som gjeld: Kol
Kol: Ulike typar kol, Kol i verda, Bruk av ordet kol  Denne geologiartikkelen som har med kjemi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Kol Ulike typar kolKol i verdaKol Bruk av ordet kolKol KjelderKol BakgrunnsstoffKolKarbonKolkraftKolkraftverkKraftverkPlanteSedimentære bergartarTømmerØkonomi

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FaryngittAustraliaAnatomiske retningsskildringarUkrainaNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973LondonEl NiñoTonsillFRIKAR dance companyHaaretzBrunTwitterDogs av Pink FloydROBEKFlåklypa Grand PrixMaiMaoismeMax CarlProduksjonKristoffer ColumbusMetéora i TríkalaDonald DuckPungrevMiljøproblemParisLoddeRonja RøverdatterDet engelske herrelandslaget i fotballEnglandSnow White and the Seven DwarfsAureChristianiaTeknologiAlderspensjonEselSigmund FreudMusculus latissimus dorsiKvalsafariItaliaVierslektaSjøløverSørøya i FinnmarkDet tredje riketIranHellasGuvernement i OmanEtanRumpeldunkMahatma GandhiUSANazistInternasjonalenKevlarDamplokomotivEnrico CarusoBuByar i HellasEarl ScruggsHundEBergenNorrøntVaktelWehrmachtZagorá-MourésiRakettAstrid LindgrenPalauListe over primtalKallifóniKommune🡆 More