Musculus Latissimus Dorsi

Musculus latissimus dorsi (frå latin: latissimus - «breiaste», dorsi - «som høyrer til ryggen»), på norsk òg kalla den breie ryggmuskelen, er ein brei, flat, trekanta ryggmuskel som ligg på ryggflanken og strekkjer seg opp til brystkassa for å vere ein del av den bakre aksillefolden.

Han er delvis dekt av m. trapezius i torakalregionen.

Musculus latissimus dorsi
Musculus Latissimus Dorsi
M. latissimus dorsi
Norsk namn Den breie ryggmuskelen
Gray's subject #121 432
Utspring Ryggtaggane processi spinosi T7-L5, crista sacralis mediana, fascia thoracolumbalis, hoftekammen crista iliaca, nedste 3-4 costae og angulus inferior scapulae.
Feste    Crista tuberculi minoris humeri
Arterie A. thoracodorsalis som greiner seg frå a. subscapularis, som kjem frå a. axillaris
Nerve N. thoracodorsalis eller N. subscapularis, som kjem frå plexus brachialis.
Rørsle Ekstenderer og innoverroterer overarmsbeinet, humerus.
Antagonist M. deltoideus og m. trapezius

Muskelen blir rekna som ein overarmsmuskel som har migrert til ryggen. Han er med det ikkje ein del av dei eigentlege ryggmusklane.

Utspring og feste

Muskelen spring ut frå eit sterkt fibrøst seneblad som er kalla ryggaponevrosen, fascia thoracolumbalis, som sit fast i ryggtaggane processi spinosi T7-L5 og frå vidareføringa av ryggtaggane på krossbeinet, crista sacralis mediana, og bakre delen av hoftekammen crista iliaca. Ofte er òg nokre muskelbuntar festa i nedre kanten av skulderbladet, angulus inferior scapulae. Dei muskelbuntane som kjem frå hoftekamsdelen av fascia thoracolumbalis er ofte òg festa i dei 3-4 nedste ribbeina, costae.

Muskelen skyt opp under m. trapezius og festar seg på beinlista under den vesle overarmbeinsknuten, tuberculus minus, som er kalla crista tuberculi minoris humeri. Andre kjelder hevdar at han festar i fura mellom dei to overarmsknutane, sulcus intertubercularis humeri. Det har i alle høve ingen funksjonell tyding. Endesena bøyger seg om den nedre og fremre kanten av m. teres major før han vrir seg om seg sjølv og festar anteriort for m. pectoralis major og posteriort for m. teres major. Ein hugseregel er at m. latissimus dorsi er «ladyen mellom dei to majorane».

Rørsle

M. latissimus dorsi er ein adduktor (nedoverførar) og ein innoverrotator i skulderleddet. Om armen er flektert (halden framover), så kan han verke som ein ekstensor òg (trekkjer armen nedover og bakover). Sidan endesena er tvinna, vil han ha særs god kraft når arma er abdusert (halden ut frå sida) og skal adduserast, likt med m. pectoralis major.

Han blir særleg nytta i aktivitetar som staking, klatring og krykkegåing. Han er og i bruk når ein hostar kraftig.

Innervasjon

Muskelen får nerveforsyninga si frå n. thoracodorsalis, òg kalla n. subscapularis. Han kjem frå overarmnerveflettverket plexus brachialis.

Fleire bilete

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Musculus Latissimus Dorsi  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Musculus latissimus dorsi

Tags:

Musculus Latissimus Dorsi Utspring og festeMusculus Latissimus Dorsi RørsleMusculus Latissimus Dorsi InnervasjonMusculus Latissimus Dorsi Fleire bileteMusculus Latissimus Dorsi Sjå ògMusculus Latissimus Dorsi KjelderMusculus Latissimus Dorsi BakgrunnsstoffMusculus Latissimus DorsiBrystkasseLatinM. trapeziusMuskelNorskRygg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DeltaNederlandskThe Times of IndiaStrategispelIngrid Alexandra av NoregAureMidsommar2019Biologisk familieGustav ValsvikSoparFarkadónaSvanesjøenSyndikalismeBrasilSamvirkelagJacob Tullin ThamsRhinenFriksjonMarie AntoinetteBergenEvnukkSoltidSki-VM 2019Det nederlandske koloniriketOseanografiPierre-Simon LaplaceMjøsaPlatonAmmoniumkloridSosialdarwinismeDen islamske statenStrilamålVaktelAsbjørnsen og MoeHolbækVinter-OL 1988Hepatitt C-virusOslo Øst fotballTeltErik AndersenChampions LeaguePeter Wessel TordenskjoldDet norske flaggetØrsta kommunePhobos i gresk mytologiMartha SkrettebergPeriferieininga TríkalaTutrakanBlåmannMesonFranz LisztKallífonoClaudio MonteverdiBuskerud fylkeJehovas vitneSong-dynastietBM-21NasjonalbiblioteketGjegnabuOrHappy HumanUbehaget i kulturenTausØRígas Feréos i MagnisíaDet tredje riketMax CarlKathakaliCelina MidelfartHavørnFinnøyNyrekapsel🡆 More