Strilamål

Strilamål (rettskriving, nyn.: strilemål) er den dialekta som strilane snakkar.

Strilamål
Tala på: Vestlandet
Kommune: Nordhordland og Midhordland
Klassifisering: Vestlandske målføre

Dei som vert kalla strilar bur på Strilelandet, som er namnet på områda omkring Bergen — hovudsakleg Nord- og Midhordland.

Kjenneteikn ved strilamålet

Analyse:

Andre kjenneteikn:

  • ll vert ofte dl: alle = adle, ein ball = ein badl, eit troll = e(i)t trœdl, ei kolle = ei kådla
  • nn vert ofte dn: å kunna = å kudna, å banna = badna, ei kanna = ei kadna, ei tann = ei tœdn, inn = idn
  • mm vert ofte bm: ein hammar = ein habmar, gammal = gabmal, å komma = å kœbma
  • rn vert ofte dn: eit korn = e(i)t kœdn, eit barn = e(i)t badn, ein bjørn = ein bjødn, eit horn = e(i)t hœdn
  • kj-lyden er sterk: det heiter KJøleskap, ikkje SJøleskap. 'kj'-lyden er ein såkalla affrikat som er kjenneteikna ved ein tydleg "eksplosjonsarta" overgang mellom 'k' og 'j' (i lydskrift [c͡ç] i motstenad til den mjuke overgangen ein finn i bergensk ( i lydskrift [ç])..
  • Ikkje-forkortingar: kan ikkje = kan’kje, har ikkje = ha’kje, skal ikkje = ska’kje, sa ikkje = sa’kje osb.
  • sk i skriftmålet vert ofte uttala ssj ( i lydskrift [ʃ]) om det kjem ein e etterpå: vasken = vassjen, fisken = fissjen, disken = dissjen osb.
  • g i 2. staving skriftleg vert uttala j om det kjem ein vokal etter den igjen: hagen = hajen, korgæ = korjæ, magen = majen osb. Dette gjeld berre i Nordhordland.
  • gg, kk eller k i 2. staving i skriftforma vert uttala med j lagd til etter desse/den. Men, berre om det kjem ein vokal (helst ein e) etter den igjen ( i lydskrift [ɟ͡ʝ] for stemt variant og [c͡ç] for ustemt variant): begge = beggje , frakken = frakkjen, ein tanke = ein tankje osb. Igjen er det snakk om ein såkalla affrikat-lyd som i "ikkje"

Pronomen

Personlege pronomen
Nominativ Akkusativ
Eintal 1. person Eg Meg
2. person Du Deg
3. person Han ('an), Ho, Da Han ('an), Ho/Hedne ('ne), Da
Fleirtal 1. person Me Oss/œss
2. person De Deko eller Dåke
3. person Dei Dei

Substantiv

Substantiv, hankjønn
Døme: gut Eintal Fleirtal
Ubestemt form Ein gut Fleire guta'
Bestemt form Den gut'n Dei gutane eller gutana

Merknad: Einstava hannkjønnsord som endar på ein vokal får eit tillegg av ein d i bestemt form, eintal: ein sjø -> den sjødn, ein by -> den bydn, ein sko -> den skodn osb.

Substantiv, svakt hokjønn
Døme: boksa Eintal Fleirtal
Ubestemt form Ei buksa Fleira bukse
Bestemt form Den bukso Dei buks(e)na

Merknad: På strilamål heiter det eigentleg ikkje buksa, men brok (ei brok, den brokjæ, fleire brøkje, dei brøkjena).

Substantiv, sterkt hokjønn
Døme: bok Eintal Fleirtal
Ubestemt form Ei bok Fleira bøk/bøkje
Bestemt form Den bokjæ Dei bøkjena

Merknad: I strilamålet finst det både svake og sterke hokjønnssubstantiv. Dei svake endar alltid på -a i ubestemt form, eintal. I bestemt form, eintal vil dei svake hokjønnsorda anten enda på -o eller -å, alt etter kvar på Strilelandet ein kjem frå. Kommentar: Om eit svakt hokjønnsord endar på 'å' i bestemt form er det neppe strilamål. men indre midhordlandsmål - t.d. Os eller Fusa . I strilamåla vil sterke hokjønnsord alltid enda på 'æ' medan svake alltid endar på 'o'. Dette er eit av dei sikraste kjenneteikna på strilamål og som skil det frå indre midhordlandsmål som ein finn i Os og Fusa.

For einstava, sterke hokjønnssubstantiv som endar på ein vokal, vil ordet i bestemt form, eintal få eit tillegg av ein n før endinga; ei bru -> den brunæ, ei øy -> den øynæ, ei to -> den tonæ (berghylle) osb. Dette er ein såkalla hiatushindrande lyd og gjeld berre striladialektane i Nordhordland.

Substantiv, inkjekjønn
Døme: hus Eintal Fleirtal
Ubestemt form Eit/et hus Fleire hus
Bestemt form Da huse Dei husæ/hus(e)na

Merknad: For alle inkjekjønnsord i bestemt form, fleirtal finst det to moglege endingar; -æ og -(e)na. Det er ofte slik at blant eldre personar nyttar ein helst -æ, og blant yngre er det helst -(e)na som er mest nytta.

Andre kjenneteikn

Strilamålet har forøvrig sterk adjektivbøying: "sjetæ", "litæ" for hokjønn i uttrykk som "ei sjetæ skjorta" og "ei litæ jenta".

Eit anna karakteristikum for strilamåla er at ein skil mellom påstad og fråstad når ein skal skildra noko som står nært (her) eller fjernt (der borte). Dette finn ein i "Denne(Dinne)/denna/detta/den her" og "Danne/danna/datta/dan dar" (tilsvarar engelsk "This" og "That"). Dette gjeld òg for fleirtalsuttrykk: "Desse/Dessi her" og "Dasse/Dassi dar" (jfr. engelsk "These" vs. "Those"). Dette er nedarva frå norrønt mål.

œ/ø/å-lyd. I strilamålet vert gammalnorsk kort o og kort ǫ uttala som å, som ø eller ein mellomting ([ɞ] i lydskrift), avhengig av kvar i Strilalandet ein kjem frå. Døme på dette er ord som håve/høve/hɞve (hovud), såva/søva/sɞva (sova), trådl/trødl/trɞdl (troll), kål/køl/kɞl (kol) og hål/høl/hɞl (hol).

Døme

  1. «Dadne dialæktn so adle dæi ækta strilana snakka', ænt'n dæi bur på fjedle edle ute me' sjødn.»
  2. «Dæi dansa ron't i tudn te dæi vart hæilt ørne i hœvena.»
  3. «Me sku' bœra eit hœl, men bœtt'n tœlte da ikkje, so me måtte te me' sement.»
  4. «I rubmet ligg mjølsekkjena i høge lag | Og kassa med ablesine» - Utdrag frå "Dar kjem dampen" skriven av Ragnvald Hammer.
    Strilamål  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Strilamål Kjenneteikn ved strilamåletStrilamål DømeStrilamålBergenDialektMidhordlandNordhordlandNynorskStrilStrilelandet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

IndiaJomfru MariaIngrid Alexandra av NoregGoiásLuciano PavarottiMahatma GandhiGud signe maten på vårt bordCelina MidelfartJordbruksrevolusjonenKyprosMalariaBlåmannTelemark fylkeVestlandetIolkósIvar AasenKrøllalfaEØSNykøbing MorsSola kommuneVoss heradHovudsideSjøkrepsBokmålEvnukkFilmserien Harry PotterKirkenærKaptein SabeltannNasjonaldraktPolarlysGunnhild SundliDydNorsk fonologiMaiVossamålClaudio MonteverdiPýliLemmingNorsk folkedansAndOdd NordstogaJaroslav SakalaKallifóniGrønVaterbordTeltKristian ØdegårdMesonEselProgrammeringsspråket JavaTrekanthandelAdministrativ inndeling i HellasTutrakanIndonesiaLVaktelVesle GaldhøpiggenKallesignalEnglandByar i OmanMusikkgruppa GåteAfrikaJohann Sebastian BachNihilismeEdderkoppar i kulturenLeksikonBM-21OverarmsbeinMiddelhavetOksygenLiberalSamvirkelagThe Times of India🡆 More