Voss Herad: Kommune i Vestland fylke i Noreg

Voss herad er ein kommune sentralt i Vestland fylke.

Kommunen grensar i vest til Vaksdal, i sørvest til Kvam, i aust til Ulvik, og i nord til Aurland og Vik. Kommunen er vorten utvida fleire gonger, i 1964, då Voss, Vossestrand og Evanger vart slegne saman, og i 2020, då Granvin herad og ein del av Ullensvang herad (Oksenhalvøya) vart del av kommunen.

Voss herad
kommune
Voss Herad: Geografi, Kultur, Samferdsle
Voss Herad: Geografi, Kultur, Samferdsle
Kommunevåpen
Land Voss Herad: Geografi, Kultur, Samferdsle Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Vossavangen
Areal 2 041,97 km²
 - land 1 963,37 km²
 - vatn 78,60 km²
Folketal 16 471  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Tonje Såkvitne (Sp) (2023)
Kommunenr. 4621

Voss herad
60°42′09″N 6°25′23″E / 60.7025°N 6.423056°E / 60.7025; 6.423056
Voss Herad: Geografi, Kultur, Samferdsle
Wiki Commons: Voss
Nettstad: www.voss.kommune.no

Voss er ein innlandskommune og eit trafikknutepunkt, og er med 1 805 kvadratkilometer den største kommunen i Hordaland fylke. 91 % av arealet er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Kommunen er populær for skigåing og bygda har fostra fleire kjende skiløparar. Nord for Vossavangen ligg skiområda med Voss fjellheisar. Dei seinare åra er det også bygd skitrekk og skiløyper i Myrkdalen, vel 2 mil frå kommunesenteret i samband med utbygginga av Voss Fjellandsby.

Ein person frå Voss vert kalla ein vossing (i eldre tid «ein voss» (m), «ei vossa» (f)) og «vesser» (fleirtal).

Geografi

Voss kommune ligg omkring Vossevassdraget mellom grensa til Ulvik øvst i Raundalen i aust, og munningen i Bolstadfjorden i vest, i tillegg til sidedalane Bordalen, Dalane (dalføret mot Hamlagrø) og dalføret av Istadelva mot Granvin i sør, og Strondaelvas dalføre med sidedalar og Teigdalen i nord, i tillegg til dei omliggjande fjelltraktene. Sentralt i kommunen ligg Vangsvatnet med administrasjonssenteret Vossavangen ved austenden.

I Voss kommune ligg Bømoen, ein norsk militærleir. I fleire år har Bømoen vore vintertreningssenter for NATO. Tvildemoen er ein tidlegare militærleir som etter at Forsvaret avslutta verksemda si her, er teken i bruk til industri- og bustadføremål.

Kultur

Voss har stolte tradisjonar som bastion for forvaltning av norsk bonde-og bygdekultur, som framleis er haldne i hevd. Smalahove er ein populær rett på Voss, og dette vert markert med det årlege Smalahovesleppet. Bygdesangen for Voss heiter Vossasongen, som er tonesett av Torgeir Raugstad med tekst av Lars Eskeland. Ein annan song om distriktet er «På Vossevangen der vil eg bu», med tekst av danske Carsten Hauch. Den lokale dialekten vert kalla vossamål. Ein særeigen folkedans frå Voss er vossarull (på dialekt «vossarodl») dansa til musikk av hardingfele. Frå distriktet kjem Vossabunaden.

Voss er ein populær stad for vintersport, med skianlegg mellom anna på Bavallen og i Myrkdalen, og ypparlege skiforhold i Mjølfjellsområdet.

Lokalavisa Hordaland kjem ut på Voss tre gonger i veka, med eit opplag på kring 10 000. Avisa vart grunnlagt i 1883, og dekkjer utanom Voss også grannebygdene i kommunane Granvin, Modalen, Vaksdal og Ulvik. Nærradioen «Radio Folgefonn» som opphavleg starta lokalsendingar i Hardanger, har no òg sendingar som dekkjer større delar av Vossebygda.

Festivalar og tilskipingar på Voss

I palmehelga kvart år vert jazzfestivalen Vossajazz skipa til. I juni vert det kvart år arrangert Ekstremsportveko og Voss Cup, som er den største norske fotballturneringa for born under 12 år. I august går den årlege Voss Blues and Roots festival av stabelen, og i september fylgjer Skjervheimseminaret. Smalahovesleppet vert arrangert fyrste helga i oktober kvart år, og i slutten av månaden vert folkemusikkfestivalen Osafestivalen halden. I romjula skipar Vossajazz årvisst til Jolajazz.

Samferdsle

Jarnbanen Bergensbanen går gjennom kommunen og har stoppestad på Vossevangen. Vegane Europaveg 16 og Riksveg 13 går gjennom kommunen med bussruter mellom Aust- og Vestlandet og frå Sørlandet og nordetter. Der er kortbaneflyplass på Bømoen, men ingen regulære flyruter.

Næringsliv

Voss var frå gamalt av ein jordbrukskommune og er enno den største av dette slaget i Vestland fylke. Det vert særleg drive husdyrhald (kyr og sauer). Fram til etter den andre verdskrigen vart det drive ei utstrekt stølsdrift i kommunen, men dette er det svært lite att av no. Det vert også drive ein del skogsdrift. Utetter siste halvdel av 1800-talet byrja det å koma turistar til bygda, og det vart bygt hotell. Særleg skaut dette fart etter at jarnvegen mellom Bergen og Voss (Vossebanen) stod ferdig i 1883. Seinare er bygda vorte eit av dei større turistsentera i landet. Det er bygt ei rekkje hotell, gjesteheimar, campingplassar og andre overnattingstilbod, og i tillegg til dette ei rekkje aktivitetstilbod for tilreisande, så som riding, kanopadling, golf, sportsfiske, gardsopphald, fallskjermhopping, hanggliding, paragliding og mangt anna. Der er ingen store industriverksemder i kommunen, men ei rekkje mindre, t.d. meieri, mekanisk industri, trevareindustri, sementvarefabrikk og foredling av kjøt.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for noverande Voss kommune frå 1920:

1.12.1920 1.12.1930 3.12.1946 1.1.1951 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010
11986a 12019a 12579a 12687a 13224a 13708 14160 14076 13796 13902
    a Talet omfattar Bergsdalen og ein del av Eksingedalen, som var del av gamle Evanger kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Vaksdal kommune. Desse områda hadde då 251 innbyggjarar.

Politikk

Heradstyrerepresentantar fram til kommunesamanslåinga

Det første listevalet på Voss vart halde i 1898.

År Moderate
Venstre
Venstre Afholdsvenlige
Venstre
Arbeidar-
partiet
Radikale
folkeparti
Upolitiske
lister
Bonde-
partiet
Sosial-
demokratane

Skattebetalernes
sparegruppe
NKP Kristeleg
Folkeparti
Høgre Totalt
1898 12 16 28
1901 11 17
1904 12 16
1907 7 11 10
1910 14a 14b
1913 6 18 4
1916 19 2 2c 5d
1919 17 3 2 6d
1922 7 5 1 3d 12
1925 8 3 6d 10 1
1928 7 8 2d 9 1 1
1931 9 6 4e 9
1934 7 10 1e 10
1937 8 10 10
1945 5 10 3f 8 2
1947 4 10 9 1 3 1
1951 4 12 8 3 1
1955 4 17 9 3 2 35
1959 4 17 9g 3 2

a Venstre og Moderates fællesliste
b De afholdsvenlige Venstres og Moderates liste
c Arbeidardemokratane
d Vossevangens upolitiske valgliste
e Upolitisk liste
f Samhaldslista
g Senterpartiet

Kommunestyrerepresentantar etter kommunesamanslåinga

År Arbeidar-
partiet
Senter-
partiet
Venstre Kristeleg
Folkeparti
Høgre Sosialistisk
Venstreparti
Upolitiske
lister
Det Nye
Folkepartiet
Framstegs-
partiet
Raud
Valallianse
Totalt
1963 20 12 5 3 3 43
1967 19 11 6 3 3 1a
1971 18 11 4 4 2 1a 3b
1975 18 11 1 5 4 2 2
1979 16 9 3 5 8 1 1
1983 18 8 3 4 7 1 1c 1
1987 20 7 3d 4 4 1 3 1
1991 6 15 3 2 3 3 8e 1 2
1995 12 13 3 3 4 3 2e 2 1
1999 18 9 2 3 4 3 3 1
2003 16 8 2 3 3 5 5 1
2007 13 10 3 3 3 4 5 2
2011 12 8 5 2 8 3 4 1f

a Sosialistisk Folkeparti
b Veg- og tiltakslista
c Det Liberale Folkepartiet
d Fellesliste Venstre og Det Liberale Folkepartiet
e Bygdelista
f Raudt

Kjende personar frå Voss

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Voss Herad GeografiVoss Herad KulturVoss Herad SamferdsleVoss Herad NæringslivVoss Herad FolketalsutviklingVoss Herad PolitikkVoss Herad Kjende personar frå VossVoss Herad FotnotarVoss Herad BakgrunnsstoffVoss HeradAurland kommuneEvangerGranvin heradKvam heradUllensvang heradUlvik heradVaksdal kommuneVestland fylkeVik kommuneVossestrand

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Carles PuigdemontBrøytSnøskuterIslandGerd-Liv VallaJiddischAsker kommuneRundeIsbjørnÅrdal kommuneAmiensChristian Rynning-TønnesenErna SolbergKnapstadNobelprisen i litteraturPotemkins kulisserLukkeGrunnstoffliste etter atomnummerOle Gunnar SolskjærVerdas språk etter utbreiingKåre Magnus BerghMusculus deltoideusSneppålVM i skiskyting 2021Andre verdskrigCarl XVI Gustaf av SverigePumaWe Can't DanceArnold SchwarzeneggerJonas Gahr StøreRayleeVietnamkrigenOmansk geografiSovjetunionenBrennverdiVictoria av StorbritanniaMargrethe II av DanmarkGeorgiaGrosgrainSeglfartøyet jaktHjortetakksaltGjærKlubbeReinfjordTidslinje over norsk historieGabrielNynorskTatraGrunnstoffliste etter namnBodø kommuneLydopptakVulkanar i ItaliaKirgisistan923RaulandDonauHasardErik FollestadDanderydFinskAndre verdskrigenLübeckCERNTorstein FlakneMari Maurstad1662Anette Hovind JohansenBliksværFrode GrodåsAtropinÄlvdalen🡆 More