Ivar Medaas (9.
april">9. april 1938–7. januar 2005) var ein norsk visesongar og felespelar frå Nordhordland. Medaas budde i Alversund i Lindås kommune i Nordhordland nord for Bergen. I 1963 fekk han gjennombrot som artist med songen «Dar kjem dampen». Medaas sette melodi til songen, som var skriven av Ragnvald Hammer.
Ivar Medaas | |||
| |||
Fødd | 9. april 1938 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Alversund | ||
Død | 7. januar 2005 (66 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1959–2005 | ||
Sjanger | rock, folkemusikk, pop | ||
Instrument | fiolin, fele | ||
Verka som | musikar, visesanger, skodespelar, revyartist, plateartist | ||
Gift med | Kari Medaas | ||
Prisar | Målprisen |
Han og kona Kari var kjende under namnet Vestlandsduoen som song på strilamål. I 2002 fekk dei målprisen. Medaas opptredde òg saman med Dizzie Tunes, Wenche Myhre og Øystein Sunde.
Fram til 1955 budde han i Alversund, men flytta så ei tid til Oslo. Fem år seinare debuterte han hjå Jens Book-Jenssen og arbeidde deretter på Chat Noir i fire år, og så på ABC Teatret og Oslo Nye Teater i eit år kvar.
Han blir hugsa for visene «Draumen om fred», «Sildefiske på Doggerbank» og «Dar kjem dampen». Ivar Medaas gav òg ut ei plate med tekstar av Herbjørn Sørebø. I 1965 og 1967 deltok han i Melodi Grand Prix, og fekk ein fjerdeplass det eine året og ein femteplass det andre.
Medaas vart rekna som ein av dei beste til å lyfta fram kulturen til strilane.
Medaas fekk hjerneslag i 1995 og vart sidan sittande i rullestol, men i 1997 hadde han trena seg so godt opp at han kunne vere på scena att. I 1998 vart Medaas æresmedlem i Nordhordland Veteranbåtlag for å ha gjort vestlandskulturen kjend, spesielt fjordabåten DS «Oster». I 2001 vann han Gammleng-prisen i klassen veteran.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ivar Medaas, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.