Øystein Sunde (fødd 24.
januar">24. januar 1947) er ein norsk visesongar og gitarspelar. Han er kjend for sitt raske gitarspel og ordleiken i tekstane sine.
Øystein Sunde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. januar 1947 (77 år) Oslo |
Yrke | musikar, songar, gitarist, låtskrivar, plateartist |
Medlem av | Gitarkameratene, Christiania Fusel & Blaagress |
Nettstad | http://www.spinner.no/oystein_sunde/os_start.htm |
Øystein Sunde på Commons |
Sunde vart fødd i Oslo, men familien flytta tidleg til Skarnes, der Sunde byrja på skule. I 1955 flytta familien tilbake til Lambertseter i Oslo. I 1976 flytta Øystein Sunde tilbake til Skarnes saman med kona Gudrun.
Under den norske visebølgja vart Øystein Sunde ein del av musikkmiljøet i hovudstaden, og frekventerte viseklubben Dolphins saman med personar som Kari Svendsen, Lillebjørn Nilsen, Ole Paus, Finn Kalvik og Hege Tunaal. Han har spelt i band som Hitch-Hikers, Hi-Five, Christiania Fusel & Blaagress og Gitarkameratene. Han har òg delteke i revyar, men er mest kjend som soloartist. Han har fleire gonger vunne Spellemannprisen, både som soloartist og med Gitarkameratene. I 2000 vann han også Edvard-prisen i klassen tekst til musikk. I 2000 fekk han og Alf Prøysens Ærespris.
I 1975 deltok Øystein Sunde i Melodi Grand Prix med songen En enkel sang, skriven av Benny Borg. Songen kom på ein tredjeplass.
Sunde skriv hovudsakleg humoristiske tekstar, ofte om kvardagslege ting frå sitt eige liv, som bleiebarn og modellfly. Uttrykk som «kjekt å ha», «morn, du!» og «du må’kke komme her og komme her» frå songane hans er blitt til norske munnhell.
I tillegg har han gjeve ut fire bøker med tekst og notar til songane sine:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Øystein Sunde, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.