Stare eller star (Sturnus vulgaris) er ein sporvefugl i starefamilien (Sturnidae).
Stare | |
Starehann | |
Starehoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga Utbreiinga av Stare | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Starefamilien Sturnidae |
Slekt: | Sturnus |
Art: | Stare S. vulgaris |
Vitskapleg namn | |
Sturnus vulgaris |
Staren er om lag 22 cm lang, og kan kjennast att på den metallglinsande svarte fjørdrakta, og den sterkt karakteristiske vårsongen som inneheld hermelydar. Om hausten skiftar han fjørdrakta si til vinterdrakt som har små, kvite flekkar.
Staren finst over heile landet, og i Finnmark kan vert han oftast sett i område nær kysten. Han oppheld seg ikkje i tette skogområde og ein finn han heller ikkje i alpine skogområde, i motsetnad til på jordbruksmark. Utbreiinga har variert ganske mykje gjennom det siste hundreåret, og på 1970- og 80-talet, blei ein kraftig tilbakegang registrert pga. forgiftingar og vinteren. Det hekkar om lag 200 og 500 tusen par i Noreg.
Staren kan hekke i mange og ulike holrom, og para kan gjerne etablere seg inntil kvarande. Han nyttar fuglekassene dersom at det ikkje er holrom. Dei same fuglane kan kome tilbake fleire år på rad. Eldste norskmerka staren ein veit om var 23 år. Det er mykje fleire hannar enn hoer, så hannen forsvarar reiret sitt mot inntrengjarar. Likevel er han ikkje så godt beskytta for predatorar. Dei legg ofte eitt egg samstundes som dei tek eitt frå vertsparet. Egga er lyseblå og hoa legg 5 – 6 egg som blir ruga i tolv dagar, og det er frå siste egg er lagt. Ungane forlet kassa (reiret) etter 20 dagar. Det er då det er størst predasjonstrykk frå kråke og kattar.
Han har ein vegetabilsk næring som er: korn, frø, frukt, meitemark, sniglar, edderkoppar og meir.
Han kjem som ein av dei tidlegaste av trekkfuglane, som vanlegvis er tilbake i mars - i fyrste eller andre veke. Då er dei to månadar tidlegare før eggelegginga, noko som er uvanleg for ein trekkfugl. Dei vaksne, og ein god del ungfuglar kan fortsatt finnast i betydelege mengder ute ved kysten langt ut i oktober. Han kan også overvintre ein god del her.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stare, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.