Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English
Hund
Hund
Hund
Utbreiing
Utbreiinga av hund
Utbreiinga av hund
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Pattedyr Mammalia
Orden:Rovpattedyr Carnivora
Familie:Hundefamilien Canidae
Slekt:Canis
Art:Ulv C. lupus
Underart:Hund C. l. familiaris
Vitskapleg namn
Canis lupus familiaris

Hund eller tamhund (Canis familiaris eller Canis lupus familiaris) er eit mellomstort domestisert rovpattedyr i hundefamilien, som har følgt mennesket og bidrege til menneskeleg suksess gjennom fleire tusen år. Både hund og katt er rekna som viktige kjæledyr, sjølv om begge er rovdyr.

Hundar er tamme etterkomarar av ulv som har levd saman med menneska i over 15 000 år.[1] Han var den fyrste arten til å bli domestisert,[2][3] og har utvikla seg til mange ulike storleikar, fargar og former tilpassa eit utal arbeidsoppgåver. Hundar er sosiale dyr som kan trenast på ulike vis, mellom anna til å jakta (jakthund), vakta på eigedom eller snusa seg fram til narkotika (brukshund/tenestehund), men dei gjer òg ein fin innsats utan så mykje trening som turkamerat og skjødehund eller familiehund.

Fylogeni

 
Dagens ulvar (C. lupus) har felles opphav med tamhund og dingo.
Foto: Gary Kramer / U.S. Fish & Wildlife Service
 
Ny-guinea villhund (C. dingo, C. hallstromi) er ein vill urhund som berre lever i fjella på Ny-Guinea. Tamversjonen blir kalla ny-guinea syngehund og stammar frå åtte viltfanga individ
Foto: Asim Bharwani

Tamhunden tilhøyrer den ikkje-systematiske gruppa av verkelege hundar, somver kjenneteikna gjennom at alle har 78 diploide kromosom (2n = 78). Saman med søramerikanske hundedyr (som har eit varierande tal diploide kromosom) utgjer desse to gruppene ein systematisk tribus kalla hundeliknande canidar (Canini).

Bortsett frå to artar tilhøyrer alle verkelege hundar slekta Canis. Hunden blir likevel gjerne rekna som ei underart av arten ulv (Canis lupus), som på si side no meir blir rekna som eit artskompleks.[4] Artskomplekset «ulv» består igjen av fleire distinkte kladar og kryptiske artar.[5] Tamhund og dingo (C. dingo) har felles opphav og stammar truleg frå ei ulvelinje som no er utdøydd.

Inndelinga under følgjer Rutkowski et al. (2015).[6] Det er sett i gang studium som vonleg vil avdekka om stripesjakal (C. adustus) og svartryggsjakal (C. mesomelas) bør innlemmast i ei eiga slekt, sidan denne inndelinga gjer Canis til ei parafyletisk gruppe.





stripesjakal (C. adustus)  



svartryggsjakal (C. mesomelas)  







1,9 mya
1,3 mya

«ulv»

tamhund, dingo (C. familiaris, C. dingo)  



ulv (C. lupus)  




prærieulv (C. latrans)  




gullulv (C. anthus)  




gullsjakal (C. aureus)  




etiopisk ulv (C. simensis)  




asiatisk villhund (Cuon alpinus)  





afrikansk villhund (Lycaon pictus)  





Opphavet til hunden

 
Chihuahua og grand danois er høvesvis verdas minste og største hunderase.
Foto: Ellen Levy Finch

Hunden har tidvis blitt rekna som ein sjølvstendig art og tidvis som ein underart, sidan opphavslinjene har vore vanskelege å dokumentera vitskapleg. Difor har det versert ei rekkje meir eller mindre kvalitative teoriar, med større og mindre oppslutning. Moderne DNA-forsking har likevel slått fast at ulv (Canis lupus) og tamhund har eit felles opphav, eit stort, ulveliknande hundedyr som levde i Europa (men naudsynlegvis ikkje berre der), men no er utdøydd. Analysane tyder på at den nære slektskapane til hunden med ulven, og gjennom dette all usemja om klassifiseringa gjennom åra, stammar frå naturlege kryssingar (altså hybridisering) mellom desse to artane.[7] Hybridiseringa har truleg gått føre seg gjennom tusenår, og kan forklara mange av spørsmåla som har kome til i seinare års forsking.

Linja i stamtreet som førte fram til tamhunden, oppstod truleg alt for rundt 76 000–135 000 år sidan. Ein studie som kom ut 16. januar 2014 antyder at tamhunden og ulven truleg berre har éi felles stamform, som truleg eksisterte for rundt 9 000–34 000 år sidan.[8]

27. mars 2014 dukka det opp ein australsk studie som slo fast at dingo (C. dingo) kan vera ein sjølvstendig art, noko som naturlegvis styrka teorien om at ulv, tamhund og dingo hadde eit felles opphav.[5][5] Grunnlaget for studien var fossil, fleire skinn og beinfragment etter dingoar som var daterte til tida før det moderne mennesket tok med seg tamhundar til Australia. Altså til tida før hybridisering mellom hund og dingo fann stad.[5]

Den 18. oktober 2021 meldte det renommerte vitskaplege tidsskriftet Science at ein no utdøydd japansk ulv (C. l. hodophilax) kunne vera nøkkelen til tamhunden sitt opphav.[9] Det er for tidleg å slå det endeleg fast, men tamhunden og C. l. hodophilax ser ut til å vera systerarter, som då altså må ha ein felles progenitor.[10] Komplette genom frå ni japanske ulvar, 11 japanske hunderasar og eit utval av revar, prærieulvar, dingoar, ulike ulvar, og moderne hundar frå heile verda, danna fundamentet for undersøkinga.[10] Andre forskarar hevdar at studien er eit langt steg framover, men at det framleis trengst meir forsking før ein kan trekka nokre endelege konklusjonar. Mykje tyder likevel no på at han oppstod langt aust i Asia.[10]

Domestiseringa

Hund og menneske har levd i sameksistens gjennom fleire tusenår. Lenge trudde ein at domestiseringa av hunden fann stad for kring 12 000–15 000 år sidan, men forsking i seinare år har vist at sjølve prosessen kan ha starta mykje tidlegare. Han kan ha byrja allereie for kring 40 000 år sidan, og kanskje på fleire stader. Det herskar framleis usemje om kva tid og kvar det skjedde. Funnet av den 31 700 år gamle goyethunden har leidd nokon til å tru at aurignackulturen i Europa var den fyrste som domestiserte hunden, men det finst fleire teoriar.[11]

Då Skoglund et al. (2015) dokumenterte funnet av den såkalla tajmyrulv (eit fossilfunn frå Tajmyrhalvøya i Sibir), kunne forskarane samtidig slå fast ei hittil ukjend linje av ulvar som fanst for omkring 35 000 år sidan, men sidan truleg har døydd ut.[12] Den genetiske arven etter tajmyrulv lever likevel vidare, sidan forskarane fann introgresjon (flyt av gen) til mellom anna sibirsk husky, grønlandshund og shar pei.[12] Funnet støttar teorien om at hunden kan ha oppstått som fleire ulike hendingar, på ulike stader og til ulik tid. I dette tilfellet er det snakk om tre ulike hendingar.[12] Skoglund hevda likevel at tajmyrulven neppe ville løysa gåta om opphavet til hunden, sidan denne og hunden tilhøyrte parallelle linjer som truleg splitta frå stamtreet til ulven omtrent samtidig, og før siste glasiale maksimum.[12] Funnet av tajmyrulven har likevel justert den genetiske tidslinja, og slik sett fått den molekylære klokka (som måler takten av genetiske mutasjonar som bygger seg opp gjennom tid) til å tikka meir i takt med dei arkeologiske bevisa.[12]

I ein studie som kom ut i det vitskaplege tidsskriftet Nature Communication den 18. juli 2017 konkluderte Botigué et al. (2017) med at ulven og tamhunden truleg skilde lag for kring 36 900–41 500 år sidan, noko som fell saman med bevisa frå genomet til tajmyrulven.[13][12] Vidare konkluderte dei med at domestiseringa av hunden må ha starta mellom då og det tidspunktet då den søraustasiatiske linja med hundar oppstod, for kring 17 500–23 900 år sidan.[13] Botigué et al. hevdar likevel at studien ikkje gir noko svar med omsyn til kvar det skjedde og om prosessen kan ha skjedd som fleire parallelle hendingar på ulike stader.

Arkeologiske funn

Dei eldste skjelettrestane som er funne etter tamhundar er vel 30 000 år gamle og stammar frå tida etter Cro-Magnon (Homo sapiens sapiens – notidsmenneske). Eit internasjonalt forskarteam oppdaga for nokre år sidan restane av ein hund som kan daterast 31 700 år tilbake i tid, noko som støttar teorien om at prosessen må ha starta tidlegare enn ein gjekk ut frå tidlegare.[11] Funnet stammar frå Goyetgrotta i Belgia og viser ein hund med ekstra kraftige tenner, breiare skalle (større hjerne) og kortare og breiare snute enn både nolevande og fossile ulvar. Forskarane estimerte ein hund på storleik med ein stor schæferhund og slo òg fast at dietten hadde bestått av kjøtt frå moskusfe, hest og rein.[11]

Slike skjelettrestar er alltid blitt funne like i nærleiken av menneskelege skjelettrestar, noko som gav opphav til nemninga Canis familiaris. I ertebøllekulturen frå steinalderen blei òg hundar gravlagde med gravgåver, og strødde med oker, noko som viser at banda mellom hund og menneske må ha vore tette.[14] Det er derfor logisk å gå ut frå at tamhunden stammar frå ville canider.

Varangerhunden

Funnet av den såkalla varangerhunden (C. varangensis, C. f. varangensis) er det eldste beviset ein har for tamhundar i Noreg. Varangerhunden blei funnen i Sør-Varanger og er datert cirka 5 000–7 000 år tilbake i tid. Ein går ut frå at hundtypen må ha vore ganske vanleg på Nordkalotten ein gong i tida, og funnet viser ei rekke fellestrekk med den opphavlege lapphunden. Begge manglar mellom anna 2. premolar på begge sider i overkjeven, eit særtrekk dei elles delar med norsk lundehund og nokre andre eurasiske urhundar. Det er likevel umogleg å ta varangerhunden til inntekt for ein særskild hunderase.

Opphavet til hundetypane

Studiar av mitokondrielt DNA (mtDNA) har avslørt ein kanskje uventa slektskap mellom nokre kjende hunderasar. Schäferhund har til dømes vist seg å vera nærare i slekt med molossarar (av vaktarhundtypen) enn dei fårehundane han vanlegvis blir klassifiserte saman med (jfr. FCI si gruppe 1). Studien viser òg at rasar som greyhound, irsk ulvehund, borzoi og sanktbernhardshund har fårehundblod i årene. Ein fellesnemnar er at berre eit fåtal hunderasar er særleg gamle (altså eldre enn 150–200 år), og berre nokre svært få er veldig gamle. Dei sistnemnde blir gjerne omtalte som urhundar og er snarare primitive og diverse landsasar heller enn homogene hunderasar. Hundar som tidlegare har vore rekna som «urgamle rasar», som til dømes grå elghund (ofte hevda å vera eit relikvie frå vikingtida) og faraohund (av mange haldne å vera den eldste hunderasen i verda), har vist seg ikkje å vera meir enn 150–200 år gamle i den noverande forma si. Studien som hevdar dette blei mellom anna gjennomført av dr. Elaine Ostrander, som er genetikar ved Fred Hutchinson Cancer Research Center and University of Washington, i samarbeid med fleire andre.[15] Intervjuet med dr. Ostrander er med basis i studien av Parker et al. (2004).[16]

Raseomgrepet

Før 1800 hadde ikkje raseomgrepet nokon særleg relevans for folk, men den kraftige veksten i talet på rasar og variantar mot slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet gjorde det nødvendig for stambokregistera å samla det aukande talet hunderasar i stadig nye grupper. Til å byrja med var det kanskje enkelt, men etter kvart blei grupperingane av hunderasar meir kompliserte. Utover på andre halvdel 1900-talet auka behovet for eit nytt system.

I 1979 var det klart at tida var mogen for ein ny nomenklatur for rasehundar, men det var uklart korleis denne skulle bli. I 1981 gav Zootechnics Commission professor Raymond Triquet (Universitetet i Lille III) oppgåva med å reformera den gjeldande nomenklaturen. Resultatet var klart i 1985, men blei fyst nedstemt. Etter mykje att og fram og mange diskusjonar, blei det likevel bestemt, på eit møte i Jerusalem i juni 1987, at Fédération Cynologique Internationale (FCI) skulle anta den nye nomenklaturen, med verknad frå og med 1. januar 1988.[17]

Den nye nomenklaturen til Triquet omhandla mellom anna ein ny definisjon av omgrepa gruppe, rase og variant for rasehundane.

  • Ei gruppe kan ifølgje Triquet definerast som «ei gruppe med rasar som deler visse felles eigenskapar som kan overførast genetisk». T.d. er ståande fuglehundar ulike morfologisk sett, men dei deler instinktet med å «ta stand» når dei jaktar på fugl. Dei kan såleis definerast som ei gruppe. Endå tydelegare definert som gruppe er kanskje myndene, som ikkje berre delar måten dei jaktar på (med synet som viktigaste sans), men også har ei rekke morfologiske og anatomiske likskapar.
  • Ein rase kan ifølgje Triquet definerast som «ei gruppe av individ med felles eigenskapar, som skil dei frå andre medlemmer av arten deira og som genetisk kan førast vidare til neste generasjon». Med det meiner han at «artar blir bestemd av naturen, medan rasar blir bestemd av kulturen eller motet til dommaren på utstillingsarenaen». Ein rase er såleis eit smalare og meir tydeleg omgrep enn ei gruppe, men altså ikkje så smalt og tydeleg som variantomgrepet.
  • Ein variant kan ifølgje Triquet definerast som «ei delgruppe innanfor ein rase der alle individ har ein felles genetisk overførbar eigenskap som skil dei frå andre individ av denne rasen». Eit døme er rasen belgisk fårehund, som eksisterer gjennom dei fire variantane groenendael, laekenois, malinois og tervueren. Med unntak av pelsen er morfologien og anatomien til desse hundane nærast identiske.

Nakenhundar

 
Peruviansk nakenhund har dominante arveanlegg som utløyser hårløyse
Foto: Sonja Kolijn

Nakenhundar er hundar som ikkje har pels, eller eventuelt svært lite hår på kroppen. Årsaka til dette finn ein enten i eit dominant eller eit recessivt gen (arveanlegg) som medfører hårmangel. Det er likevel ikkje slik at alle såkalla nakenhundar berre føder hårlaust eller delvis hårlaust avkom, for i eit valpekull blir det som regel òg fødd normalt behåra kvalpar. Nakenhundraser er altså ikkje alltid hårlause.

Brukseigenskapar

 
Svensk politihund (schæferhund)
Foto: Peter Isotalo
 
Vaktarhund (sarplaninac) på jobb i Šar Planina

Brukseigenskapane til hunden er svært allsidige. I dag blir det til og med trena opp hundar som kan oppdaga alvorlege sjukdommar, som kreft, på eit langt tidlegare stadium enn noko instrument kan gjera. Det finst også såkalla epilepsihundar; hundar som er trena til å varsla om eit kommande anfall, dempa fallet om pasienten fell, og til å henta hjelp om det er nødvendig.

Familiehundar

Ei stor mengd folk har hundar som primært er reine familiehundar, som ikkje har andre oppgåver enn å gleda og hygga. Studiar har vist at den terapeutiske påverknaden til hundar på menneske gjerne er meir positiv enn folk flest har vore klar over. Barn som veks opp med hund i huset lærer seg t.d. ofte tidlegare å ta omsyn. Nokre hundar har òg sekundæroppgåver som brukshundar, t.d. som jakthundar, trekkhundar eller kløvhundar.

Brukshundar

Ein brukshund er ein hund som per definisjon blir nytta til å løysa forskjellige oppgåver. Mange tenker på brukshundar som enten tenestehundar eller gjetarhunder, men den mest typiske brukshunden er ein vaktarhund. Dette er hundar som aktivt eller passivt passar på husdyr på beita eller vaktar over eigedelar. Det finst både sivile og offentlege tenestehundar. Ein offentleg tenestehund kan t.d. vera ein militær tenestehund eller ein politihund trena for ulike oppgåver, til dømes som patruljehund, narkotikahund eller bombehund. Ein sivil tenestehund kan vera ein servicehund med ulike oppgåver, til dømes som førarhund, hjelpehund eller terapihund.

Hundesport

 
Hundefrisbee

Hundesport er idrettsformer der hundar inngår som eit element. Hundveddeløp, lure coursing, hundekøyring, hundekløving, agility, flyball og hundefrisbee er alle døme på hundesport, sjølv om ikkje alle er konkurranseidrettar.

Utstilling

Hundutstillingar er populære arenaer for folk som liker å konkurrera om kven som har dei mest rasetypiske hundane. Ein kvalifisert dommar bedømmer kvar enkelt hund etter ein førehandsdefinert og godkjend rasestandard for rasen, og deretter blir hundane bedømde individuelt mot kvarandre kjønnsvis, aldersvis, rasevis, gruppevis og til slutt om kva for hund som er den beste utstillingshunden på den aktuelle utstillinga.

Anatomi

 
Hundeskjelett sett frå sida

Anatomien til hunden varierer i stor grad frå hunderase til hunderase, kanskje meir enn hjå nokon annan dyreart, vill eller domestisert. Likevel finst det grunnleggande fysiske likskapar som er identiske mellom alle hundar, frå den vesle chihuahuaen til den kjempestore irske ulvehunden.

Hundar veg normalt frå 0,5 til over 100 kg, avhengig av rase og kjønn. Tispene har normalt løpetid 1-2 gonger årleg, avhengig av rase. Fruktbarheita er på topp omkring 11.-13. dag i løpetida, og tispene går drektige i ca. 63 døgn før kvalpane blir fødde. I dei første 8 vekene etter fødselen lærer så tispa kvalpane alt dei treng for å klara seg resten av livet. Å ta kvalpane frå tispa før denne tida er over, kan derfor medføra ein viss risiko.

Tilvekst

Ulike rasar har store skilnader i tilvekstperioden. Små rasar blir fortare utvaksne enn store rasar. Ein liten hund, t.d. ein dvergpuddel, kan vera ferdig utvaksen allereie når han er 6-7 månader, medan store rasar, som irsk ulvehund, treng opp mot 36 månader før dei er utvaksne. Likevel blir dei store rasane tidlegare gamle enn dei små, som kan forventast å leva opp mot dobbelt så lenge som dei i nokre høve.

Sansar

Medan menneske har tre typar tappar i auget som oppfattar raudt, blått, grønt og gult lys, har hundane berre to typar tappar og kan derfor berre skilja mellom blått og gult, men ikkje mellom raudt og grønt. Dette er likt menneske med raud-grøn fargeblinde.[18]

Hundesjukdommar

Hundesjukdommar er eit fellesomgrep for ei rekkje plager som kan oppstå hj[ hundar. Per 2010 fanst det fleire enn 370 slike arvelege lidingar, med nye lidingar oppdaga kvart år.[19] Nedanfor er nokre av dei vanlegaste og mest alvorlege sjukdommane lista opp. Fleire av desse kan det vaksinerast mot, andre igjen kan vera arveleg belasta, smitteberande og/eller akutte. Ved hundesjukdommar bør ein søka hjelp hos veterinær.

Arvelege sjukdommar

Med arvelege sjukdommar meiner ein sjukdommar som er heilt eller delvis arveleg belasta.

  • Albuleddsartrose (AA) er arveleg disponert, men kan truleg utløysast eller bli forverra gjennom kosthaldet.
  • Atopisk allergi er ein arveleg disponert allergi som er kronisk/tilbakevendande og fører til kløe i huda.
  • Epilepsi kan vera ein arveleg disponert sjukdom og nokre rasar kan vera meir disponert enn andre. Lidinga er mellom anna vanleg hjå boxer, men han kan førekoma hjå dei fleste hundar uavhengig av rase, kjønn og alder. Lidinga finst hjå rundt 1 % av hundar, ifølgje ein studie gjort ved Noregs veterinærhøgskule.
  • Hofteleddsdysplasi (HD) er arveleg disponert, men kan truleg utløysast eller forverrast gjennom kosthaldet.
  • Kreft er den vanlegaste årsaka til at hundar døyr, og er ofte arveleg disponert.
  • Augelidingar hjå hund finst i ei rekkje variantar og kan i verste fall føra til både blinde og død dersom dei ikkje blir behandla i tide. Mange er arveleg belasta.

Overførbare sjukdommar

Med overførbare sjukdommar meiner ein sjukdommar som blir overførte via smitta i form av virus og/eller bakteriar.

  • Flåttborne sjukdommar (som borreliose, anaplasmose og skogflåttencefalitt) blir overførte via flåttbit.
  • Furunkulose eller byllesjuke er ein infeksjon i huda som kjem av stafylokokk-bakteriar.
  • Hundepest eller parvovirus smittar ved kontakt hundar imellom eller ved kontakt med avføring. Sjukdommen kjem av eit virus som angrip tarmslimhinna.
  • Kennelhoste eller parainfluensa er ein smittsam infeksjon i dei øvre luftvegane til hunden og kan skyldast både virus og bakteriar.
  • Leptospirose blir forårsaka av bakteriar kalla Leptospira.
  • Rabies eller hundegalskap kjem av eit virus som blir overført med spytt, t.d. via bitt.
  • Reveskabb smittar gjennom fysisk kontakt og forårsakar intens kløe, tap av pels og uttørring.
  • Smittsam leverbetennelse (HCC) eller virushepatitt (hepatit contagiosa canis) kjem av eit virus kalla adenovirus 1 og smittar gjennom dropar via munn/nase eller gjennom avføring og urin.
  • Valpesjuke eller distemper kjem av eit paramyxovirus som vanlegvis byrjer med å ramma luftvegane.

Forgiftingar og farleg føde

  • Druer og rosiner kan vera livsfarleg for hundar, sjølv om vi ser på dei som sunne for menneske.
  • Hoggormbitt kan vera farleg for små hundar og dersom hunden blir biten på ein stad som raskt transporterer gifta til hjartet.
  • Humle (Humulus lupulus) kan føra til akutt hypotermi hos hundar. Spesielt mynder ser ut til å vera overfølsame, men alle hundar bør haldast vekk frå denne planten.
  • Kalkunskinn kan forårsaka akutt betennelse i bukspyttkjertelen (akutt pancreatitt), noko som ofte medfører død hjå hundar.
  • Kepalauk (vanleg lauk), og til ei viss grad òg kvitlauk, kan vera livsfarleg sjølv i små mengder for hundar.
  • Rottegift er svært farleg. Gifta inneheld eit antikoagulantia som kan føra til innvendige blødningar og død.
  • Sjokolade og kakao kan vera direkte livstruande for hundar.
  • Glykol (kjøleveske/frostveske) er eit av dei farlegaste kjemikalia for hundar frå dagleglivet fordi hundar opplever det som søtt og velluktande.
  • CCA-impregnering (forbode i Noreg, men tidlegare utstrekt brukt til trykkimpregnering av treverk) inneheld tildels store mengder giftige tungmetall, som kopar (Cu), krom (Cr) og arsen (As), også kalla CCA. Hundar som tygg på treverk med slik impregnering er i risikogruppa.
  • Valnøtter (Juglans spp.) blir mistenkt å ha samanheng med blærestein hjå hundar.

Moderne hundeavl

 
Hundeutstilling frå byrjinga av 1900-talet

Moderne avl med hundar byrja i England på 1800-talet og var eit produkt av det overskotssamfunnet som då oppstod. Folk fekk meir fritid, og tid til anna enn å arbeida for føda. Det blei skapt ei rekke nye hunderasar på denne tida, og fenomenet spreidde seg raskt til andre land. Dei nye rasane som oppstod bar i stor grad preg av å vera avla for fritidssyslar og eige behag.

Før den tida var hundar stort sett å rekna som arbeidshundar. Nokre unntak var det nok, t.d. blant adel og rikfolk, som kunne ta seg råd til å halda hundar for nøye skuld og dessutan hadde nok fritid.

Kennelklubbar og rasestandardar

Eksplosjonen av nye hunderasar på 1800-talet førte til skipinga av ei rekke raseklubbar og nasjonale kennelkubbar mot slutten av hundreåret. Fyrst ute var ein i England, der The Kennel Club blei skipa i1873. Norsk Kennel Klub blei skipa i 1898 og er nasjonalt stambokregister for Noreg. Føremålet med raseklubbane og dei nasjonale kennelklubbane var å sikra rasestandardane som oppstod i kjølvatnet av dei mange nye hunderasane. Haldningsendringane som fann stad på 1800-talet fekk derfor stor tyding for ei rekke hundetypar.

Hundar i kulturen

Religion og folketru

 
Ein liggjande hund var ein egyptisk hieroglyf som mellom anna kunne stå for guden Anubis.

Hundar er blitt brukte som symbol på rettleiing, vern, truskap, årvakenehit og kjærleik.[20] I det gamle Mesopotamia, frå det gamle Babylonia til Det nybabylonske riket var hundar eit symbol for Ninisina, gudinna for lækjing og lækjekunst,[21] og tilbedarar vigde ofte små figurarar av sitjande hundar til henne.[21] I nyassyrisk og nyabylonsk tid nytta ein hundar som emblem på magisk varnn.[21] I Kina, Korea og Japan er hundar blitt rekna som vennlege vernarar.[22]

Hundar opptrer ofte som kjæledyr eller vakthundar i ulike mytologiar.[22] Hundar som vaktar inngangen til underverda er utbreidde i mange indoeuropeiske mytologia,[23][24] og kan stamma frå ein protoindoeuropisk religion.[23][24] I gresk mytologi er Kerberos ein hund med tre hovud og drakehale som vaktar porten til Hades.[22] Hundar er også knytte til den greske gudinna Hekate.[25] I walisisk mytologi er Cŵn Annwn vakt over Annwn.[22] I norrøn mytologi er Garm ein blodig hund med fire auge som vaktar Helheim.[22] I persisk mytologi vaktar to firaugde hundar Chinvatbrua.[22] I hindumytologi har dødsguden Jama to vakthundar med fire auge. Desse skal vakta inngangen til Naraka.[26] Ein svart hund er også rekna som vahana (ridedyret) til Bhairava, ein inkarnasjon av Sjiva.[27]

Innan kristendommen er hunden eit symbol på truskap.[22] Innan katolsk kristendom blir heilage Dominikus avbilda med ein hund, ettersom mor hans drømte at ein hund hoppa ut av magen hennar og ho blei svanger kort tid etter.[28] Namnet til Dominikanarordenen (kyrkjelatin Domini canis) tyder 'Herrens hund'.[28] I kristent folkeminne kan ein grim ta form som ein svart hund som vaktar kyrkjer og kyrkjegardar mot heilagbrøde.[29] I islam er synet på hundar blanda, med nokre skular som reknar dyra som ureine,[22] og andre hevdar at dette er ei før-islamsk syn som er blitt feilaktig tillagdprofeten.[30] Sunniskulane malaki og hanafi reknar det derfor som religiøst lovleg å ha hundar som kjæledyr.[31]

Ordsoge

Hund har fleire kallenamn som «kjøter» og «bikkje». Hohunden heiter «tispe», medan barnet heiter «kvalp».

Sjå og


Kjelder

  1. Frantz, Laurent A. F.; Bradley, Daniel G.; Larson, Greger; Orlando, Ludovic (2020). «Animal domestication in the era of ancient genomics». Nature Reviews Genetics 21 (#8): 449–460. PMID 32265525. doi:10.1038/s41576-020-0225-0. 
  2. Larson G, Bradley DG (2014). «How Much Is That in Dog Years? The Advent of Canine Population Genomics». PLOS Genetics 10 (#1): e1004093. PMC 3894154. PMID 24453989. doi:10.1371/journal.pgen.1004093. 
  3. Freedman, Adam H; Wayne, Robert K (2017). «Deciphering the Origin of Dogs: From Fossils to Genomes». Annual Review of Animal Biosciences 5: 281–307. PMID 27912242. doi:10.1146/annurev-animal-022114-110937. 
  4. Bridgett M. vonHoldt, John P. Pollinger, Dent A. Earl, et al. (2011). A genome-wide perspective on the evolutionary history of enigmatic wolf-like canids. Genome Res, May 12, 2011, 21: 1294-1305. Besøkt 2013-09-08
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 M. S. Crowther, M. Fillios, N. Colman & M. Letnic (2014). An updated description of the Australian dingo (Canis dingo Meyer, 1793). Journal of Zoology, July 2014. 293(3): 192–203 DOI: 10.1111/jzo.12134 ISSN 0952-8369
  6. Rutkowski, R., Krofel, M., Giannatos, G., Ćirović, D., Männil, P., Volokh, A.M., Lanszki, J., Heltai, M., Szabó, L., Banea, O., Yavruyan, E., Hayrapetyan, V., Kopaliani, N., Miliou, A., Tryfonopoulos, G.A., Lymberakis, P., Penezić, A., Pakeltytė, G., Suchecka, E. & Bogdanowicz, W. (2015). A European Concern? Genetic Structure and Expansion of Golden Jackals (Canis aureus) in Europe and the Caucasus. PLoS ONE, 10(11), e0141236. doi:10.1371/journal.pone.0141236
  7. Adam H. Freedman, Ilan Gronau, Rena M. Schweizer, Diego Ortega-Del Vecchyo m. fl. (2014-01-16). Genome Sequencing Highlights the Dynamic Early History of Dogs. PLoS Genetics. DOI: 10.1371/journal.pgen.1004016. Besøkt 2014-01-20
  8. Koler-Matznick, Janice (2002). The Origin of the Dog Revisited. Anthrozoös 15(2): 98 - 118.
  9. David Grimm (2021) Mysterious, extinct Japanese wolf may hold clues to origins of dogs. Science, 18 oct 2021. Besøkt 2021-10-19
  10. 10,0 10,1 10,2 Jun Gojobori, Nami Arakawa, Xiaokaiti Xiayire, Yuki Matsumoto, Shuichi Matsumura, Hitomi Hongo, Naotaka Ishiguro, Yohey Terai (2021) The Japanese wolf is most closely related to modern dogs and its ancestral genome has been widely inherited by dogs throughout East Eurasia. bioRxiv 2021.10.10.463851; doi: https://doi.org/10.1101/2021.10.10.463851
  11. 11,0 11,1 11,2 Jennifer Viegas. 2008. World's first dog lived 31,700 years ago, ate big. Science. NBCNews.com. Besøkt 2014-04-22
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 Skoglund, P., Ersmark, E., Palkopoulou, E. & Dalén, L. Ancient wolf genome reveals an early divergence of domestic dog ancestors and admixture into high-latitude breeds. Curr. Biol. 25, 1515–1519 (2015).
  13. 13,0 13,1 Botigué, L. R. et al. Ancient European dog genomes reveal continuity since the Early Neolithic. Nat. Commun. 8, 16082 doi: 10.1038/ncomms16082 (2017).
  14. http://www.historie-online.dk/special/perioder/erte.htm
  15. Mark Derr (2004) Collie or Pug? Study Finds the Genetic Code. The New York Times, 21. mai 2004. Besøkt 2017-08-05
  16. Parker, Heidi G.; Kim, Lisa V.; Sutter, Nathan B.; et al (2004): «Genetic Structure of the Purebred Domestic Dog» i: Science, 21. mai 2004. 304(5674):, 1160–1164. DOI: 10.1126/science.1097406
  17. Yves De Clercq (FCI) Current FCI Breeds Nomenclature: who, when, how? Fédération Cynologique Internationale. Besøkt 2017-08-05
  18. Dogs CAN see in colour: Scientists dispel the myth that canines can only see in black and white
  19. Patterson, D.F. (2000) Companion animal medicine in the age of medical genetics. Journal of Veterinary Internal Medicine 14, 1–9.
  20. «Animal Symbolism in Art and Culture». www.incredibleart.org. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Black, Jeremy; Green, Anthony (1992). Gods, Demons and Symbols of Ancient Mesopotamia: An Illustrated Dictionary. The British Museum Press. s. 70, 101. ISBN 978-0-7141-1705-8. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 22,5 22,6 22,7 Sherman, Josepha (2008). Storytelling: An Encyclopedia of Mythology and Folklore. Sharpe Reference. s. 118–121. ISBN 978-0-7656-8047-1. 
  23. 23,0 23,1 Mallory, James P.; Adams, Douglas Q. (2006). Oxford Introduction to Proto-Indo-European and the Proto-Indo-European World. Oxford, England: Oxford University Press. s. 439. 
  24. 24,0 24,1 West, Martin Litchfield (2007). Indo-European Poetry and Myth. Oxford: Oxford University Press. s. 392. ISBN 978-0-19-928075-9. 
  25. Oskar Seyffert (1901). A Dictionary of Classical Antiquities: Mythology, Religion, Literature and Art (6 utg.). Swan Sonnenschein and Co. s. 271. Henta 14. januar 2022. 
  26. «Indian Myth and Legend: Chapter III. Yama, the First Man, and King of the Dead». Sacred-texts.com. Henta 4. juli 2013. 
  27. «Dogs in Hinduism». Hindu Human Rights Worldwide. 23. august 2015. Arkivert frå originalen 2022-02-28. Henta 28. februar 2022. 
  28. 28,0 28,1 «"Hounds of the Lord": The Little-Known Meaning of the Dominican Dog». ChurchPOP. 7 August 2017. Henta 9 December 2017. 
  29. Dyer, Thomas Firminger Thiselton (1898). The Ghost World. Ward & Downey. s. 125–126. 
  30. Khaled Abou El Fadl (2004). «Dogs in the Islamic Tradition and Nature». Encyclopedia of Religion and Nature. New York: Scholar of the House. 
  31. Coren, Stanley (23 March 2010). «Dogs and Islam: The Devil and the Seeing-Eye Dog». Psychology Today. Psychology Today. Henta 26 May 2014. 

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Hund

This article uses material from the Wikipedia article Hund, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.