Melodi Grand Prix: årleg, norsk songtevling halden av NRK

Melodi Grand Prix er ei årleg, norsk musikktevling som blir arrangert av Norsk rikskringkasting.

I tevlinga deltar eit utval nye songar, og vinnaren får representere Noreg i Eurovision Song Contest. Melodi Grand Prix er eit av dei eldste tv-programma i Noreg, og den første utgåva blei halden i 1960. Sidan har tevlinga blitt arrangert kvart år, med tre unntak: I 1970, då NRK boikotta Eurovision Song Contest; i 1991, då NRK avlyste tevlinga; og i 2002, då Noreg ikkje var kvalifisert til Eurovision Song Contest. Melodi Grand Prix, forkorta MGP, er det offisielle namnet på den norske konkurransen, men på folkemunne nyttast «Melodi Grand Prix», eller berre «Grand Prix», ofte om Eurovision Song Contest også.

Melodi Grand Prix
Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag
AliasMGP
OpphavNorsk rikskringkasting, Norge
Aktiv1960
SjangerSlager, pop, rock

Starten

På 1950-talet var Europa framleis prega av etterdønningane etter andre verdskrigen. Etter forslag frå den sveitsiske fjernsynsmannen Marcel Bezençon, jobba derfor Den europeiske kringkastingsunionen for å skape eit samlande, felleseuropisk tv-program. Unionen vurderte fleire forslag og alternativ, men til slutt fall valet på ein internasjonal songkonkurranse, inspirert av den italienske San Remo-festivalen. Den første finalen blei halden i 1956 med sju deltakande land.

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
Nora Brockstedt blei den aller første vinnaren av Melodi Grand Prix.

I Noreg starta NRK med jamlege tv-prøvesendingar i 1958, og hausten etter gjekk startskotet for norsk Melodi Grand Prix-historie. I ei kortfatta utlysing i norske aviser hausten 1959 het det: «Hvem lager den beste norske slageren? NRK innbyr til konkurranse. Ledd i Eurovisjonens Melodi Grand Prix 1960.» 303 songar kom inn. Namnet «Melodi Grand Prix» var henta frå danskanes nasjonale konkurranse, som igjen var inspirert av den internasjonale finalen, då kalla Eurovision Grand Prix.

Noregs første Melodi Grand Prix-sending gjekk torsdag 4. februar 1960 i NRK Radio. Det var ein semifinale der ein timannsjury skulle vurdere elleve songar og plukke ut seks av dei til finalen. Artistane Jens Book-Jenssen og Inger Jacobsen delte på å syngje dei elleve semifinalistane, og dei seks beste songane avanserte til finalen i Store Studio i Oslo laurdag 20. februar 1960. Finalen blei send i både radio og fjernsyn, sjølv om det enno var eit halvt år att til den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg.

Vinnaren blei Georg Elgaaens «Voi Voi», framført av Nora Brockstedt. Dette ble såleis Noregs første bidrag til Eurovision Song Contest. Der enda Brockstedt på ein fjerdeplass, som framleis er eit av Noregs beste resultat i tevlinga.

Format

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
I 1986 gjekk den første finalen utanfor Oslo. Staden var Stavanger Forum, som òg husa finalen i 1989. Dette er dei einaste to åra finalen ikkje har funne stad i Oslo.

Melodi Grand Prix har vanlegvis blitt arrangert som ei enkelt finalesending i Oslo ein laurdag kveld i februar eller mars. Men det har vore fleire unntak. Nokre år har NRK arrangert semifinalar føre finalen: 1960, 1977, 1982, 1988, 1995 og 2014. I åra 2006–2013 gjorde også NRK om tevlinga til ein turné med delfinalar på ulike stader i landet, etter modell frå svenske Melodifestivalen. Finalen har funne stad i Oslo kvart år, med to unntak: 1986 og 1989, då Stavanger Forum husa sendinga. Sidan 2001 har finalen blitt send direkte frå Oslo Spektrum kvart år.

Opp gjennom åra har NRK prøvd seg på ei rekkje ulike tevlingskonsept. I 1979 fjerna NRK publikum, glitter og dekor og let artistane i staden framføre bidraga iført kvardagsklede. Poenget var å rette merksemda mot melodien, ikkje «innpakkinga» – ein tankegang som var gjennomgåande på 1960- og 1970-talet. I åra 1992–1994 gjorde NRK konkurransen om til temafestar: sirkus, varieté og OL-fest. Dette hadde varierande suksess, og frå 1995 droppa NRK tema-konseptet.

Deltakartalet i konkurransen har svinga mellom 5 og 24 songar, og finalefeltet mellom 5 og 12 songar. I åra 1961–1968 og 1972–1976 blei også finalebidraga framførte i to versjonar: først ein gong med eit lite orkester eller band, så i ein ny versjon med stort orkester, vanlegvis Kringkastingsorkestret. Det var i tillegg ulike artistar som framførte dei ulike versjonane. Også her var inspirasjonen henta frå Sverige, og meininga var å gi jurymedlemmane eit breiare grunnlag for å vurdere låtane. Dei første åra var det NRK sjølv som valde ut artistane som skulle framføre songane.

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
Anne-Karine Strøm har vunne tre norske finalar. Her i 1974 då ho vann med «Hvor er du».

På 1960- og 1970-talet varte sendingane vanlegvis ein knapp time, mot nærmare 2,5 timar i 2017. Den kortaste finalen var i 1965, berre 34 minutt lang. Finalane blei ofte også spelte inn om ettermiddagen og sende i opptak på fjernsyn same kveld, for å kunne redigere bort tekniske feil og eventuelle andre problem. Den første finalen blei send i fargar i 1975, og to år etter blei den første finalen send i stereolyd på radio.

Sidan 1960 har det vore tre år utan ein norsk Melodi Grand Prix-finale. I 1970 trekte NRK seg frå Eurovision Song Contest for eitt år. Bakgrunnen var ei aukande misnøye og kritikk mot tevlinga i Noreg, og som ein protest mot at fire land måtte dele sigeren i Eurovision Song Contest 1969. I 1991 avlyste NRK den norske finalen og grunngav det med «låg kvalitet og manglande originalitet» blant dei innsende bidraga. I staden fekk NRK spesialskrive songen «Mrs. Thompson», som blei Noregs bidrag til Eurovision Song Contest 1991. I 2002 var det heller ingen norsk finale, sidan Noreg måtte stå over den internasjonale finalen etter å kome sist året før.

Per 2017 har det derfor vore 55 utgåver av Melodi Grand Prix, mens Noreg har deltatt 56 gongar i Eurovision Song Contest.

Val av bidrag

Dei fleste åra har NRK invitert både profesjonelle komponistar og amatørar til å sende inn bidrag til ein open konkurranse. I tillegg pleier NRK å spesialinvitere utvalde komponistar og musikarar til å bidra. Opphavleg var tevlinga berre open for norske låtskrivarar, mens artistane kunne vere utlendingar. I 2003 opna NRK konkurransen for alle, og allereie året etter kom den første vinnarlåten som ikkje var skriven av nordmenn.

Dei andre reglane for Melodi Grand Prix har stort sett vore dei same som for Eurovision Song Contest. Det inneber mellom anna at songen ikkje må ha vore gitt ut tidlegare og vere toppen tre minutt. Fram til 1972 fekk heller ikkje grupper delta. Sidan har fleire reglar komne til, blant anna at artisten må ha fylt 16 år.

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
Grupper blei tillatne i Melodi Grand Prix på 1970-talet. Her er Dizzie Tunes og Grethe Kausland i finalen i 1974.

Inntil 1998 måtte dessutan bidraga syngjast på norsk eller eit samisk språk. Men NRK opna for at nokre strofer og ord kunne vere på framande språk, noko som forklarar titlar som «Inkululeko» og «Je ne sais pas» frå 1986 og 1988.

Språkregelen blei oppheva i 1998, og allereie året etter hadde alle finalelåtane engelsk tekst. Sidan 1998 har det berre vore ein vinnar med norsk tekst i Melodi Grand Prix: «Alvedansen» frå 2006.

Talet på innsende bidrag til den opne tevlinga har variert kraftig – frå 120 songar i 1975 til over tusen i 2017. Spesialjuryar har lytta gjennom bidraga og plukka ut ein handfull av dei til finalen. Dei første åra var juryen som regel folk internt i NRK, men i seinare tid har NRK henta inn ekspertise utanfrå for å hjelpe til med å velje ut låtane.

Ved fleire høve, som i 1976 og 1998–2001, har NRK droppa ein open konkurranse. I staden har kringkastaren retta seg direkte til profesjonelle og erfarne musikarar og bede dei levere bidrag til den norske finalen. Fram til 1971 var også alle komponistar og tekstforfattarar hemmelege til etter at resultatet var klart. Dette blei gjort for å unngå at jurymedlemmane skulle bli påverka av namna bak songane.

Røysting

Ei rekkje ulike metodar har vore brukte for å kåre vinnaren i Melodi Grand Prix. Dei første åra var det som regel ein mannsdominert timannsjury som gav frå 1 til 10 poeng til kvar song. Dei sat i eit nabostudio til Store Studio og gav røystene sine derfrå. I 1960 var timannsjuryen forsterka med to tilfeldig utvalde publikummarar i Store Studio. Alle domarane sat bak ein vegg og synte poenga sine gjennom eit hol i veggen, for ikkje å la seg påverke av kvarandre.

Frå 1962 til 1964 bestod juryane av fem Oslo-journalistar – med konene sine, for «gi sitt votum ut fra et mer ikke-faglig synspunkt», som Aftenposten kalla det.

Postkort og ekspertar

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
Bobbysocks gav Noreg sin første siger i Eurovision Song Contest i 1985. Her frå den internasjonale finalen.

I 1965 fekk publikum for første gong kåre vinnaren, då ved å sende inn postkort med nummeret på favorittmelodien sin. Året etter innførte NRK eit system med ti regionale juryar, eit system som blei brukt til 1969.

I åra 1971–1974 blei vinnaren kåra av 14 musikkinteresserte sjåarar frå ulike stader i landet. Halvparten av dei var under 25 år, og kvar medlem gav kvar song frå 1 til 5 poeng. Jurymedlemmane sat i eit nabostudio og synte poenga sine for open skjerm. I 1975 og 1978–1981 var folkedommarane bytta ut med profesjonelle musikarar.

Dei regionale jurygruppene kom attende i 1976 og 1977, og for fullt igjen frå 1982. I 1984 var det derimot ingen regionale juryar, men aldersdelte jurygrupper som sat i salen og røysta. Et liknande konsept blei brukt i 1989.

Lotto og telefon

Utover 1990-talet gjorde moderne teknologi det mogleg for tv-sjåarane å seie meininga si. I 1994 blei publikum invitert til å røyste, for første gong sidan postkort-røystinga i 1965. Det blei gjort ved å gå til næraste lottokommisjonær og røyste via Norsk Tippings datasystem i dagane før finalen. I 1995 kunne sjåarane for første gong røyste over telefon, men då berre i dagane før finalen.

I 1997 fekk sjåarane for første gong røyste under sjølve finalen. Interessa var så enorm at telefonnettet i ei rekkje norske byar blei kraftig overbelasta og ein telefonsentral i Oslo braut saman. Truleg prøvde rundt 400 000 å røyste, men berre 70 000 kom gjennom. Først i 1999 gjekk telefonrøystinga prikkfritt. Frå 1997 til 2001 blei vinnaren kåra av sjåarane sine røyster i kombinasjon med fagjuryar, men i 2003 blei fagjuryane fjerna, og sjåarane avgjorde heile resultatet aleine. Fagjuryane var attende i åra 2007–2013, men frå 2014 har resultatet igjen eine og aleine blitt avgjort av sjåarane.

Artistar og komponistar

Melodi Grand Prix har tradisjonelt hatt eit litt frynsete rykte i delar av norsk kulturliv, og enkelte artistar har mista speleoppdrag etter å ha deltatt i tevlinga. Likevel har Melodi Grand Prix vore med på å framme norske artistar og norsk musikk sidan starten i 1960, og tevlinga har skapt ei rekkje slagerar og hitar i Noreg. Konkurransen har òg vore med på å lansere nasjonale karrierar til artistar som Hanne Krogh, Jahn Teigen, Anita Skorgan, Karoline Krüger og Alexander Rybak.

På 1960- og 1970-talet valde NRK sjølv ein handfull kjende artistar til å framføre bidraga. Utover 1980-talet kom stadig fleire nye og ukjende artistar inn i tevlinga, og frå 1990-talet og utover har fleirtalet av artistane vore relativt ukjende for tv-sjåarane. Det har vore år med unntak, blant anna i 2010, då startfeltet bestod av mange kjende namn.

Kjende namn

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
Alf Prøysen er ein av dei mange låtskrivarane i Melodi Grand Prix.

Opp gjennom åra har mange folkekjære og populære artistar stått på Melodi Grand Prix-scena. Blant dei er namn som Nora Brockstedt, Per Asplin, Wenche Myhre, Lill-Babs, Inger Lise Rypdal, Hanne Krogh, Jahn Teigen, Dizzie Tunes, Øystein Sunde, Åge Aleksandersen, Finn Kavik, Tor Endresen og Elisabeth Andreassen. Men også artistar frå ei rekkje andre musikksjangrar har deltatt, mellom anna Karin Krog, Kari Bremnes, Marius Müller, Bjørn Eidsvåg, Sigvart Dagsland, Surferosa, Helene Bøksle og metallbandet Keep of Kalessin.

Blant låtskrivarane opp gjennom finst også kjende namn som Alf Prøysen, Terje Rypdal, Henning Sommerro, Jan Eggum, Halvdan Sivertsen, Tramteatret, Anne Grete Preus, Jonas Fjeld, Mira Craig og Samsaya.

Flest, eldst, yngst

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
Jahn Teigen har rekorden med flest deltakingar i Melodi Grand Prix.

Mange artistar har deltatt fleire gongar, men rekorden har Jahn Teigen med 14 norske finalar. Han deltok første gong i 1974 og til no siste gong i 2005. I tillegg har han medverka i enda fleire finalar, seinast som pauseunderhaldar i 2008 og 2016.

Tor Endresen har deltatt nest flest gongar med tolv deltakingar. Han var første gong med i 1987 og hittil siste gong i 2015. Kirsti Sparboe har deltatt i åtte finalar, første gong i 1965 og siste gong i 1977.

Sparboe er samstundes den artisten som har vunne flest finalar, med fire sigrar: 1965, 1967, 1968 og 1969. Rekorden deler ho med Jahn Teigen som vann i 1974, 1978, 1982 og 1983. Rett bak kjem Nora Brockstedt, Anne-Karine Strøm og Elisabeth Andreassen med tre sigrar kvar.

Den eldste artisten som nokon gong har deltatt i Melodi Grand Prix, er countryartisten Bobby Bare som var 76 år då han deltok i 2012. Den yngste artisten i Melodi Grand Prix var Anita Hegerland som berre var 9 år då ho deltok i 1971. Elleve dagar etter finalen fylte ho 10 år. I dag må artistane vere 16 år for å delta i Melodi Grand Prix, og Hegerland vil derfor bli den yngste artisten som nokon gong har deltatt. Den yngste vinnaren er Hanne Krogh, som var 15 år då ho vann i 1971.

Orkester

Fram til 2000 blei finalelåtane akkompagnerte av levande musikk. Dei første åra var det som regel Kringkastingsorkestret som spelte melodiane, men nokre år var Kringkastingsorkestret forsterka eller bytt ut med eit anna stororkester.

I 1976 og åra 1985 til 1999 deltok ikkje Kringkastingsorkestret i tevlinga. I staden var det spesielt samansette storband som akkompagnerte låtane. I 2000 forsvann orkesteret heilt, og artistane song beint med ferdiginnspela musikk, slik det også blir gjort i Eurovision Song Contest.

I 2015 gjeninnførte NRK orkesteret for eitt år, og Kringkastingsorkestret kom attende til tevlinga for første gong på 31 år. Seks av dei elleve finalelåtane brukte orkesteret.

Slagerar og hitar

Frå 1960 og til og med 2017 har 597 songar blitt framførte i semifinalar og finalar i Melodi Grand Prix. Dei fleste har raskt blitt gløymde, men nokre har blitt verande igjen i det nasjonale minnet: «Voi Voi», «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli», «Mil etter mil», «Sámiid ædnan», «Aldri i livet», «La det swinge» og «Fairytale» er nokre av vinnarane som har blitt store slagerar i Noreg.

Vinnarar på nummer 1

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
Alexander Rybaks «Fairytale» er den mest suksessrike Melodi Grand Prix-songen gjennom tidene.

Lista under baserer seg på VG-lista og inneheld berre vinnarar som nådde førsteplass. I 1995 blei VG-lista utvida frå topp 10 til topp 20, så derfor kan kolonnen «Veker» gi eit misvisande bilete av suksessen til kvar song.

Song Artist År Veker Veker på topp
«Fairytale» Alexander Rybak 2009 22 10
«Mil etter mil» Jahn Teigen 1978 19 5
«Haba Haba» Stella Mwangi 2011 13 4
«Sámiid ædnan» Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta 1980 13 4
«Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» Kirsti Sparboe 1969 11 4
«In My Dreams» Wig Wam 2005 19 3
«Hold On Be Strong» Maria Haukaas Storeng 2008 21 1
«La det swinge» Bobbysocks 1985 7 1

Ikkje-vinnande hitar

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
«Yes Man», framført av Bjørn Johan Muri, er ein av dei største hitane frå Melodi Grand Prix.

Fleire ikkje-vinnande bidrag har også blitt store hitar i Noreg, der Wenche Myhres «La meg være ung» frå 1964 og Bjørn Johan Muris «Yes Man» frå 2010 er dei mest suksessrike, sett frå VG-lista.

Song Artist I MGP År Veker Høgaste Veker på topp
«Yes Man» Bjørn Johan Muri 4. plass 2010 17 1 6
«La meg være ung» Wenche Myhre 3. plass 1964 15 1 5
«Bombo» Adelén 2. plass 2013 21 1 3
«Feel Da Rush» Freddy Kalas 2. plass 2016 21 2
«Butterflies» Tone Damli Aaberge 2. plass 2009 17 2
«Glasnost» Jahn Teigen 2. plass 1988 6 3
«Optimist» Jahn Teigen Uplassert 1989 5 4
«Lena» Odd Børre 2. plass 1969 8 7

I tillegg har fleire andre songar blitt kjende utan å dukke opp på VG-lista. To døme er Tor Endresens «Café le swing» og «Radio Luxembourg», som begge blei store radiohitar og som toppa Norsktoppen i høvesvis 7 og 15 veker.

Kritisert og elska

Utover 1960-talet voks det fram ein aukande kritikk mot tevlinga og kvaliteten på songane. Særleg var skepsisen stor i delar av pressa og den etablerte musikarstanden. Frå tid til annan diskuterte både pressa og NRK også om Noreg skulle trekkje seg frå Eurovision Song Contest, slik Danmark gjorde i åra 1967–1977. Programmet fekk raskt merkelappar som «årets mest utskjelte» og «programmet alle elskar å hate, men hatar å elske».

Etter finalen i 1964 var sinnet stort då storslageren «La meg være ung» berre blei nummer tre. «Man må undre seg over at en jury av journalister har så lite greie på hva som vil kunne hevde seg i finalen.» skreiv ein skuffa lesar i eit innlegg i Aftenposten. Rett etter finalen i 1966 sende NRK tv-programmet: Tema med variasjoner – De refusertes Melodi Grand Prix. Her blei ti melodiar som ikkje nådde finalen, presentert. Poenget var å vise kor «mye eiendommelig musikk juryen hadde å velge mellom, og imøtekomme den årlige kritikken om det virkelig var de beste melodiene som nådde finalen.»

Rabalderet i 1969

Melodi Grand Prix: Starten, Format, Val av bidrag 
Då Kirsti Sparboe vann med «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli», blei det rabalder.

I 1969 nådde kritikken sitt toppunkt, då Arne Bendiksens «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» vann den norske finalen. Rett etter sendinga var Bendiksen og artisten Kirsti Sparboe gjester i tv-programmet Her og nå!. Der blei dei møtt av den danske universitetslektoren Erling Nielsen som regelrett slakta songteksten. Dette førte igjen til klagestorm mot NRK og fleire nye debattprogram med høg temperatur. Komikarlegenda Rolv Wesenlund meinte debatten hadde utløyst «eit engasjement som overskrid ’Biafra-grensa’, som skulle vere det maksimale engasjement når det gjeld 'opprørtheit' i Noreg.» Rabalderet var truleg ei av årsakene til at NRK trekte seg frå Eurovision Song Contest året etter. Dette er første og einaste gong Noreg frivillig har stått utanfor tevlinga.

Utdjupande artikkel for dette emnet er Melodi Grand Prix 1969.

Utover 1970-talet heldt kritikken mot Melodi Grand Prix fram, og ingen av songane blei særlege suksessar. Først i 1977, då Anita Skorgan vann med «Casanova», snudde det. Låten blei ein salssuksess, låg 14 veker på VG-lista og bana veg for ein vidare karriere for Skorgan. Året etter fekk Jahn Teigen ein enorm suksess med «Mil etter mil», etter at han ikkje fekk eit einaste poeng i den internasjonale finalen. Både låten og det påfølgjande albumet This Year’s Loser er blant dei største salssuksessane i norsk Melodi Grand Prix-historie.

Sigrar

På 1980-talet fekk dei norske finalane og songane eit gradvis meir kommersielt preg, med lettare låtar, og meir fokus på kostyme og koreografi. I 1985 lukkast det endeleg Noreg å gå heilt til topps i Eurovision Song Contest, med Bobbysocks og «La det swinge».

Mot slutten av 1980-talet og på 1990-talet dalte interessa igjen, og etablerte artistar blei stadig sjeldnare å sjå på scena. Frå år 2000 har NRK gradvis modernisert tevlinga, blant anna ved å innføre delfinalar. Dette resulterte i fleire store salssuksessar og ikkje minst Alexander Rybaks Eurovision-siger i 2009.

Sjåartal

Trass kritikken og svingande mediainteresse har Melodi Grand Prix alltid vore blant dei mest sette programma på norsk fjernsyn. Under ein tv-debatt i 1969 sa den danske professoren Erling Nielsen at Melodi Grand Prix-kvelden «er den einaste aftanen ein kan køyre drosje i Oslo alt det ein vil, heile aftanen.»

Telefonundersøkingar på 1980-talet tydar på at dei norske finalane samla opptil 2,5 millionar sjåarar. I 1992 kom moderne målingar med eit meir nøyaktig bilete av nordmenn sine tv-vanar. Sidan då har sjåartala for finalen stort sett lege godt over millionen. Rekorden blei sett i 2009 med dryge 1,5 millionar sjåarar.

Vinnarar

År Vinnartittel Artist Tekstforfattar Komponist Programleiar Stad Innkomne bidrag
1960 «Voi Voi» Nora Brockstedt Georg Elgaaen Erik Diesen og Odd Grythe Store Studio, Oslo 303
1961 «Sommer i Palma» Egil Hagen Jan Wølner 349
1962 «Kom sol, kom regn» Inger Jacobsen Ivar Andersen Kjell Karlsen Odd Grythe 121
1963 «Solhverv» Anita Thallaug Dag Kristoffersen 221
1964 «Spiral» Arne Bendiksen Egil Hagen Sigurd Jansen 271
1965 «Karusell» Kirsti Sparboe Jolly Kramer-Johansen 338
1966 «Intet er nytt under solen» Åse Kleveland Arne Bendiksen Øivind Bergh Centralteatret, Oslo 325
1967 «Dukkemann» Kirsti Sparboe Ola B. Johannessen Tor Hultin Jan Voigt 305
1968 «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» (trekt) Odd Børre Kari Neegaard 228
1969 «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» Kirsti Sparboe Arne Bendiksen Janka Polanyi Store Studio, Oslo 418
1970 Ingen Melodi Grand Prix
1971 «Lykken er» Hanne Krogh Arne Bendiksen Jan Voigt NRK Studio 1, Oslo 196
1972 «Småting» Grethe Kausland og Benny Borg Kåre Grøttum og Ivar Børsum Vidar Lønn-Arnesen 175
1973 «Å, for et spill» Bendik Singers Arne Bendiksen Chateau Neuf, Oslo 191
1974 «Hvor er du» Anne-Karine Strøm og Bendik Singers Philip Kruse Frode Thingnæs NRK Studio 1, Oslo 272
1975 «Det skulle ha vært sommer nå» Ellen Nikolaysen Svein Hundsnes Bergljot Engeset 120
1976 «Mata Hari» Anne-Karine Strøm Philip Kruse Frode Thingnæs Jan Voigt lukka tevling
1977 «Casanova» Anita Skorgan Dag Nordtømme Svein Strugstad Vidar Lønn-Arnesen NRK Studio 2, Oslo 348
1978 «Mil etter mil» Jahn Teigen Kai Eide Egil Teige 650
1979 «Oliver» Anita Skorgan Philip Kruse Anita Skorgan 312
1980 «Sámiid ædnan» Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta Ragnar Olsen Sverre Kjelsberg Åse Kleveland lukka tevling
1981 «Aldri i livet» Finn Kalvik Sverre Kjelsberg lukka tevling
1982 «Adieu» Jahn Teigen og Anita Skorgan Herodes Falsk Jahn Teigen Ivar Dyrhaug 480
1983 «Do re mi» Jahn Teigen Herodes Falsk og Jahn Teigen Anita Skorgan og Jahn Teigen NRK Studio 1, Oslo 480
1984 «Lenge leve livet» Dollie De Luxe Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov Sissel Keyn Lodding Chateau Neuf, Oslo 950
1985 «La det swinge» Bobbysocks Rolf Løvland Rita Westvik lukka tevling
1986 «Romeo» Ketil Stokkan Jarl Goli Stavanger Forum 750
1987 «Mitt liv» Kate Gulbrandsen Rolf Løvland og Hanne Krogh Rolf Løvland Eldbjørg Vaage Chateau Neuf, Oslo 305
1988 «For vår jord» Karoline Krüger Erik Hillestad Anita Skorgan Dan Børge Akerø 400
1989 «Venners nærhet» Britt Synnøve Johansen Leiv Grøtte Inge Enoksen Øystein Bache Stavanger Forum lukka tevling
1990 «Brandenburger Tor» Ketil Stokkan Leif Erik Forberg Hotel Royal Christiania, Oslo lukka tevling
1991 «Mrs. Thompson» Just 4 Fun P.G. Roness og Kaare Skevik Jr Dag Kolsrud Ingen Melodi Grand Prix 140
1992 «Visjoner» Merethe Trøan Eva Jansen Robert Morley Jahn Teigen og Elisabeth Andreasson Oslo Spektrum 400
1993 «Alle mine tankar» Silje Vige Bjørn Erik Vige Ingunn Kyrkjebø Chateau Neuf, Oslo 400
1994 «Duett» Elisabeth Andreasson og Jan Werner Danielsen Hans Olav Mørk Rolf Løvland Tande-P. Oslo Spektrum 300
1995 «Nocturne» Secret Garden Petter Skavlan Rolf Løvland Petter Nome NRK Studio 2, Oslo 300
1996 «I evighet» Elisabeth Andreassen Torhild Nigar Tande-P. 365
1997 «San Francisco» Tor Endresen Tor Endresen og Arne Myksvol 350
1998 «All I Ever Wanted Was You» Lars Fredriksen Per Kristian Ottestad David Eriksen Rune Gokstad og Øystein Bache lukka tevling
1999 «Living My Life Without You» Van Eijk lukka tevling
2000 «My Heart Goes Boom» Charmed Tore Madsen Morten Henriksen Stine Buer og Hans Christian Andersen NRK Studio 1, Oslo lukka tevling
2001 «On My Own» Haldor Lægreid Ole Henrik Antonsen, Tom-Steinar Hanssen og Ole Jørgen Olsen Antonsen og Hanssen Hans Christian Andersen Oslo Spektrum lukka tevling
2002 Ingen Melodi Grand Prix
2003 «I'm Not Afraid to Move On» Jostein Hasselgård Arve Furset Øystein Bache Oslo Spektrum 450
2004 «High» Knut Anders Sørum Dan Attlerud Thomas Thörnholm, Lars Andersson Ivar Dyrhaug 530
2005 «In My Dreams» Wig Wam Teeny lukka tevling
2006 «Alvedansen» Christine Guldbrandsen Kjetil Fluge, Atle Halstensen og Christine Guldbrandsen Stian Barsnes-Simonsen og Synnøve Svabø 586
2007 «Ven a bailar conmigo» Guri Schanke Thomas G:son 464
2008 «Hold On Be Strong» Maria Haukaas Storeng Mira Craig Per Sundnes 600
2009 «Fairytale» Alexander Rybak Per Sundnes og Maria Haukaas Storeng 350
2010 «My Heart Is Yours» Didrik Solli-Tangen Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe Per Sundnes og Marte Stokstad 1000
2011 «Haba Haba» Stella Mwangi Beyond51 og Big City Anne Rimmen og Per Sundnes 700
2012 «Stay» Tooji Tooji, Peter Boström og Figge Boström Marte Stokstad og Per Sundnes 800
2013 «I Feed You My Love» Margaret Berger Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson Jenny Skavlan og Erik Solbakken 600
2014 «Silent Storm» Carl Espen Josefin Winther 600
2015 «A Monster Like Me» Kjetil Mørland og Debrah Scarlett Kjetil Mørland Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh 800
2016 «Icebreaker» Agnete Johnsen Agnete Johnsen, Gabriel Alarnes og Ian Curnow 1000
2017 «Grab the Moment» JOWST Joakim With Steen Jonas McDonnell Line Elvsåshagen og Kåre Magnus Bergh 1035
2018 «That’s How You Write a Song» Alexander Rybak Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh 1200
2019 «Spirit in the Sky» KEiiNO Tom Hugo, Fred Buljo, Alexandra Rotan, Henrik Tala, Alex Olsson og Rüdiger Schramm Heidi Ruud Ellingsen og Kåre Magnus Bergh 1000
2020 «Attention» Ulrikke Brandstorp Ulrikke Brandstorp, Christian Ingebrigtsen og Kjetil Mørland Kåre Magnus Bergh, Ingrid Gjessing Linhave og Ronny Brede Aase Trondheim Spektrum 800
2021 «Fallen Angel» TIX Andreas Haukeland Andreas Haukeland, Emelie Hollow og Mathias Haukeland Kåre Magnus Bergh, Ingrid Gjessing Linhave/Silje Nordnes1 og Ronny Brede Aase H3 Arena 1200
2022 «Give That Wolf a Banana» Subwoolfer «Keith», «Jim» og «DJ Astronaut» Kåre Magnus Bergh, Annika Momrak og Mikkel Niva 1200
2023 «Queen of Kings» Alessandra Mele Henning Olerud, Stanley Ferdinandez, Alessandra Mele og Linda Dale Arianrhod «Arian» Engebø og Stian «Staysman» Thorbjørnsen Trondheim Spektrum
2024 «Ulveham» Gåte Sveinung Sundli og Ronny Janssen Fredrik Solvang og Marion Ravn


1 På grunn av ryggproblem steppa Silje Nordnes inn som vikar for Linhave dei tre siste sendingane.

Sjå òg

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Melodi Grand Prix StartenMelodi Grand Prix FormatMelodi Grand Prix Val av bidragMelodi Grand Prix RøystingMelodi Grand Prix Artistar og komponistarMelodi Grand Prix OrkesterMelodi Grand Prix Slagerar og hitarMelodi Grand Prix Kritisert og elskaMelodi Grand Prix VinnararMelodi Grand Prix Sjå ògMelodi Grand Prix FotnotarMelodi Grand Prix BakgrunnsstoffMelodi Grand PrixEurovision Song ContestMelodi Grand Prix 1960Melodi Grand Prix 1970Melodi Grand Prix 1991Melodi Grand Prix 2002NRK

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FuerteventuraNoregReligiøse nasjonalsymbolIvan KramskojMikal KirkholtTilsynelatande storleiksklasseDen gregorianske kalenderenArian EngebøRusslandDen gamle verdaISSNÐAnette HoffHerbert HooverCelsiusStand by MeKjerringa med stavenStord kommuneEdderkoppdyrStilarkSpekkhoggarTrond Fausa AurvågFreaks of Nature av KansasAleksandr RagulinBritisk pundTeenage Mutant Ninja TurtlesGeologiLitle LangøyaVaremerkeRichie FaulknerNato-alfabetetStore norske leksikonSåmaskinArabiskNord-AmerikaEinatLiverpool FCFredrik SolvangByar i HellasKopparBiologisk familieTalordHundRagnhild BrochmannDeltaLeksikonAskOslo kommuneSaltMaren LundbySunndalsøraKvikksølvHarriet BackerSennesvikNoreg under sommar-OL 2008MenneskeMediaWikiFranz LisztVM i alpine greiner 2019UrfolkProduksjonJerry ReedVegard UlvangTromsø kommunePeriferieininga IoánninaMount EverestCamilla CollettKlima27-årsklubbenTorgeir Knag FylkesnesNyttårIrakDisney Channel Skandinavia1900-taletKurdararAndreas WidhölzlBrigit🡆 More