Sjakk
Sjakk er eit brettspel for to spelarar, og er eitt av dei mest utbreidde spela i verda.
Sjakk er eit brettspel for to spelarar, og er eitt av dei mest utbreidde spela i verda. Det vert spela med 32 brikker på eit kvadratisk brett med 64 ruter. Målet med spelet er å setja kongen til motspelaren i ein slik situasjon at han ikkje kan reddast. Dette blir kalla sjakk matt. Viss ingen av spelarane klarer det, vert spelet remis, eller uavgjort.
Spelet er svært innvikla og er blitt kalla både ein kunst og ein vitskap. Dei mange trekka og moglege utviklingane i spelet er så mange at ikkje ein gong dei beste spelarane kan sjå for seg alle utfalla. Talet på moglege spel er større enn talet på atom i universet.[treng kjelde]
Historie og utvikling

Sjakkspelet kjem opphavleg frå India, der det blei kalla tsjatoranga på sanskrit. Namnet kan omsetjast som «fire hærar», og fire spelarar kjempa om å vinna. Spelet spreidde seg etterkvart til Persia, der det fekk det vestlege namnet sitt frå sjah, som tyder konge.[treng kjelde] Sjakk skal ha blitt spela for å læra unge adelsmenn krigsstrategi.
Det finst ulike spel i verda som minner om sjakk, der dei mest utbreidde er xiangqi i Kina, shogi i Japan og janggi i Korea. I nyare tid har ein òg prøvd å utvikla spelet i andre retningar, mellom anna ved å endra på brettet, legga til nye brikker, endra flyttereglane deira og så bortetter. Døme på dette er rundsjakk og Fischersjakk.
Speltype
Sjakk er ein «mental kampsport» der spelarane nyttar strategiske og taktiske element som spelereglane gjev rom for, og krev derfor bruk av abstrakt deduksjon. Det høyrer til klassa av spel utan tilfeldigheiter og med fullstendig informasjon. Det betyr at i kvar stilling har anten ein av spelarane ein strategi som sikrar vinst, eller så er det mogleg for begge spelarane å tvinge fram remis.
Speling
Utstyr
For å kunne spela sjakk treng ein eit sjakkbrett som har 64 ruter med to fargar fordelt på annakvar rute, og 16 brikker for kvar av spelarane, av seks forskjellige slag: ein konge, ei dronning, to tårn, to løparar, to springarar og åtte bønder. Brikkene har òg to fargar, ut frå kva spelar dei høyrer til. Som regel er både brettet og brikkene haldne i svart og kvitt, men det er òg mogleg å bruka andre fargar, særleg på brikkene. Dei lysaste brikkene blir då rekna som kvite.
Måtar og stader
Sjakk kan spelast privat som ein hobby, og som konkurranseidrett i sjakklubbar, i nasjonale og internasjonale sjakkturneringar og i meisterskap som noregsmeisterskapen i sjakk og verdsmeisterskapen i sjakk. Det kan òg spelast på avstand og over tid, til dømes som fjernsjakk gjennom brev eller e-post eller på verdsveven. Det er òg utvikla mange sjakkprogram der ein kan spela sjakk mot ein datamaskin.
Vanlegvis speler berre to motstandarar mot kvarandre, men ein flink spelar kan spela simultansjakk der han møter fleire motstandarar, med kvart sitt sjakkspel, samtidig.
Sjakk kan også spelast som blindsjakk, der spelarane spelar utan å sjå brett og brikker.
Gang i spelet
Brikkene blir stilt opp i eit fastsett mønster på kvar side av brettet. Kvar type brikke flyttar på sin måte. Ein av spelarane har kvite brikker, og den andre har svarte. Spelaren med kvite brikker byrjar, og deretter flyttar spelarane annankvar gong, til spelet er over.
Eit parti kan slutte på forskjellige vis:
- Sjakk matt, det vil seie at ein spelar ikkje kan hindre at kongen vert teken i det neste trekket. Han tapar då partiet.
- Ein spelar gir opp. Dette skjer vanlegvis ved å seie at ein gir opp, eller også at ein rekkjer fram handa.
- Remis (uavgjort).
Partiet vert remis på følgjande måtar:
- Ingen av spelarane har nok brikker igjen til å setje den andre sjakk matt.
- Den same stillinga førekjem for tredje gong med den same spelaren i trekket.
- Begge spelarane har gjort femti trekk utan at ei brikke har vorte slått eller en bonde har vorte flytta.
- Patt, som betyr at spelaren som er i trekket ikkje har noko lovleg trekk, men ikkje står i sjakk.
- Spelarane vert samde om remis, for eksempel fordi dette er eit resultat begge er nøgde med, eller dei kjem fram til at ingen av dei kan vinne partiet.
Om ein spelar med tid, og brukar sjakklokke, kan partiet òg ende ved at tida til ein av spelarane går ut, slik at han tapar partiet.
Sjakkspelarar
Gjennom tidene har nokre menneske peika seg ut som framifrå sjakkspelarar. I dag er det den som vinn verdsmeisterskapen i sjakk som blir sett på som den beste sjakkspelaren. Før meisterskapen blei innført, fanst det personar som uoffisielt blei rekna som meistrar, slik som Philidor, Howard Staunton, Adolf Anderssen og Paul Morphy. Nokre kjende verdsmeistrar er Bobby Fischer, Anatolij Karpov, Garri Kasparov og Viswanathan Anand. Frå 22. november 2013 er Magnus Carlsen regjerande verdsmeister.
Svært sterke sjakkspelarar kan oppnå tittelen sjakkstormeister. Noreg har no 10 sjakkstormeistrar.[treng kjelde]
Tradisjonelt har sjakk vore ein mannsdominert idrett, men kvinner deltek no på turneringar, både for begge kjønn og berre for kvinner. Det har aldri vore ein kvinneleg verdsmeister i sjakk, men det er først i nyare tid at kvinnelege spelarar har teke til å gjera seg gjeldande.Judit Polgar frå Ungarn har fleire gonger vore rangert blant dei 10 beste spelarane i verda. Ho deltok som den første kvinnelege spelaren i VM-finala i sjakk, i VM-turneringa i San Luis i Argentina i 2005.
Sjakk i kulturen
Spelet har inspirert og vore skildra i eit utal kunstverk, som musikalen Chess, laga av Tim Rice og ABBA, og balletten Checkmate, komponert av Arthur Bliss.
Bakgrunnsstoff
- Verdsjakkforbundet FIDE sine offisielle spelereglar for sjakk på engelsk
- Norges Sjakkforbund sin offisielle norske versjon av FIDE sine spelereglar for sjakk Arkivert 2008-10-17 ved Wayback Machine.
- Chessgames.com er ei sjakkside med dei fleste sjakkpartia til dei beste spelarane i verda
- Heimeside for Norges Sjakkforbund og Ungdommens sjakkforbund
- Heimeside for Verdssjakkforbundet FIDE
- Heimeside for Bergens sjakklubb - best på sjakknyhende i Noreg
Kjelder
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sjakk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
In other languages:
- Afrikaans: Skaak - Wiki Afrikaans
- Sveitsertysk: Schach - Wiki Alemannisch
- Amharisk: ሰንጠረዥ - Wiki አማርኛ
- Aragonsk: Escaques - Wiki Aragonés
- Gammalengelsk: Blēobord - Wiki Ænglisc
- Arabisk: شطرنج - Wiki العربية
- Arameisk: ܛܠܦܣܢܐ - Wiki ܐܪܡܝܐ
- Marokkansk-arabisk: شطرنج - Wiki الدارجة
- Egyptisk arabisk: شطرنج - Wiki مصرى
- Assamesisk: দবা খেল - Wiki অসমীয়া
- Asturisk: Axedrez - Wiki Asturianu
- Kotava: Guya - Wiki Kotava
- Avadhi: चेस - Wiki अवधी
- Aserbajdsjansk: Şahmat - Wiki Azərbaycanca
- Søraserbajdsjansk: شطرنج - Wiki تۆرکجه
- Basjkirsk: Шахмат - Wiki башҡортса
- Bairisk: Schach - Wiki Boarisch
- Samogitisk: Šakmatā - Wiki žemaitėška
- Kviterussisk: Шахматы - Wiki беларуская
- Belarusisk (klassisk ortografi): Шахматы - Wiki беларуская (тарашкевіца)
- Bulgarsk: Шахмат - Wiki български
- Bihari: शतरंज - Wiki भोजपुरी
- Banjar: Catur - Wiki Banjar
- Bengali: দাবা - Wiki বাংলা
- Tibetansk: རྒྱལ་སྤྱིའི་མིག་མངས། - Wiki བོད་ཡིག
- Bretonsk: Echedoù - Wiki Brezhoneg
- Bosnisk: Šah - Wiki Bosanski
- Burjatisk: Шатар - Wiki буряад
- Katalansk: Escacs - Wiki Català
- Mindong: Guók-cié chiông-gì - Wiki 閩東語 / Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄
- Tsjetsjensk: Шахматаш - Wiki нохчийн
- Sorani: شەتڕەنج - Wiki کوردی
- Tsjekkisk: Šachy - Wiki čeština
- Kyrkjeslavisk: Тавлїѥ · игрь - Wiki словѣньскъ / ⰔⰎⰑⰂⰡⰐⰠⰔⰍⰟ
- Tsjuvansk: Шахмат - Wiki чӑвашла
- Walisisk: Gwyddbwyll - Wiki Cymraeg
- Dansk: Skak - Wiki Dansk
- Tysk: Schach - Wiki Deutsch
- Dimli: Setrenc - Wiki Zazaki
- Lågsorbisk: Šach - Wiki Dolnoserbski
- Divehi: ރާޒުވާ - Wiki ދިވެހިބަސް
- Gresk: Σκάκι - Wiki Ελληνικά
- Emiliano-romagnolo: Scac - Wiki Emiliàn e rumagnòl
- Engelsk: Chess - Wiki English
- Esperanto: Ŝako - Wiki Esperanto
- Spansk: Ajedrez - Wiki Español
- Estisk: Male - Wiki Eesti
- Baskisk: Xake - Wiki Euskara
- Persisk: شطرنج - Wiki فارسی
- Finsk: Shakki - Wiki Suomi
- Sørestisk: Malõ - Wiki Võro
- Fijiansk: Jesi - Wiki Na Vosa Vakaviti
- Færøysk: Talv - Wiki Føroyskt
- Fransk: Échecs - Wiki Français
- Nordfrisisk: Schach - Wiki Nordfriisk
- Vestfrisisk: Skaken - Wiki Frysk
- Irsk: Ficheall - Wiki Gaeilge
- Gan: 國際象棋 - Wiki 贛語
- Franskguyansk kreol: Zéchèk - Wiki Kriyòl gwiyannen
- Skotsk-gælisk: Tàileasg - Wiki Gàidhlig
- Galisisk: Xadrez - Wiki Galego
- Guarani: Irundykejojaty - Wiki Avañe'ẽ
- Gujarati: ચેસ - Wiki ગુજરાતી
- Hausa: Dara (Chess) - Wiki Hausa
- Hakka: Sî-yòng-khî - Wiki 客家語/Hak-kâ-ngî
- Hebraisk: שחמט - Wiki עברית
- Hindi: शतरंज - Wiki हिन्दी
- Fijiansk hindi: Satranj - Wiki Fiji Hindi
- Kroatisk: Šah - Wiki Hrvatski
- Høgsorbisk: Šach - Wiki Hornjoserbsce
- Haitisk: Echèk (jwèt) - Wiki Kreyòl ayisyen
- Ungarsk: Sakk - Wiki Magyar
- Armensk: Շախմատ - Wiki հայերեն
- Interlingua: Chacos - Wiki Interlingua
- Indonesisk: Catur - Wiki Bahasa Indonesia
- Interlingue: Chac - Wiki Interlingue
- Iloko: Ahedres - Wiki Ilokano
- Ido: Shakoludo - Wiki Ido
- Islandsk: Skák - Wiki íslenska
- Italiensk: Scacchi - Wiki Italiano
- Japansk: チェス - Wiki 日本語
- Jamaicansk kreolengelsk: Ches - Wiki Patois
- Lojban: caxmati - Wiki La .lojban.
- Javanesisk: Sekak - Wiki Jawa
- Georgisk: ჭადრაკი - Wiki ქართული
- Kabylsk: Ṭṭrenǧ - Wiki Taqbaylit
- Kasakhisk: Шахмат - Wiki қазақша
- Kannada: ಚದುರಂಗ (ಆಟ) - Wiki ಕನ್ನಡ
- Koreansk: 체스 - Wiki 한국어
- Kurdisk: Sedrenc - Wiki Kurdî
- Kornisk: Goedhboell - Wiki Kernowek
- Kirgisisk: Шахмат - Wiki кыргызча
- Latin: Scacci - Wiki Latina
- Luxemburgsk: Schach - Wiki Lëtzebuergesch
- Lezghian: Шахматар - Wiki лезги
- Lingua franca nova: Xace - Wiki Lingua Franca Nova
- Limburgisk: Sjaaksjpèl - Wiki Limburgs
- Ladinsk: Scioh - Wiki Ladin
- Lombardisk: Scach - Wiki Lombard
- Litauisk: Šachmatai - Wiki Lietuvių
- Latvisk: Šahs - Wiki Latviešu
- Maithili: शतरञ्ज - Wiki मैथिली
- Madagassisk: Eseky - Wiki Malagasy
- Minangkabau: Catur - Wiki Minangkabau
- Makedonsk: Шах - Wiki македонски
- Malayalam: ചെസ്സ് - Wiki മലയാളം
- Mongolsk: Шатар - Wiki монгол
- Marathi: बुद्धिबळ - Wiki मराठी
- Malayisk: Catur - Wiki Bahasa Melayu
- Maltesisk: Ċess - Wiki Malti
- Mirandesisk: Xadreç - Wiki Mirandés
- Burmesisk: စစ်တုရင်ကစားခြင်း - Wiki မြန်မာဘာသာ
- Nahuatl: Cuappatōlli - Wiki Nāhuatl
- Napolitansk: Scacche - Wiki Napulitano
- Lågtysk: Schachspeel - Wiki Plattdüütsch
- Lågsaksisk: Skaakn - Wiki Nedersaksies
- Nepalsk: बुद्धिचाल - Wiki नेपाली
- Newari: चेस - Wiki नेपाल भाषा
- Nederlandsk: Schaken - Wiki Nederlands
- Norsk bokmål: Sjakk - Wiki Norsk bokmål
- Novial: Shake - Wiki Novial
- Nordsotho: Moruba wa sekgowa - Wiki Sesotho sa Leboa
- Oksitansk: Escacs - Wiki Occitan
- Livvisk: Šahmuattukiža - Wiki Livvinkarjala
- Odia: ଚେସ - Wiki ଓଡ଼ିଆ
- Ossetisk: Шахмæттæ - Wiki ирон
- Panjabi: ਸ਼ਤਰੰਜ - Wiki ਪੰਜਾਬੀ
- Pitkairnsk: Ches - Wiki Norfuk / Pitkern
- Polsk: Szachy - Wiki Polski
- Vestpunjabi: شطرنج - Wiki پنجابی
- Pashto: سترنج - Wiki پښتو
- Portugisisk: Xadrez - Wiki Português
- Quechua: Qhapaq chunkana - Wiki Runa Simi
- Retoromansk: Schah - Wiki Rumantsch
- Rumensk: Șah (joc) - Wiki Română
- Russisk: Шахматы - Wiki русский
- Rusinsk: Шахы - Wiki русиньскый
- Sanskrit: चतुरङ्गक्रीडा - Wiki संस्कृतम्
- Sakha: Саахымат - Wiki саха тыла
- Santali: ᱪᱮᱥ - Wiki ᱥᱟᱱᱛᱟᱲᱤ
- Sardinsk: Iscacos - Wiki Sardu
- Siciliansk: Scacchi - Wiki Sicilianu
- Skotsk: Chess - Wiki Scots
- Nordsamisk: Šáhkka - Wiki Davvisámegiella
- Serbokroatisk: Šah - Wiki Srpskohrvatski / српскохрватски
- Singalesisk: චෙස් - Wiki සිංහල
- Enkel engelsk: Chess - Wiki Simple English
- Slovakisk: Šach (hra) - Wiki Slovenčina
- Slovensk: Šah - Wiki Slovenščina
- Albansk: Shahu - Wiki Shqip
- Serbisk: Шах - Wiki српски / srpski
- Sundanesisk: Catur - Wiki Sunda
- Svensk: Schack - Wiki Svenska
- Swahili: Sataranji - Wiki Kiswahili
- Schlesisk: Szachmaty - Wiki ślůnski
- Tamil: செங்களம் - Wiki தமிழ்
- Telugu: చదరంగం (ఆట) - Wiki తెలుగు
- Tadsjikisk: Шатранҷ - Wiki тоҷикӣ
- Thai: หมากรุกสากล - Wiki ไทย
- Tigrinja: ቸስ - Wiki ትግርኛ
- Turkmensk: Küşt - Wiki Türkmençe
- Tagalog: Ahedres - Wiki Tagalog
- Tyrkisk: Satranç - Wiki Türkçe
- Tatarisk: Шахмат - Wiki татарча / tatarça
- Ukrainsk: Шахи - Wiki українська
- Urdu: شطرنج - Wiki اردو
- Usbekisk: Shaxmat - Wiki Oʻzbekcha / ўзбекча
- Venetiansk: Scachi - Wiki Vèneto
- Vepsisk: Šahmatad - Wiki Vepsän kel’
- Vietnamesisk: Cờ vua - Wiki Tiếng Việt
- Volapyk: Cög - Wiki Volapük
- Waray: Chess - Wiki Winaray
- Wu: 国际象棋 - Wiki 吴语
- Kalmykisk: Шатр - Wiki хальмг
- Xhosa: Itshesi - Wiki IsiXhosa
- Mingrelsk: ჭარდაკი - Wiki მარგალური
- Jiddisk: שאך (שפיל) - Wiki ייִדיש
- Zhuang: Geizciengh Gozci - Wiki Vahcuengh
- Kinesisk: 國際象棋 - Wiki 中文
- Minnan: Kok-chè chhiūⁿ-kî - Wiki Bân-lâm-gú
- Kantonesisk: 國際象棋 - Wiki 粵語
- Zulu: Uthimba - Wiki IsiZulu