Kvitveis, kvitsymre eller geitsymre (Anemone nemorosa) er ei fleirårig urt i soleiefamilien.
Kvitveis | |
Kvitveis | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Slekt: | Anemone |
Art: | Kvitveis A. nemorosa |
Vitskapleg namn | |
Anemone nemorosa |
Dei kvite blomane hennar pregar skogbotnen kvar vår, i Noreg i april-mai. Kvitveis er giftig. Symrenamnet speglar attende på at planta har vore eit merke for når geitene kunne sleppast ut på beite. Når geitsymra blomstra var sumarsesongen i gang for geitene, og seinare, når kusymra blomstra, kunne kyrne starte sin sumarsesong ute på beite.
Planten vert 7-20 cm høg og dannar store bestandar. Han er spesielt tilpassa livet i lauvskogar. Dei kvite blomane spring ut før blada på trea, og blir slik dei første til å utnytta næringsstoff som er blitt frigjorte i løpet av vinteren. Når lauvet spring visnar kvitveisen, og jordstenglane tek vare på næringa til neste år.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kvitveis, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.